Jim Fairchild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jim Fairchild
JimFairchild(by Scott Dudelson).jpg
Jim Fairchild live
Fødd8. oktober 1973
FødestadFresno i California i USA
FødenamnKirby James Fairchild
OpphavUSA
Aktiv1992-i dag
SjangerIndie rock
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarGrandaddy, Modest Mouse
PlateselskapV2, Dangerbird Records
Verka somMusikar

Jim Fairchild (fødd 8. oktober 1973)[1] er ein amerikansk musikar som er mest kjend som sologitarist i indie rock-banda Modest Mouse og Grandaddy. Han har gjeve ut soloalbum under namnet All Smiles.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jim Fairchild byrja å spela gitar då han var 14. Han har budd i Los Angeles, Chicago og Portland i Oregon der han byrja å jobbe under namnet «All Smiles».

Fairchild vart med i Grandaddy som gitarist i 1995, og blei i bandet fram til dei vart oppløyst i 2006[2].

I 2005 var Fairchild turnémedlem i Modest Mouse før Johnny Marr vart med i bandet. Han gav ut det fyrste soloalbumet sitt Ten Readings of a Warning i 2007. Albumet vart utgjeve på ein karbonnøytral måte[3]. I februar 2009 vart han med i Modest Mouse att, og var med på å skrive og spela inn albumet Strangers to Ourselves med dei i 2015. Han gav ut det andre albumet sitt, Oh for the Getting and Not Letting Go, 30. juni 2009. 17. november 2009 gav han ut EP-en Fall Never Fell. 1. mars 2011 gav Fairchild ut albumet Staylow and Mighty på sitt eige platselskap Small Aisles.

Fairchild er gift med kunstnaren Natasha Wheat[4].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som All Smiles:

Med Grandaddy:

Med Modest Mouse:

Andre utgjevingar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Family Tree Legends
  2. Exclusive - Grandaddy split up. (27. januar 2006). NME.com.
  3. All Smiles - Carbon Neutral Music. eforests. Henta 16. september 2010.
  4. Raymer, Miles. Sharp Darts: Grin and Bear It. (17. mai 2007). chicagoreader.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]