Delaney & Bonnie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Delaney & Bonnie
Sjanger Rock
Aktive år 1967–1972
Plateselskap Stax, Elektra, Atco, Columbia/CBS. Rhino
Tidlegare medlemmer
Delaney Bramlett
Bonnie Bramlett
Eric Clapton
Duane Allman
Gregg Allman
George Harrison
Leon Russell
Carl Radle
Jim Gordon
Jim Price
Darrell Leonard
Dave Mason
Rita Coolidge
King Curtis
Bobby Whitlock
Jim Keltner
Bobby Keys
Gram Parsons

Delaney & Bonnie – som band kalla Delaney & Bonnie & Friends – var eit rock/soul-band fronta av ekteparet Delaney og Bonnie Bramlett.

Som Delaney & Bonnie & Friends var bandet særleg påverkande, der dei trekte inn og i mange tilfelle var med på å forme den framtidige musikalske retninga til medlemmar som Eric Clapton, Duane Allman, Gregg Allman, George Harrison, Leon Russell, Dave Mason, Rita Coolidge og King Curtis.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Delaney Bramlett (f. 1. juli 1939, Pontotoc County i Mississippi, USA - d. 27. desember 2008, Los Angeles) lærte å spele gitar i ung alder og flytte til Los Angeles i 1959.[1] Han vart der studiomusikar og spelte mellom anna som medlem av the Shindogs, husbandet for ABC-TV-serien Shindig! (1964–66), der òg gitarist og klaverspelar Leon Russell spelte.

Bonnie Bramlett (f. Bonnie Lynn O'Farrell, 8. november 1944, Alton i Illinois) vart tidleg ein dyktig songar, og song med bluesgitaristen Albert King berre 14 år gammal, og i Ike & Tina Turner Revue då ho var 15[2] - den første kvite Ikette «for tre dagar i ein svart parykk og Man Tan hudmørknar»[3] Ho flytte til Los Angeles i 1967, og møtte og gifta seg med Delaney seinare same året.

Kontrakt med Stax[endre | endre wikiteksten]

Delaney Bramlett og Leon Russell hadde mange kontaktar i musikkbransjen gjennom arbeidet sitt med the Shindogs, og kunne raskt danne eit band med solide, dog forbigåande, musikarar rundt Delaney and Bonnie. Dette bandet vart kjend som «Delaney & Bonnie and Friends», sidan dei stadig skifta besetning. Dei sikra seg ein platekontrakt med Stax Records, og gjorde ferdig det første albumet sitt, Home, tidleg i 1969. Trass produksjon og musikalsk støtte frå Donald «Duck» Dunn, Isaac Hayes og andre støttespelarar i Stax, vart ikkje albumet ein suksess, kanskje på grunn av dårleg marknadsføring, sidan det var eit av 27 album Stax gav ut samstundes i eit forsøk på å etablere seg på albummarknaden.[4]

Kontraktar med Elektra og Apple[endre | endre wikiteksten]

Delaney and Bonnie flytte til Elektra Records for det neste albumet sitt, Accept No Substitute (1969). Det vart heller ingen bestseljar, men Accept No Substitute skapte rykte i musikkindustrien då tidlege miksar av albumet kom ut. George Harrison tilbaud Delaney and Bonnie ein kontrakt med the Beatles sitt Apple Records - som Delaney and Bonnie signerte trass i at dei var bunden til kontrakten med Elektra. Sjølv om Apple-kontrakten etter kvart vart oppheva, førte dette til bandet kom på kant med Elektra, og bandet vart til slutt frigjort frå kontrakten med Elektra seint i 1969.[5]

Kontrakt med Atco[endre | endre wikiteksten]

Med styrken til Accept No Substitute, og etter forslag frå venen Harrison,[6] vart Eric Clapton med Delaney & Bonnie and Friends på turne i midten av 1969, som oppvarmingsband for bandet hans Blind Faith. Clapton vart raskt vener med Delaney, Bonnie og bandet deira, og føretrekte heller musikken deira føre Blind Faith sin. Han dukka ofte opp scenen med Delaney & Bonnie and Friends i denne perioden, og heldt fram å spele inn plater og turnere med dei etter at Blind Faith vart oppløyst i august 1969. Clapton hjelpte dei å få ein ny platekontrakt med hans dåverande amerikanske selskap, Atco (Atlantic) Records, og i lag med Harrison, Dave Mason og andre spelar han på det tredje albumet til Delaney and Bonnie, konsertalbumet On Tour with Eric Clapton (Atco; innspelt i Storbritannia 7. desember 1969, utgjeve juni 1970). Albumet vart deira mest suksessfulle og nådde 29. plass på Billboard-lista i USA og selde til gullplate. Clapton hyrte og Delaney and Bonnie og bandet deira til å akkompagnere seg på debutalbumet hans som soloartist, spelt inn seint i 1969 og tidleg i 1970, og produsert av Delaney.

