Jo Ørjasæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jo Ørjasæter
Fødd 30. august 1925
Lillehammer
Død

12. juli 2006
Bærum

Yrke skribent, journalist, omsetjar
Far Tore Ørjasæter
Ektefelle Tordis Ørjasæter
Born Elin Ørjasæter, Kristin Ørjasæter

Jo Ørjasæter (30. august 192512. juli 2006) var ein norsk journalist, teater- og litteraturkritikar og sakprosaforfattar, fødd på Lillehammer.

Ørjasæter var utdanna filolog frå Oslo og USA, og arbeidde som kulturmedarbeidar i avisa Nationen i meir enn førti år. Samtidig skreiv han bøker om historia til Fjernsynsteatret, Det Norske Teatret og biografiar om Nils Collett Vogt og Nini Roll Anker. Boka om Anker skreiv han i lag med kona si, Tordis Ørjasæter.

Han var òg ein aktiv omsetjar og har blant mykje anna omsett bøker av Märta Tikkanen, Sara Lidman og Kerstin Ekman. Han fekk Kultur- og kyrkjedepartementets pris for omsetjing barne- og ungdomslitteratur tre gonger, for omsetjingane av Dei teier meg i hel av Inger Skote i 1975, for Mor er inga heks av Olov Svedelid i 1982 og Det Jamie såg av Carolyn Coman i 1997[1] For den sistnemnde fekk han òg Bastianprisen.[2]

Han var son av Tore Ørjasæter og gift med Tordis Ørjasæter.

Referansar[endre | endre wikiteksten]