Glenn Frey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glenn Frey
Glenn Frey.jpg
Frey performing with Eagles in 2008.
Verkeleg namn Glenn Lewis Frey
Fødd 6. november 1948(1948-11-06)
Detroit, Michigan, US
Død

18. januar 2016 (67 år)
New York by

Instrument
  • vokal
  • gitar
  • klaverinstrument
  • munnspel
  • bassgitar
Sjanger
Aktive år 1966 til i dag
Yrke
  • Musikar
  • låtskrivar
  • produsent
  • skodespelar
  • målar
Tilknytte artistar
Plateselskap

Glenn Lewis Frey (6. november 194818. januar 2016) var ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og skodespelar, mest kjend som medlem i Eagles. Frey spelte gitar med Eagles, i tillegg til piano og klaverinstrument, og song solovokal på mange av hittane til Eagles som «Take It Easy», «Peaceful Easy Feeling», «Tequila Sunrise», «Already Gone», «Lyin' Eyes», «New Kid in Town» og «Heartache Tonight». I lag med Don Henley var han den einaste medlemmen i Eagles som har vore med heile vegen.

Etter Eagles vart oppløyst i 1980, starta Frey ein suksessrik solokarriere. Han gav ut debutalbumet No Fun Aloud i 1982 og spelte inn hittane «The One You Love», «Smuggler's Blues», «Sexy Girl», «The Heat Is On», «You Belong to the City», «True Love», «Soul Searchin'» og «Livin' Right».

Som medlem av Eagles vann Frey seks Grammyprisar og fem American Music Awards. The Eagles har seld over 120 million album verda over og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998, det første året dei vart nominert. Som soloartist og i lag med Eagles, har Frey gjeve ut 24 singlar som har nådd Topp 40 på Billboard Hot 100 i USA.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Frey var tett knytt til den tilbakelente countryrocken frå Sør-California som Eagles spelte, var opphavet til Frey langt borte både musikalsk og geografisk. Han vart fødd i Detroit og voks opp i Royal Oak i Michigan. Musikk var berre ei av dei mange interessene han hadde som barn. Han las mykje og dreiv med idrett. Han tok òg pianotimar frå han var fem år gammal.

Han byrja å spele gitar etter å ha sett the Beatles spele i 1964, og spelte i fleire amatør- og halvprofesjonelle band i Detroit i tenåra, mellom anna the Mushrooms, som vart lokalt kjende på det lokale fjernsynsshowet Robin Seymour's Swinging Time, og dei spelte fast på ein tenåringsklubb kalla the Hideout. Dei spelte òg inn ein singel, «Such a Lovely Child» for Hideout Records (produsert av den noko eldre rockeartisten Bob Seger). The Mushrooms vart oppløyst kort tid etter og Frey byrja å spele i folkrockgruppa the Four of Us. Han danna sidan to band til i Detroit, the Subterraneans og the Heavy Metal Kids. Frey fekk delta på nokre innspelinga med Seger, og 19 år gammal spelte han akustisk gitar og song korvokal på «Ramblin' Gamblin' Man» på debutplata til Seger frå 1968.[1]

Frey fann til slutt ut at Detroit ikkje var staden der han kom til å slå igjennom med musikken sin, og valte å flytte vestover til California. Her var han heldig som fekk kontakt med John David Souther, som òg hadde flytta til California frå Detroit, og som alt var ein lovande artist innan det som vart kjend som countryrock.[1] Han var saman med systera til kjærasten til Frey, og han synte Frey korleis han skulle spele og synge country, som i aukande grad var byrja å prege rocken i California. Dei to prøvde å skrive songar i lag, og fekk til og med ein forlagskontrakt som gjorde at dei klarte seg i dei seine 60-åra. Dei delte 90 dollar mellom seg i veka -- men avtalen deira vart sagt opp då dei ikkje klarte å skrive den kommersielle musikken selskapet ønskte. Men i prosessen utvikla dei ein samanhengande stil som kort tid seinare skulle bli særs attraktiv, og noko dei kunne byggje vidare på.[1]

