Jevgenij Misjakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenij Misjakov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 22. februar 1941
Nikitkino
Død

30. mai 2007 (66 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1972

Utmerkingar

«Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Jevgenij Misjakov (22. februar 194130. mai 2007) var ein russisk ishockeyspelar frå ein landsby i Moskva oblast. Perioden 1968-72 vann han to OL-gull og tre VM-gull for Sovjetunionen.

Angrepsspelaren Misjakov vart olympisk meister med det sterke sovjetmannskapet som gjekk til topps i ishockey-turneringa under vinterleikane 1968 i Grenoble. Dei neste tre åra vart han verdsmeister med mykje det same sovjetlandslaget. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo forsvarte Misjakov og lagkameratane den olympiske meistertittelen, derimot måtte dei sjå seg slått av TsjekkoslovakiaIshockey-VM 1972 vart avvikla i Praha i april 1972.

Misjakov spelte perioden 1960-63 ein sesong på kvar av ishockeylaga Spartak Kaluga, Spartak Moskva og Tver HK. Frå 1963 gjorde han teneste i CSKA Moskva til han la opp i 1974. Med CSKA sanka han åtte seriemeisterpokalar og fem cupmeistertitlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]