Delaney and Bonnie heldt fram å gje ut kritikarroste album til beskjedne salstal, resten av karrieren sin. Dei neste to albuma på Atco, To Bonnie from Delaney (1970) og det nesten akustiske Motel Shot (1971) og «Never Ending Song of Love», ein singel frå Motel Shot, nådde 67. plass på singellista til Billboard i 1971. I 1970 spelte dei på Festival Express turneen i Canada i lag med Grateful Dead, the Band og Janis Joplin. Dei spelte òg på Strawberry Fields Festival, var med i Richard C. Sarafian-filmen Vanishing Point i 1971 og medverka med songen «You Got to Believe» til filmmusikken. I juli1971 spelte dei ein konsert på New York-kanalen WABC-FM (no WPLJ), akkompagnert av Duane Allman, Gregg Allman og King Curtis.

Kontrakt med CBS[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1971 starta det stormfulle forholdet[7] til Delaney and Bonnie å slå sprekker. Det neste albumet deira, Country Life vart avvist av Atco på grunn av dårleg kvalitet,[8] og Atco/Atlantic valte å selje platekontrakten til Delaney and Bonnie - inkludert masterteipane til dette albumet, til CBS. Columbia/CBS gav ut dette albumet, med ei anna sporrekkefølgje enn det som vart gjeve til Atco, som D&B Together i mars 1972. Det vart det siste albumet til Delaney and Bonnie med nye songar, sidan paret skilde seg i 1973.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Delaney og Bonnie heldt fram å arbeide i musikkbransjen, Bonnie som skodespelar i Hollywood. Det siste soloalbumet til Delaney, A New Kind of Blues, kom ut tidleg i 2008. Delaney Bramlett døydde 27. desember 2008 etter ein galleblæreoperasjon.

Bonnie hadde suksess i 1970-åra og tidleg i 1980-åra som korsongar for Elvin Bishop, Stephen Stills og The Allman Brothers Band. Ho vart etter kvart skodespelar og spelte (som Bonnie Watkins) i TV-serien Roseanne (1991–95). Det siste albumet hennar er Roots, Blues & Jazz frå 2005.

Bonnie Bramlett - live in concert in 2008

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Utanom platene dei gav ut, påverka Delaney and Bonnie mange av musikarane på si tid. Mellom anna sa Eric Clapton at «Delaney lærte meg alt om synging»[9] og Delaney har vorte sitert som personen som lærte George Harrison å spele slidegitar,[10] ein teknikk Harrisonn nytte med stor effekt gjennom solokarrieren sin. Delaney and Bonnie skreiv òg «Groupie (Superstar)», ein hit for The Carpenters i 1971; òg spelt av tidlegare Delaney and Bonnie korvokalist Rita Coolidge, Bette Midler, Sonic Youth og mange andre, og dei var med å skreiv Clapton sin «Let It Rain».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin, Greg (2002). Liner notes to the 2003 reissue of Delaney & Bonnie's album D&B Together, Columbia/Legacy/Sony Music, catalog nr. CK 85743.
  2. Martin, Greg (2002). Liner notes to the 2003 reissue of Delaney & Bonnie's album D&B Together.
  3. Holzman, Jac and Gavan Daws (1998). Follow the Music - The Life and High Times of Elektra Records in the Great Years of American Pop Culture, FirstMedia, ISBN 0-9661221-1-9, s. 271.
  4. Bowman, Rob (1997). Soulsville, U.S.A. - The Story of Stax Records, Schirmer, ISBN 0-02-860268-4, s. 175.
  5. Holzman, Jac and Gavan Daws. Follow the Music - The Life and High Times of Elektra Records in the Great Years of American Pop Culture, s. 275.
  6. Hjort, Christopher (2007). Strange Brew: Eric Clapton and the British Blues Boom, 1965-1970, Jawbone, ISBN 978-1-906002-00-8, s. 250.
  7. Holzman, Jac and Gavan Daws. Follow the Music - The Life and High Times of Elektra Records in the Great Years of American Pop Culture, s. 274.
  8. Wexler, Jerry and David Ritz (1993). Rhythm and the Blues, Knopf, ISBN 0-679-40102-4, s. 263.
  9. Wexler, Jerry and David Ritz. Rhythm and the Blues, s. 254.
  10. See the Rock and Roll Hall of Fame Web site (http://www.rockhall.com/inductee/george-harrison).