Dei starta så gruppa Longbranch Pennywhistle, ei countryrockgruppe som fekk kontrakt med Amos Records, eit lite selskap i Los Angeles, men som nok kom litt for tidleg til å slå gjennom.[1] Debualbumet deira, med Doug Kershaw, Ry Cooder og studiomusikarane James Burton på gitar, Larry Knechtel på piano og Joe Osborn på bass, fekk aldri marknadsføringa det trengde til å bli ein suksess. Souther og Frey fortsette å spele i lag i viseklubbar i byen og området rundt, og møtte andre artistar som Jackson Browne, som då var eit tidlegare medlem av Nitty Gritty Dirt Band, og Linda Ronstadt. Etter kvart delte Frey, Souther og Browne eit hus i lag, og dei to song på demoversjonen til Browne av «Jamaica Say You Will». Browne hadde alt David Geffen som manager, og han byrja òg vere ein uformell, musikalsk rettleiar for Frey. Samstundes vart han og Southern tvungen til å avslutte gruppa si, for å kome seg ut av kontrakten med Amos Records, og begge brukte ei del tid kring viseklubben the Troubadour, som var eit mekka for visemusikarar på Vestkysten.[1] Frey ønskte å danna ei ny gruppe, men vart overtydd om å heller byrje å spele for Linda Ronstadt, som var på veg ut på turné for å marknadsføre debutalbumet sitt på Asylum Records, Silk Purse.

Frey møtte òg Don Henley, som var i eit band kalla Shiloh. Dette bandet hadde òg kontrakt med Amos Records og kom seg ingen stad. Frey overtydde han om å bli med i bandet til Ronstadt. Bandet til Ronstadt bestod ytterlegare av Randy Meisner, som nyleg hadde spelt med Rick Nelson og på albumet Rudy the Fifth, og det tidlegare Flying Burrito Brothers-medlemmet Bernie Leadon. Innan kort tid planla dei å starte for seg sjølv, utan Ronstadt. Etter ei prøvespeling føre Geffen, sidan dei ikkje hadde noko lydband å spele han, vart han manageren deira. Han fekk Frey ut av kontrakten med Amos Records og dei drog til Colorado ei tid. Der fann dei ut kva dei skulle vere og kva slags musikk dei skulle spele[1]. Dei plukka den første produsenten sin, Glyn Johns, tok namnet Eagles, og fekk kontrakt med Geffen sitt nyskipa Asylum Records.

Alle dei fire medlemmane i Eagles skreiv songar og song, men Frey og Henley vart raskt dei to med best øyre for den kommersielle sida.[1] Frey skreiv i lag med Jackson Browne og song på den første singelen deira, «Take It Easy», som nådde 12. plassen på singellista sommaren 1972, og Henley skreiv i lag med Leadon «Witchy Woman», som nådde niandeplassen på hausten. Sjølv om gruppa hadde fått generell god kritikk og salstal, med ein singel på topp 10 og eit debutalbum som nådde 22. plassen på albumlista, meinte Frey og Henley at dette ikkj var nok, og at det neste albumet deira måtte vere noko meir enn berre nokre gode melodiar og eit par radiovennlege spor.[1] Dei laga så Desperado som eit særs ambisiøst (for den tida) konseptalbum. Dette var relativt uvanleg innan countryrock.[1] Albumet gjorde det ikkje like bra som debutalbumet og hamna like utafor topp 40, og ingen av singlane gjorde det særlig bra. Dette kom hovudsakleg av den dårlege organiseringa i Asylum Records på denne tida, som vart seld og slått saman med Elektra Records.[1] Vokalen til Frey betra seg markant mellom dei to første albuma,[1] og han tok no i lag med Henley over det meste av synginga. På det tredje albumet hadde Eagles fått eit medlem til, Don Felder, som hadde ein gitarstil som gjorde stilen til bandet tøffare med ein hardare rock and roll. På denne tida hadde bandet delt seg i to grupper, med Frey og Henley i kjernen, medan Leadon var misnøgd med den nye stilen som Felder innførte. Under turneen til det neste albumet deira, One of These Nights, slutta Leadon og vart erstatta av Joe Walsh, og Meisner gjekk òg ut av bandet etter Hotel California-turneen. Frey og Henley styrte no meir eller mindre bandet og skreiv hitsinglar i lag som «One of These Nights», «Lyin' Eyes», «Take It to the Limit», «Hotel California», «New Kid in Town», «Life in the Fast Lane», «The Long Run», «I Can't Tell You Why» og «Heartache Tonight». Walsh, Felder og det nye medlemmet Timothy B. Schmit vart verande i bandet fram til 1982, då Frey og Henley enda bandet i ein lengre pause.

