Johnny Marr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnny Marr

Johnny Marr i 2012
Fødd31. oktober 1963 (60 år)
FødestadArdwick i Manchester i England
FødenamnJohn Martin Maher
AliasJohnny Marr
OpphavStorbritannia
Aktiv1982 til i dag
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • gitarist
PrisarMOJO Awards

Johnny Marr (fødd 31. oktober 1963 som John Martin Maher) er ein engelsk musikar, låtskrivar og songar. Mellom 1982 og 1987 var han gitarist og medlåtskrivar, med Morrissey, i rockebandet The Smiths. Musikkjournalistar har kalla dei det viktigaste alternative rockebandet som dukka opp i Storbritannia i 1980-åra.[2] Simon Goddard i Q hevda i 2007 at the Smiths var «den mest innverknadsrike gitargruppa det tiåret» og «dei første indie-outsiderane som fekk suksess på eigne vilkår».[3] NME kåra The Smiths til «dei mest innverknadsrike artistane gjennom tidene» i ei undersøking i 2002, sjølv føre The Beatles.[4]

Marr har òg vore medlem av Electronic, ei alternative dance-supergruppe i lag med New Order-songaren og gitaristen Bernard Sumner; The The, ei engelsk gruppe med Matt Johnson; Modest Mouse, eit amerikansk indierockband[5] skipa i 1993 i Issaquah i Washington; og The Cribs, eit engelsk indierockband opphavleg frå Wakefield i West Yorkshire. I tillegg har han arbeidd mykje som studiomusikar. I 2013 gav han ut soloalbumet The Messenger (2013).

I 2013 gav NME Marr prisen «Godlike Genius» og sa: «Han var ikkje nøgd med å skrive musikkhistoria på ny med eit av dei største banda i verda, the Smiths, men har halde fram å flytte grenser og utvikle seg gjennom karrieren, og arbeidd med somme av dei beste og mest spanande artistane på planeten.»[6] Han vart stemnt fram som den fjerde beste gitaristen dei siste 30 åra i ei undersøking utført av BBC i 2010.[7] Phil Alexander, sjefsredaktør i Mojo, har skildra Marr som «utan tvil den siste store gitarstilisten i Storbritannia».[8]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Marr vart fødd John Martin Maher den 31. oktober 1963 i Ardwick i Manchester til irske foreldre frå Athy i County Kildare.[9] Familien flytta til Wythenshawe i 1972.[10] Frå 1975 gjekk han på St Augustine's Catholic Grammar School, som i 1977 vart slått saman med andre skular til St John Plessington High School.[11][12]

Marr hadde ein draum å bli profesjonell fotballspelar. Han hadde samtalar med Nottingham Forest og var på prøvespel hos Manchester City.[13]

Marr danna det første bandet sitt, The Paris Valentinos, då han var 13 år gammal, med Andy Rourke og Kevin Williams (som seinare vart skodespelar, kjend som Kevin Kennedy), og spelte for første gongen under ein jubileumsfest i Benchill i juni 1977, der dei spelte Rolling Stones- og Thin Lizzy-songar.[14] I 1979 spelte han ein enkelt konsert ved Wythenshawe Forum med eit band kalla Sister Ray og kom saman att med Rourke i eit band kalla White Dice. White Dice sende inn eit lydband til ein konkurranse organisert av NME og vann ei prøvespeling for F-Beat Records april 1980, men dei fekk ikkje kontrakt.[15]

I oktober 1980 byrja Marr på Wythenshawe College i Manchester, der han var leiar for studentsamskipnaden.[16] White Dice vart oppløyst i 1981. Marr og Rourke skipa så eit funkband, Freak Party, med Simon Wolstencroft på trommer. På denne tida møtte Marr for første gongen Matt Johnson, som han seinare samarbeidde med.[17]

The Smiths[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Smiths.

Tidleg i 1982 var Freak Party oppløyst, då dei ikkje klarte å finne ein songar. Marr vart møtt av Rob Allman, songaren i White Dice, som føreslo Steven Morrissey, ein songar i det kortvarige punkbandet The Nosebleeds. Marr traff ein felles ven og dei vitja Morrissey i huset hans i Kings Road i Stretford i mai det året.[18] Resultatet vart skipinga av The Smiths.

