Jhelum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jhelum-elva.

Koordinatar: 32°55′56.406″N 73°43′32.315″E

Jhelum
جہلم
by
Land  Pakistan
Distrikt Panjab
Folketal 145 850  (1998[1])
Kart
Jhelum
32°55′0″ N 73°43′0″ E
Wikimedia Commons: Jhelum
Moské i Jhelum

Jhelum (uttalt dʒe:ləm) er ein by i Panjab i Pakistan. Han har kring 145 000 innbyggjarar (1998). Byen ligg ved vestbreidda av elva Jhelum, rundt 10 mil søraust for Rawalpindi.[1]

Historisk er staden knytt til Aleksander den store, som skal ha kryssa elva Jhelum her. Ein har også spekulert i om gamlebyen her, på den andre sida av elva, er den same som Bukefala, byen Aleksander grunnla til minne om hesten sin på 300-talet f.Kr.[1][2]

Dei viktigaste næringsvegane i Jhelum er tekstilproduksjon og tømmerhandel[1] med tilknytte sagbruk og papirfabrikkar. Byen har både veg- og jernbanebru over elva Jhelum, og har transport til Peshawar og Lahore både gjennom jernbanen og hovudvegen, Grand Trunk Road.[2]

Det finst fleire høgskular i byen med tilknyting til Universitetet i Panjab.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jhelum: by i Pakistan», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Jhelum», Encyclopædia Britannica, henta 29. april 2016