Hopp til innhald

Jim Dickinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Dickinson

Dickinson i 2009
Fødd15. november 1941(1941-11-15)
FødestadLittle Rock i Arkansas
Død15. august 2009 (67 år)
DødsstadMemphis i Tennessee
FødenamnJames Luther Dickinson
OpphavUSA
InstrumentPiano, vokal, gitar
Verka somPlateprodusent, musikar og songar
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Producer/Engineer

James Luther Dickinson (15. november 194115. august 2009) var ein amerikansk plateprodusent, pianist og songar som mellom anna fronta bandet Mud Boy and the Neutrons, basert i Memphis i Tennessee.

Seint i 1960-åra slo Dickinson seg saman med andre musikarar i Memphis, Charlie Freeman (gitar), Michael Utley (klaverinstrument), Tommy McClure (bass) og Sammy Creason (trommer) og dei kalla seg The Dixie Flyers. Dei akkompagnerte ymse artistar, som Bettye LaVette, Hank Ballard, James Carr, Albert Collins og The Tempters.

I 1970 byrja gruppa å akkompagnere soulartistar i stallen til Atlantic Records, særskild under produsenten Jerry Wexler. Dei spelte her mellom anna med Aretha Franklin på hitten hennar «Spirit in the Dark», i tillegg til Carmen McRae, Delaney & Bonnie, Jerry Jeff Walker, Dee Dee Warwick, Ronnie Hawkins, Sam & Dave, Dion, Brook Benton, Lulu, Sam the Sham og Esther Phillips.

Dickinson gav ut det første soloalbumet sitt, Dixie Fried, på Atlantic i 1972. I løpet av 1970-åra byrja han òg å arbeide som produsent, og spelte inn Big Star sitt Third i 1974, og var medprodusent med Alex Chilton på Chilton-albumet Like Flies on Sherbert i 1979. Han har produsert innspelinga for artistar så forskjellige som Willy DeVille, Green on Red, Mojo Nixon, The Replacements, Tav Falco's Panther Burns, Toots and the Maytals og Screamin' Jay Hawkins.

Som studiomusikar spelte han piano med Rolling Stones på innspelinga deira av «Wild Horses» i Muscle Shoals Sound Studio i desember 1969, bidrog til Flamin' Groovies-albumet Teenage Head i 1971; arbeidde med Ry Cooder på fleire av albuma hans frå 1972, og spelte inn ein enkel singel («Red Headed Woman») med The Cramps i 1984. Dickinson spelte elektrisk piano og pumpeorgelBob Dylan-albumet Time Out of Mind i 1997.[1]

Dickinson døydde 15. august 2009 på eit sjukehus i Memphis etter ein hjarteoperasjon.[2]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Dixie Fried (1972, Atlantic)
  • A Thousand Footprints in the Sand (live) (1997, Last Call/Sony, France)
  • Free Beer Tomorrow (2002, Artemis)
  • Jungle Jim and the Voodoo Tiger (2006, Memphis Int'l)
  • Fishing with Charlie (Spoken Word) (2006, Birdman)
  • Killers from Space (2007, Memphis Int'l)
  • Dinosaurs Run in Circles (2009, Memphis Int'l)
  • I'm Just Dead, I'm Not Gone (2012, Memphis Int'l)

Med Mudboy and the Neutrons

[endre | endre wikiteksten]
  • Known Felons in Drag (1986, New Rose)
  • Negro Streets at Dawn (1993, New Rose)
  • They Walk Among Us (1995, Koch)

Med Raisins in the Sun

[endre | endre wikiteksten]
  • Raisins in the Sun (2001, Rounder)

Som kompilator

[endre | endre wikiteksten]
  • Beale Street Saturday Night (1979, Memphis Development)
  • Delta Experimental Project Vol. I (1988, New Rose/Fan Club, France)
  • Delta Experimental Project Vol. II (1990, New Rose/Fan Club, France)
  • Delta Experimental Project Vol. III (2003, Birdman)
  1. Margotin, Philippe; Guesdon, Jean-Michel (2015). Bob Dylan : all the songs : the story behind every track. New York: Black Dog & Leventhal. s. 618–619. ISBN 978-1579129859. OCLC 869908038. 
  2. Mehr, Bob. «Memphis Musikar Jim Dickinson Dies at 67». The Commercial Appeal. Arkivert frå originalen 16. juni 2011. Henta 20. september 2020. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Dickinson, Jim (2017). I'm Just Dead, I'm Not Gone. Suarez, Ernest, ed. Jackson: University of Mississippi Press. ISBN 9781496810540. Well-written autobiography covering his first thirty years.
  • Gordon, Robert (1995). It Came from Memphis. London: Secker & Warburg. ISBN 0-436-20145-3.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]