Den skramlande Rickenbacker- og Fender Telecaster-gitarspelinga til Marr vart synonym med musikkstilen til The Smiths. Venen til Marr, Andy Rourke, vart med som bassist, og Mike Joyce vart henta inn som trommeslagar. Dei fekk kontrakt med indie-selskapet Rough Trade Records og dei gav ut den første singelen sin, «Hand in Glove», den 13. mai 1983. I februar 1984 hadde The Smiths nok fans til gje ut det etterlengta debutalbumet som nådde heilt til andreplassen på den britiske albumlista. Tidleg i 1985 gav bandet ut det andre albumet, Meat Is Murder. Dette var meir skingrande og politisk enn føreegjengaren, og var det einaste albumet deira (utanom samlealbum) som nådde toppen av den britiske albumlista. I 1985 var bandet på lange turnear i Storbritannia og USA, medan dei spelte inn det neste studioalbumet, The Queen Is Dead.

I 1989 kåra Spin The Queen is Dead til det beste albumet gjennom tidene. Spin var ikkje aleine om å meine dette om The Smiths og albuma deira, og særleg The Queen is Dead ligg på høgt på listene over tidenes beste album. NME har til dømes omtalt The Smiths som det viktigaste rockebandet gjennom tidene. Ein rettstvist med Rough Trade forseinka albumet med nesten sju månader (det var ferdig i november 1985) og Marr byrja å bli utsliten av dei lange turenane og dei mange timane i platestudio. Han sa seinare til NME, «Eg vart særs sjuk. Då turneen faktisk var over var alt byrja å bli litt... farleg. Eg drakk meir enn eg takla.»[19] Samstundes fekk Rourke sparken frå bandet tidleg i 1986 på grunn av heroinmisbruk, men han kom inn att i bandet etter kort tid. Trass i at suksessen deira fortsette førte personlege skilnader i bandet, mellom anna eit stadig dårlegare forhold mellom Morrissey og Marr, til at bandet var nær oppløysing.

I august 1987 slutta Marr i gruppa, og bandet fann ingen gitaristar til å overta etter han. Då Strangeways, Here We Come (kalla opp etter Strangeways fengsel i Manchester) kom ut i september, var bandet oppløyst. Årsaka skal ha vore at Morrissey var misnøgd med at Marr arbeidde med andre artistar og at Marr vart stadig meir frustrert over at Morrissey var for lite fleksibel musikalsk sett. Marr diskuterte den siste innspelinga deira (B-sidene til singelen «Girlfriend in a Coma») «eg skreiv 'I Keep Mine Hidden', men eg hata 'Work Is a Four-Letter Word'. Dette var siste dropen. Eg danna ikkje ei gruppe for å spele Cilla Black-songar.»[20] I eit intervju med ein ung fan, Tim Samuels (som seinare vart BBC-journalist) sa Morrissey at mangelen på ein manager-figur og forretningsproblem var årsaka til at bandet til slutt vart oppløyst.[21]

I 1996 saksøkte Smiths-trommeslagaren Mike Joyce Morrissey og Marr då han hevda han ikkje hadde fått sin rettmessige del av plate- og konsertinntektene. Morrissey og Marr hadde fått brorparten av honorara til the Smiths og lete Joyce og Rourke få ti prosent kvar. Låtskrivarhonorara var aldri ei sak, sidan Royrke og Joyce aldri var låtskrivarar for bandet. Morrissey og Marr hevda at dei to andre medlemmane alltid hadde gått med på fordelinga av honora, men retten gav Joyce medhald og han vart tilkjent 1 million pund i tilbakebetaling og 25 % av alle inntektene frå den tida av. Sidan honorara til Smiths hadde vore frosne i to år, godtok Rourke ein mindre sum for å betale gjelda si og fortsette å få 10 %. Morrissey vart skildra av dommaren som «uærleg, gretten og upåliteleg».[22]

Marr og Morrissey har ofte sagt at dei ikkje vil gjensameine bandet. I 2005 prøvde VH1 å få bandet attendee att i showet Bands Reunited, men gav opp då programleisaren Aamer Haleem ikkje klarte å få tak i Morrissey før ein konsert. I desember 2005 vart det annonsert at Johnny Marr and the Healers skulle spele på Manchester v Cancer, ein veldedig konsert for kreftforsking organisert av Andy Rourke og produksjonsselskapet hans, Great Northern Productions.[23] Det gjekk rykte om at Smiths skulle gjensameinast, men dette vart avvist av Marr på nettsida hans.[24]

