Jevgenija Kolodko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jevgenija Kolodko


Statsborgarskap Russland
Fødd 22. juli 1990 (33 år)
Nerjungri
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse

Jevgenija Nikolajevna Kolodko (fødd 22. juli 1990) er ein russisk tidlegare kulestøytar frå Nerjungri. Ho tok sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2014. To år tidlegare fekk ho sølv under Sommar-OL 2012, ein medalje som vart annullert i 2016.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kolodko vart russisk meister i kulestøyt 2011 og sigra same året i øvinga også ved U23-EM i Ostrava. I verdsmeisterskapen 2011 sette ho personleg rekord med 19,78 meter og vart nummer fem. Under dei olympiske leikane i London i 2012 kom ho på tredjeplass, men ei veke etter vart ho flytta til sølv då den opphavlege vinnaren, kviterussiske Nadzeja Ostaptsjuk, vart hekta for doping. I 2016 strauk IOK også Kolodko frå den same resultatlista.

Den 17. august 2014 støytte Kolodko 19,39 m ved EM-finalen 2014, eit årsbeste som gav henne sølvmedaljen, ein halvmeter bak den tyske gullmedaljøren Christina Schwanitz.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Då dopingprøvene frå Sommar-OL 2012 vart retesta i 2016 fann ein at Kolodko hadde nytta det anabole steroidet Oral-Turinabol og veksthormonet Ipamorelin. Alle hennar resultat i perioden 6. august 2012 til 5. august 2014 vart annullert og ho vart utestengt i to år frå 2. juli 2016. Ho kom ikkje tilbake i tevling.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

I 2015 gifta Kolodko seg med den kanadiske kulestøytaren Dylan Armstrong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]