Jimmy Buffett
Jimmy Buffett | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pascagoula | ||
Død | 1. september 2023 (76 år) | ||
Dødsstad | Sag Harbor | ||
Fødenamn | James William Buffett | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965–2023 | ||
Sjanger | pop, country, softrock, countryrock, folkrock, easy listening | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Margaritas, Alan Jackson, Glenn Frey, Eagles, Zac Brown Band | ||
Plateselskap | Barnaby, Dunhill, MCA, Margaritaville Records, Island, PolyGram, Mailboat, RCA | ||
Verka som | songar, skribent, romanforfattar, flygar, songar-låtskrivar, sjølvbiograf, skodespelar, barnebokforfattar, filmprodusent, gründer, plateartist, songtekstforfattar, komponist | ||
Born | Savannah Jane Buffett | ||
Prisar | Florida Artists Hall of Fame, honorary doctor of the University of Miami |
James William «Jimmy» Buffett (25. desember 1946–1. september 2023) var ein USA-amerikansk songar–låtskrivar,[1] forfattar, skodespelar og forretningsmann. Han er mest kjend for musikken sin, og i lag med Coral Reefer Band spelte han inn mange hitsongar, som «Margaritaville» og «Come Monday». Han hadde ein trufast tilhengjarskare som kalla seg «Parrotheads».
Utanom musikkarrieren var Buffett òg ein populær forfattar og var involvert i to restaurantkjedar kalla opp etter to av dei kjende songane hans, «Cheeseburger in Paradise» og «Margaritaville».
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Buffett vart fødd i Pascagoula[2] sør i Mississippi og voks opp i Alabama, før han flytta til Nashville for å prøve seg som countrymusikar seint i 1960-åra. Etter at han fekk kontrakt med Barnaby, gav han ut albumet Down to Earth i 1970, der singelen «The Christian?» indikerte at han kanskje høyrte meir heime som protestsongar i Greenwich Village. I staden flytta han til Key West i Florida, der han gradvis utvikla seg til ein standdagdrivar og utvikla ein tropiskl folkrock stil som etter kvart skulle nå ut til store massar.
Han fekk kontrakt med ABC-Dunhill Record (seinare kjøpt opp av MCA) og gav ut det andre albumet sitt, White Sport Coat and a Pink Crustacean i 1973, med songen «Why Don't We Get Drunk» («...and screw?» i refrenget). Buffett synte ei meir tankefull side på Living and Dying in 3/4 Time i 1974, med ein song om skilsmisse, «Come Monday», som vart den første hitten hans. I 1977 gav han ut Changes in Latitudes, Changes in Attitudes med den store hitten hans, «Margaritaville», som vart det store gjennombrotet hans.
I starten av 1980-åra gav Buffett ut album ein gong i året, men dei byrja å selje dårlegare, og han prøvde seg ei kort stund på countrymarknaden igjen. Kvar sommar drog han ut på turné og dei selde særs godt, og han byrja å få ein fast tilhengjarskare, som kalla seg sjølv «Parrotheads». Buffett starta så sitt eige klesmerke kalla Margaritaville og opna den første Margaritaville-klubben sin i Key West. Han byrja òg å skrive romanar og vart ein bestseljar òg som forfattar.
Platekarrieren hans gjekk det dårlegare med, men fleire samleplater selde millionar. I 1994 fekk han suksess med eit studioalbum igjen, Fruitcakes, som vart eit av dei raskast seljande albuma hans. Dette vart etterfølgd i 1995 av Barometer Soup og Banana Wind i 1996. Året etter arbeidde BUffett med ein musikalversjon av Herman Wouk-romanen Don't Stop the Carnival i lag med forfattaren sjølv. Etter at Broadway-produsentane var lunkne gjekk oppsetjinga i seks veker i Miami i 1997.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Down to Earth (1970)
- A White Sport Coat and a Pink Crustacean (1973)
- Living & Dying in 3/4 Time (1974)
- A1A (1974)
- Havana Daydreamin' (1976)
- High Cumberland Jubilee (1976)
- Changes in Latitudes, Changes in Attitudes (1977)
- Son of a Son of a Sailor (1978)
- Volcano (1979)
- Coconut Telegraph (1981)
- Somewhere over China (1982)
- One Particular Harbour (1983)
- Riddles in the Sand (1984)
- Last Mango in Paris (1985)
- Floridays (1986)
- Hot Water (1988)
- Off to See the Lizard (1989)
- Fruitcakes (1994)
- Barometer Soup (1995)
- Banana Wind (1996)
- Don't Stop the Carnival (1998)
- Beach House on the Moon (1999)
- Far Side of the World (2002)
- License to Chill (2004)
- Take the Weather with You (2006)
- Buffet Hotel (2009)
- Songs from St. Somewhere (2013)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jimmy Buffett» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Margaritaville moves to Sirius». CNNMoney. 10. mai 2005. Henta 22. oktober 2020.
- ↑ «Jimmy Buffett's hometown of Pascagoula, Miss., is naming a bridge for him». NOLA.com (på engelsk). Associated Press. 12. september 2015. Henta 21. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Jimmy Buffett ved The Internet Movie Database (IMDb)
- http://www.parrotheadconnection.com/ Arkivert 2015-11-18 ved Wayback Machine.