Sammy Creason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sammy Creason
Fødd27. november 1944
Død21. desember 1995
OpphavUSA
Verka somtrommeslagar

Sammy Creason (27. november 194421. desember 1995)[1] var ein USA-amerikansk trommeslagar som spelte i studio med mellom andre Tony Joe White, Kris Kristofferson og Bob Dylan.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter han var ferdig med high school flytta Creason til Memphis i Tennessee og arbeidde for bookingbyrået til Ray Brown, der han byrja å arbeide med The Spyders, som vart The Tarantulas og fekk ein liten hit med dei med instrumentalen «Tarantula».

I 1968 og 1969 spelte Creason inn to album med Tony Joe White; Tony Joe og Continued med mellom anna hitten til White, «Rainy Night in Georgia». I 1970-åra danna Creason i lag med Mike Utley, Charlie Freeman og Tommy McClure bandet Dixie Flyers og flytta til Miami for å arbeide som studioband for Atlantic Records. Der spelte dei med artistar som Aretha Franklin og Wilson Pickett. Creason arbeidde òg med B. J. Thomas, Brook Benton, Jimmy Buffett, Sam the Sham, Dr. John, Sam & Dave, Bob Dylan, Ronnie Hawkins, Charlie Rich, Dottie West, Junior Parker og Ted Nugent.[2]

Mellom 1971 og 1975 spelte Creason og the Flyers mykje for Rita Coolidge og deltok på albuma hennar Nice Feelin', The Lady's Not for Sale, Full Moon (med Kris Kristofferson, Fall into Spring, Breakaway (med Kris Kristofferson) og It's Only Love. Kristofferson gifta seg emd Coolidge, og slik vart det til at Creason spelte på fleire av Kristofferson-albuma, som Who's to Bless and Who's to Blame, Spooky Lady's Sideshow, Live at the Philharmonic, To the Bone, Shake Hands with the Devil, Easter Island og Surreal Thing, og filmmusikkalbumet A Star Is Born.

I januar 1973 spelte Creason på den første innspelinga for Pat Garrett & Billy The Kid med Bob Dylan i CBS Discos Studios i Mexico City.[3]

Gjennom venskapen til Kristofferson fekk Creason små roller i filmane Convoy (1978) og A Star Is Born (1976)[4]

Artistar spelt med[endre | endre wikiteksten]

Willie Nelson, Aretha Franklin, Tony Joe White, Kris Kristofferson, Carmen McRae, The Memphis Horns, Brook Benton, Barbra Streisand, Delbert McClinton, Rita Coolidge, Dan Penn, Esther Phillips, Delaney & Bonnie, Geoff Muldaur, Billy Swan, Tom Pacheco, Hoyt Axton, Gene Clark, Jimmy Buffett, Bob Neuwirth, Duane Allman, Donnie Fritts, Jim Dickinson, Ronnie Hawkins, Petula Clark, Jerry Jaye, Jerry Jeff Walker og Lulu.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sammy Lee Creason (1944 - 1995) - Find A Grave Memorial». Findagrave.com. Henta 24. januar 2015. 
  2. «Larry Donn's Rockabilly Days - Sammy Creason». Deltaboogie.com. Henta 25. januar 2015. 
  3. «Still On The Road : 1973 Recording Sessions» (PDF). Bjorner.com. Henta 24. januar 2015. 
  4. «Sammy Lee Creason». IMDb.com. Henta 24. januar 2015. 
  5. «Sammy Creason Credits - ARTISTdirect Music». Artistdirect.com. Henta 24. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]