Gitarspelinga til Marr «var ei enorm brikke» for fleire Manchester-band som følgde The Smiths. The Stone Roses-gitaristen John Squire har sagt at Marr var ei stor inspirasjonskjelde.[25] Oasis-gitaristen Noel Gallagher omtalte The Smiths som ei inspirasjonskjelde, og særleg Marr, som han skildra som ein «fucking wizard», og sa at «han er unik, du kan ikkje spele det han spelar.»[26]

Etter Smiths[endre | endre wikiteksten]

Paul McCartney, The Pretenders, The The, Electronic (1987–1999)[endre | endre wikiteksten]

Marr har fortalt om ei innspeling i lag med Paul McCartney kort tid etter The Smiths vart lagt ned. Berre 23 år gammal delte han mikrofon med McCartney på «I Saw Her Standing There», noko han skildra som «ein ganske bra augneblink».[27]

I august 1987 var han ei kort stund offisielt medlem i The Pretenders. Seint i 1987 turnerte han med bandet og deltok på singelen «Windows of the World» med B-sida «1969».[28] Han slutta så i the Pretenders, og spelte inn musikk og turnerte med The The frå 1988 til 1994, og spelte inn to album med gruppa.[28] Samstundes skipa han Electronic med New Order-musikaren Bernard Sumner.[28] Electronic var aktive no og då gjennom 1990-åra og gav ut det siste albumet sitt i 1999.

Studioarbeid (1987–2002)[endre | endre wikiteksten]

I 1992 spelte han ein versjon av Ennio Morricone sin The Good, the Bad and the Ugly for NME-samlinga Ruby Trax i lag med Billy Duffy. Manchester-bandet Happy Mondays prøvde òg ein gong å få han med i bandet, men det skjedde aldri.[29]

Han har òg arbeidd som studiomusikarar og låtskrivarpartnar for artistar som Pet Shop Boys, Bryan Ferry, Billy Bragg, Kirsty MacColl, Black Grape, Jane Birkin, Talking Heads,[28] og Beck. Marr spelte gitar på fleire Pet Shop Boys-songar, og har ofte spelt på albuma deira, mellom anna på Release (2002). Han var gjestemusikar på Oasis-albumet Heathen Chemistry og var med Oasis på scenen i 2001, der han spelte på «Champagne Supernova» og «I Am the Walrus».

Johnny Marr and the Healers (2000 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

I 2000 slo Marr seg saman med trommeslagaren Zak Starkey (sonen til Ringo Starr), Cavewaves-gitaristen Lee Spencer og den tidlegare Kula Shaker-bassisten Alonza Bevan for eit nytt prosjekt, Johnny Marr and the Healers. Det tok to år å setje saman bandet, sidan Marr ønskte at medlemanne skulle bli vald ut «frå kjemi». Debutalbumet Boomslang kom ut i 2003, med alle tekstar og solovokal av Marr. Eit anna album skulle kome i april 2005, etterfølgd av ein kort turné, men Marr har sidan sagt at bandet vart lagt på ylla. Starkey har sidan vore spelt med the Who og Bevan har gått attende til Kula Shaker.

7 Worlds Collide (2001–2009)[endre | endre wikiteksten]

I 2001 spelte Marr to Smiths-songar og musikk av andre i ei supergruppe kalla 7 Worlds Collide, som bestod av medlemmar frå Pearl Jam, Radiohead, Split Enz og andre, sett saan av Neil Finn frå Split Enz og Crowded House i 2001. Dei spelte fleire konsertar i desember 2008 og januar 2009, og eit album med nye studiosongar kalla The Sun Came Out kom ut i august 2009 for å skaffe pengar for Oxfam.

Modest Mouse (2006–2009)[endre | endre wikiteksten]

Marr har òg arbeidd som plateprodusent. I 2006 byrja han å arbeide med Modest Mouse-musikaren Isaac Brock på songar som kom ut på albumet We Were Dead Before the Ship Even Sank i 2007. Bandet har sidan annonsert at Marr var fulltidsmedlem, og turnerte mykje i 2006-2007.[30] I 2008, då Modest Mouse opna for R.E.M. på sommarturneen deira i USA, spelte Marr på ekstranummera til R.E.M. for «Fall on Me», og mot slutten av turneen òg på «Man on the Moon». Marr og R.E.M.-gitaristen Peter Buck har ofte blitt samanlikna for ein liknande gitarstil.

