Jimmy Buffett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Buffett
Jimmy Buffett 1.jpg
Jimmy Buffett i januar 2008
Fødd25. desember 1946 (72 år)
FødestadPascagoula i Mississippi
FødenamnJames William Buffett
OpphavUSA
Aktiv1965 til i dag
SjangerGulf and Western, country, countrypop, surfemusikk, folk, rock
Instrumentvokal, gitar
Tilknytte artistarThe Margaritas, Alan Jackson, Glenn Frey, Eagles, Zac Brown Band
PlateselskapBarnaby, Dunhill, MCA, Margaritaville Records, Island, PolyGram, Mailboat, RCA
Verka somsongar-låtskrivar, filmprodusent, skodespelar
PrisarFlorida Artists Hall of Fame

James William «Jimmy» Buffett (fødd 25. desember 1946) er ein USA-amerikansk songar–låtskrivar, forfattar, skodespelar og forretningsmann. Han er mest kjend for musikken sin og i lag med bandet hans Coral Reefer Band, har Buffett spelt inn mange hitsongar, som «Margaritaville» og «Come Monday». Han har ein trufast tilhengjarskare som kallar seg «Parrotheads».

Utanom musikkarrieren er Buffett òg ein populær forfattar og er involvert i to restaurantkjedar kalla opp etter to av dei kjende songane hans, «Cheeseburger in Paradise» og «Margaritaville».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Buffett vart fødd sør i Mississippi og voks opp i Alabama, før han flytta til Nashville for å prøve seg som countrymusikar seint i 1960-åra. Etter at han fekk kontrakt med Barnaby, gav han ut albumet Down to Earth i 1970, der singelen «The Christian?» indikerte at han kanskje høyrte meir heime som protestsongar i Greenwich Village. I staden flytta han til Key West i Florida, der han gradvis utvikla seg til ein standdagdrivar og utvikla ein tropiskl folkrock stil som etter kvart skulle nå ut til store massar.

Han fekk kontrakt med ABC-Dunhill Record (seinare kjøpt opp av MCA) og gav ut det andre albumet sitt, White Sport Coat and a Pink Crustacean i 1973, med songen «Why Don't We Get Drunk» («...and screw?» i refrenget). Buffett synte ei meir tankefull side på Living and Dying in 3/4 Time i 1974, med ein song om skilsmisse, «Come Monday», som vart den første hitten hans. I 1977 gav han ut Changes in Latitudes, Changes in Attitudes med den store hitten hans, «Margaritaville», som vart det store gjennombrotet hans.

I starten av 1980-åra gav Buffett ut album ein gong i året, men dei byrja å selje dårlegare, og han prøvde seg ei kort stund på countrymarknaden igjen. Kvar sommar drog han ut på turné og dei selde særs godt, og han byrja å få ein fast tilhengjarskare, som kalla seg sjølv «Parrotheads». Buffett starta så sitt eige klesmerke kalla Margaritaville og opna den første Margaritaville-klubben sin i Key West. Han byrja òg å skrive romanar og vart ein bestseljar òg som forfattar.

Platekarrieren hans gjekk det dårlegare med, men fleire samleplater selde millionar. I 1994 fekk han suksess med eit studioalbum igjen, Fruitcakes, som vart eit av dei raskast seljande albuma hans. Dette vart etterfølgd i 1995 av Barometer Soup og Banana Wind i 1996. Året etter arbeidde BUffett med ein musikalversjon av Herman Wouk-romanen Don't Stop the Carnival i lag med forfattaren sjølv. Etter at Broadway-produsentane var lunkne gjekk oppsetjinga i seks veker i Miami i 1997.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jimmy Buffett