Willy DeVille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willy DeVille
2008-02-26 Willy DeVille IMG 8267.jpg
Willy DeVille i 2008
Fødd25. august 1950(1950-08-25)
FødestadStamford, Connecticut, USA
Død6. august 2009 (58 år)
DødsstadNew York City i New York i USA
FødenamnWilliam Paul Borsey Jr.
OpphavNew York City
Aktiv1968–2009
SjangerAmericana, rock, soul, R&B , blues, cajun, latin, cabaret, mariachi, Creole, Doo-Wop, country
Instrumentvokal, gitar, munnspel, dobro, trefløyte
Tilknytte artistarMink DeVille, Fast Floyd, Jack Nitzsche, Dr. John, Doc Pomus, Van Morrison, Bruce Springsteen, Southside Johnny, Ben E. King, Mark Knopfler, Eddie Bo, Ernie K-Doe, Brenda Lee, Tom Waits, Los Lobos
PlateselskapCapitol, Atlantic, Polydor, Sky Ranch, Orleans Records, Fnac Music, Rhino, New Rose, EastWest, Discovery, Eagle
Verka somSongar-låtskrivar
Gift medToots Deville

Willy DeVille (25. august 19506. august 2009) var ein amerikansk songar og låtskrivar. Gjennom den 35 år lange karrieren sin, først med bandet Mink DeVille (1974–1986) og seinare sitt eige band, skapte Deville originale songar med røter i tradisjonelle amerikanske musikkartar. Han arbeidde med artistar innan mange sjangrar, som Jack Nitzsche, Doc Pomus, Dr. John, Mark Knopfler, Allen Toussaint og Eddie Bo. I musikken til DeVille kan ein høyre Latinske rytmar, bluesriff, doo-wop, cajunmusikk, litt fransk cabaret, og ekko frå tidleg 60-talssoul.

Mink DeVille var husbandCBGB, ein historisk nattklubb i New York City, der punkrock vart fødd i midten av 1970-åra. DeVille var med på å definere Brill Building-stilen på ny. I 1987 vart songen hans «Storybook Love» nominert til Oscarprisen. Etter han flytta til New Orleans i 1988, var han med på å setje i gang roots revival innan klassisk New Orleans R&B. Dei sjelfulle tekstane hans og utforskinga av latinske rytmar og stilar, var med på å definere ein ny musikkstil som stundom vert kalla «Spanish-Americana».[1]

DeVille døydde av bukspyttkjertelkreft den 6. august 2009 på eit sjukehus i New York, 58 år gammal.[2][3][4] Sjølv om den kommersielle suksessen hans har stige og falle gjennom åra, har ettermælet hans som låtskrivar påverka mange andre musikarar, som Mark Knopfler og Peter Wolf.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Mink DeVille:

Som Willy DeVille:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. For example, the term «Spanish-Americana appears on DeVille's MySpace Music page (Henta 13. januar 2015)
  2. Fusilli, Jim (August 7, 2009) «Willy DeVille Dies at 58». Wall Street Journal. (Henta 13. januar 2015)
  3. Editors (August 10, 2009) «Punk pioneer Willy DeVille dies». BBC News. (Henta 13. januar 2015.)
  4. Grimes, William (August 10, 2009) «Willy DeVille: Punk Rock Pioneer». The Miami Herald. (Henta 8-12-09)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]