I 2007 vart Marr utpeikt som vitjande professor i musikk ved University of Salford, der han heldt ein tale den 4. november 2008. Han har og halde fleire kurs for studentar ved universitetet.[31] I juli 2012 vart Marr æresdoktor ved University of Salford.[32]

Medan han turnerte i Los Angeles med Modest Mouse var Marr ein dag i heimestudioet til John Frusciante og medverka på albumet hans, The Empyrean. Han spelte gitar på fleire songar, som «Enough of Me» og «Central».

The Cribs (2008–2011)[endre | endre wikiteksten]

Marr spelar med The Cribs i Washington, D.C. i 2010.

I januar 2008 vart det kjend at Marr spelte med indiegruppa The Cribs. Han spelte fleire konsertar med bandet og vart fulltidsmedlem. I 2009 spelte han inn eit album med bandet kalla Ignore the Ignorant, som kom ut 7. september.[33] I april 2011 vart det stadfesta at Marr ikkje lenger var ein del av bandet.[34]

Nyare arbeid (2011 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Marr var medverkande på filmmusikken til Inception, som vart skriven og regissert av Christopher Nolan. Han spelte ein enkel gitarmelodi som vart nytta som kjenningsmelodi for hovudrolla, spelt av Leonardo DiCaprio. Komponisten Hans Zimmer skreiv resten av filmmusikken.[35]

Marr har arbeidd sidan 2007 med Fender for å utvikle og designe sin eigen gitar.[36]

Den 25. februar 2013 gav Marr ut det første soloalbumet sitt, The Messenger.[37]

Marr spelte inn musikk for The Amazing Spider-Man 2 med Hans Zimmer, Pharrell Williams, Michael Einziger og David A. Stewart.[38]

Det andre soloalbumet hans, Playland, kom ut i 2014.[39] Etter utgjevnga la han ut på verdsturné.[40]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Live albums[endre | endre wikiteksten]

Album (som bandmedlem)[endre | endre wikiteksten]

The Smiths
The The
Electronic
Johnny Marr and the Healers
Modest Mouse
The Cribs
7 Worlds Collide

Album (som gjestemusikar)[endre | endre wikiteksten]

I 1980- og 1990-åra spelte Marr på tre Billy Bragg-innspelingar. Seint i 19890-åra spelte han på album av Bryan Ferry og Talking Heads. I 1990- og 2000-åra spelte han på tre album av Pet Shop Boys, og spelte gitar og munnspel på det Xenomania-produserte albumet deira, Yes, som kom i 2009. I 1990-åra spelte han òg på album av M People, Beck og Tom Jones. I 2000-åra spelte han på album av band som Oasis, Pearl Jam, Jane Birkin, Lisa Germano, Crowded House, Girls Aloud og John Frusciante.

Album (som produsent)[endre | endre wikiteksten]

Marion[endre | endre wikiteksten]

Haven[endre | endre wikiteksten]