Frey byrja solokarrieren sin i 1982 med No Fun Aloud, og fekk eit par hitsinglar med «I Found Somebody» og «The One You Love». Han start òg ein uventa skodespelarkarriere etter The Allnighter i 1984, som gav han hitten «Smuggler's Blues», ein song som sidan inspirerte ein episode i den populære fjernsynsserien Miami Vice, der Frey var gjestskodespelar. Han hadde sidan lengre gjesteroller i seriane Wiseguy og South of Sunset i 1993. Den sistenemnde serien fekk så dårleg kritikk etter debuten at serien vart kansellert etter berre ein episode.

Den musikalske solokarrieren til Frey nådde eit høgdepunkt i 1985 med hitten «The Heat Is On», som vart nytta i filmen Beverly Hills Cop med Eddie Murphy. Frey skreiv òg «You Belong to the City» for Miami Vice. Det neste soloalbumet hans, Soul Searchin' kom ikkje ut før 1988 og gav han berre ein hitsingel, «True Love». Strange Weather, som kom ut fire år seinare, hadde ingen hitsinglar. Etter at Glenn Frey Live kom ut i 1993, vart Eagles starta opp att med den særs suksessrike Hell Freezes Over-turneen, og eit konsertalbum med same namn som toppa salslistene eit år seinare. Sidan då har han gjeve ut samlingar av tidlegare soloarbeid. Seint i 1990-åra starta Frey sitt eige plateselskap, Mission Records, i lag med advokaten Peter Lopez. Frey spelte inn det første soloalbumet sitt på kring 20 år med After Hours i 2012, ei samling klassiske, amerikanske popsongar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Albumdetaljar Listeplassering Salstrofé[2]
(salsterskel)
US
[3]
CAN
[4]
UK
[5]
SWE
[6]
SWI
[7]
1982 No Fun Aloud 32 39
1984 The Allnighter 22 57 31 40
  • US certification: Gold
1988 Soul Searchin'
  • Utgjeve: 15. august 1988
  • Selskap: MCA Records
36 37 36
1992 Strange Weather
  • Utgjeve: 23. juni 1992
  • Selskap: MCA Records
34 23
2012 After Hours
  • Utgjeve: 8. mai 2012
  • Selskap: Universal Music
116 92
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

År Albumdetaljar
1993 Glenn Frey Live
  • Utgjeve: 2. juli 1993
  • Selskap: MCA Records

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

År Albumdetaljar
1995 Solo Collection
  • Utgjeve: 28. mars 1995
  • Selskap: MCA Records
2000 20th Century Masters – The Millennium Collection
  • Utgjeve: 19. september 2000
  • Selskap: MCA Records

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering Album
US US Main US AC CAN CAN AC UK[8] AUS NZ
1982 «I Found Somebody» 31 57 27 93 No Fun Aloud
«The One You Love» 15 2 12 50 36
«Don't Give Up» 25
«Partytown» 5
1983 «All Those Lies» 41 28
1984 «Sexy Girl» 20 23 48 13 76 The Allnighter
«The Allnighter» 54
«The Heat Is On» 2 4 8 12 2 22 Beverly Hills Cop (soundspor)
1985 «Smuggler's Blues» 12 13 37 22 The Allnighter / Miami Vice (soundspor)
«You Belong to the City» 2 1 2 6 2 20 46 Miami Vice (soundspor)
1988 «True Love» 13 15 2 2 49 Soul Searchin'
«Soul Searchin'» 5
1989 «Livin' Right» 90 22
1991 «Part of Me, Part of You" 55 9 7 9 8 Strange Weather
1992 «I've Got Mine» 91 12 18
«River of Dreams» 27 57 34
1993 «Love in the 21st Century" 112
1995 «This Way to Happiness" 54 Solo Collection
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Glenn Frey på Allmusic
  2. «Gold & Platina – 18. juli 2010». RIAA. Henta 2010-07-19. 
  3. «((( Glenn Frey > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic. 6. november 1948. Henta 2010-07-19. 
  4. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2010-07-19. 
  5. «Glenn Frey». Chart Stats. Henta 2010-07-19. 
  6. Steffen Hung. «Swedish Charts Portal». swedishcharts.com. Henta 2010-07-19. 
  7. Steffen Hung. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». Hitparade.ch. Henta 2010-07-19. 
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singlar & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 215. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]