Jet Li

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jet Li
Jet Li cropped.JPG
Fødd 26. april 1963
Beijing
Jet Li på Commons

Li Lianje (fødd 26. april 1963), kjend som Jet Li, er ein kinesisk filmskodespelar, regissør og produsent. Han er også kampsportutøvar og tidlegare wushumeister. Han har også teke singaporsk statsborgarskap.[1]

Etter å ha trekt seg tilbake frå wushu som nittenåring gjorde Jet Li det stort som skodespelar med filmar som Shaolin Temple (1982), Hero, (2002) og filmserien Once Upon a Time in China, der han spelte folkehelten Wong Fei-hung. Li si første rolle i ein ikkje-kinesisk film var som skurk i Lethal Weapon 4 (1998), og hans første hovudrolle i ein Hollywood-film var som Han Sing i Romeo Must Die (2000). Han har spelt inn ei rekkje actionfilmar, som Le Baiser mortel du dragon og Unleashed av Luc Besson, The One (2001) og The Forbidden Kingdom (2008) med Jackie Chan, dei tre The Expendables-filmane med Sylvester Stallone, og i tittelrolla i The Mummy: Tomb of the Dragon Emperor (2008).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jet Li blei fødd i Beijing som den yngste av to gutar og to jenter. Faren døydde då han var to, og familien hadde det vanskeleg.[2] Då han var åtte blei wushu-talentet hans oppdaga på sommarskule, og han byrja å trena.[3] Etter tre år med trening under Wu Bin og Li Junfeng, vann Li eit av femten gull for Beijing Wushu Team. Han konkurrerte mot vaksne frå han var svært ung, og vann første gong som tolvåring. Han trekte seg tilbake då han var nitten.

Li har meistra fleire wushu-stilar, særleg changquan (nordleg langneve-stil) og fanziquan (fallande neve). Han har også lært former som baguazhang, taijiquan, xingyiquan, zui quan, yingzhaoquan og tanglangquan. Han lærte ikkje nanquan (sørleg neve) ettersom treninga berre fokuserte på nordlege Shaolin-stilar. Han har også trent hovudvåpena i wushu, som sanjiegun, gùn, dao, jian og fleire andre.[4] Meistringa av autentiske kampformer bidrog til Jet Li si ber;mming i heimlandet og i verda.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.