  • Between the Senses (2002)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til har Marr spelt på singlar av Sandie Shaw, Everything but the Girl, the Pretenders, Andrew Berry, a Certain Ratio, the Cult, Denise Johnson, Stex, the Impossible Dreamers (som produsent) og Black Grape.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Related: Associated With». Allmusic. Henta 24. september 2014. 
  2. Simon Reynolds, Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984 (London: Penguin, 2005), p. 392; and Stephen Thomas Erlewine, «The Smiths: Biography», Allmusic. Henta 14. september 2016.
  3. Simon Goddard. «The Last Rites», Q. No. 250, May 2007.
  4. «The Smiths: most influential artist ever—NME». Morrissey-Solo. 15 April 2002. Henta 14. september 2016. 
  5. «Modest Mouse for Open House». Clash. Henta 30. januar 2014. 
  6. «Johnny Marr to receive top NME honour». BBC News. 14. september 2016. Henta 14. september 2016. 
  7. «Chilis star wins Axe Factor». BBC. 30 April 2010. Henta 14. september 2016. 
  8. Mojo magazine. February 2013. Issue 231
  9. «Johnny Marr: Marr's attacks». The Independent (London). 1 October 2003. Henta 14. september 2016. 
  10. Rogan 1994, s. 16.
  11. «The Smiths». St Augustine's Grammar School Old Boys. Henta 14. september 2016. 
  12. «Brief History of St Augustine's Grammar School». www.staugs.org/history.htm. Henta 14. september 2016. 
  13. Middles, Mick (2009). Factory: The Story of the Record Label. London: Virgin Books. s. 42. 
  14. Rogan 1994, s. 22–23.
  15. Rogan 1994, s. 29–31.
  16. Rogan 1994, s. 31.
  17. Rogan 1994, s. 32–33.
  18. Rogan 1994, s. 37.
  19. Kelly, Danny (14 February 1987). «Exile on Mainstream». NME, cited at Foreverill.com. Arkivert frå originalen (http) 28. september 2007. Henta 14. september 2016. 
  20. Rogan, Johnny (November–December 1992). «The Smiths: Johnny Marr's View». Record Collector, cited at Foreverill.com. Arkivert frå originalen (http) 27. april 2007. Henta 14. september 2016. 
  21. David Tseng. ««Meat Is Murder» (from «Greenscene», 1989), page 4». Morrissey-solo.com. Henta 14. september 2016. 
  22. BBC News (11 December 1996). «Rock band drummer awarded £1m payout» (http). BBC, cited at Cemetrygates.com. Henta 14. september 2016. 
  23. Cohen, Jonathan (2005). «Smiths Members Regrouping For Cancer Benefit» (http). Billboard. Henta 15 August 2006. 
  24. «Johnny and the Healers play Manchester Versus Cancer charity concert» (http). Jmarr.com. 16 December 2005. Henta 14. september 2016. 
  25. «The Smiths: The influential alliance». BBC News. 13. mai 2003. Henta 14. september 2016. 
  26. «Noel Gallagher on the Smiths». YouTube. 10 April 2006. Henta 14. september 2016. 
  27. Wilks, Jon. «Johnny Marr on 'The Messenger'». The Grizzly Folk. Arkivert frå originalen 26. februar 2015. Henta 16. september 2016. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 http://www.nme.com/photos/johnny-marr-s-10-greatest-riffs/340242
  29. «Johnny Marr's Happy Mondays Kidnap». YouTube. Henta 14. september 2016. 
  30. «Isaac Brock Collaborating With Johnny Marr». Billboard.com. Henta 14. september 2016. 
  31. «Johnny Marr appointed visiting professor». University of Salford. 18 October 2007. Henta 16. september 2016. 
  32. Qureshi, Yakub (20. juli 2012). «Ex-Smiths guitarist Johnny Marr honoured by Salford University for services to pop music». Manchester Evening News. Arkivert frå originalen 28. juli 2012. Henta 16. september 2016. 
  33. «Cribs announce new album title and tracklisting – video». 
  34. «The Cribs back to a 3 piece». Thecribs.com. 14. september 2016. Arkivert frå originalen 16. april 2011. Henta 14. september 2016. 
  35. Martens, Todd (16. september 2016). «Hans Zimmer and Johnny Marr talk about the sad romance of Inception». Los Angeles Times. Henta 16. september 2016. 
  36. «Johnny Marr: This Charming Gitar». Johnny Marr: This Charming Gitar. American Songwriter. Henta 12. juli 2012. [daud lenkje]
  37. «Johnny Marr Announces Solo Debut Full-Length». Johnny Marr Announces Solo Debut Full-Length. Pitchfork Media. Henta 5. november 2012. 
  38. «Webb, Hans Zimmer Form Supergroup for 'Amazing Spider-Man 2'». The Hollywood Reporter. 31 October 2013. Henta 27. september 2014. 
  39. «Johnny Marr talks Debbie Harry and Spiderman with Absolute Radio at the NME Awards 2014». Johnny Marr talks Debbie Harry and Spiderman with Absolute Radio at the NME Awards 2014. Capital Radio. Henta 16. september 2016. 
  40. Billboard «Johnny Marr Drops North American Tour Dates, Talks New Solo Album ‘Playland’», 8. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Johnny Marr
The Smiths
Morrissey - Johnny Marr - Andy Rourke - Mike Joyce
Craig Gannon - Dale Hibbert
Diskografi
Albums: The Smiths | Meat Is Murder | The Queen Is Dead | Strangeways, Here We Come | Rank (konsert)
Samleplater gjeve ut av bandet: Hatful of Hollow | The World Won't Listen | Louder Than Bombs
Andre samleplater: Stop Me |Best...I | ...Best II | Singles | The Very Best of The Smiths
Plateselskap
Rough Trade Records