Jevgenij Bulantsjik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenij Bulantsjik
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 3. april 1922
Horlivka
Død

17. november 1995 (73 år)
Kyiv

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen, 2. klasse av Fedrelandskrigens orden

Jevgenij Bulantsjik (3. april 192217. november 1995) var ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Horlivka som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1954 europameister på 110 meter hekk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Under EM i friidrett 1950 i Brussel vann Bulantsjik sitt forsøksfelt på korthekken tida 14,8 sekund. I finalen mislukkast han og vart sjette- og sistemann på 15,2. To år seinare i Helsinki var han den einaste europearen som tok seg til OL-finalen på 110 m hekk. Der vart nummer 4, slått av Harrison Dillard og to andre karar frå USA. I august 1954 vann Bulantsjik gullmedaljen på korthekken på tida 14,4 sekund då EM i friidrett 1954 vart avvikla i sveitsiske Bern.

Kvart einaste år frå 1948 til 1955 vart Bulantsjik sovjet-meister på 110 meter hekk. Sitt livsbeste på 14,1 sekund oppnådde han i september 1952 i Dusjanbe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]