Nationen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nationen
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1918
Redaktør(ar)
Ansvarleg redaktør: Irene Halvorsen
Nyhenderedaktør: Svein Ove Hansli
Politisk redaktør: Anne Ekornholmen
Språknorsk
Opplag16157
Nettstadhttp://www.nationen.no

Nationen er ei landsdekkande avis med daglege utgjevingar som omtalar seg som «distriktenes næringsavis».

Hovudkontoret til Nationen ligg på Grønland på austkanten i Oslo. Avisa har avdelingskontor i Trondheim i tillegg til medarbeidarar og frilansarar over store delar av landet.

Nationen er ei fri og uavhengig dagsavis med uttalt formål å ta vare på «bygdefolkets og distriktas økonomiske, sosiale og kulturelle interesser». Prioriterte stoffområde for avisa er næringsliv, landbruk, politikk, samferdsel og EU. Avisa hadde fram til 1980-talet ei tilknytning til Senterpartiet, men har etter den tid vore politisk uavhengig.

Nettavisa til Nationen, www.nationen.no, har over 350.000 unike brukarar i månaden. Papiravisa til Nationen er den 11. mest leste i Noreg[1] og Nationen er ei av svært få aviser som reelt sett er riksdekkande i form av å ha abonnentar i omtrent alle kommunar i heile landet.[2]

Sjefredaktør er Irene Halvorsen. Ho har vore sjefredaktør sidan 2016.

Mediehuset AS Nationen er 100 % eigd av Tun Media. Dei største eigarane i Tun Media er Tine, Norges Bondelag, Nortura, Felleskjøpet Agri, Landkreditt og Gjensidige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nationen vart grunnlagd i 1918.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:

  • 1980: 21 455
  • 1981: 21 780
  • 1982: 21 563
  • 1983: 21 648
  • 1984: 20 566
  • 1985: 20 691
  • 1986: 20 021
  • 1987: 20 370
  • 1988: 19 726
  • 1989: 21 388
  • 1990: 22 367
  • 1991: 23 011
  • 1992: 20 805
  • 1993: 20 102
  • 1994: 21 278
  • 1995: 20 278
  • 1996: 20 235
  • 1997: 19 104
  • 1998: 18 311
  • 1999: 18 307
  • 2000: 17 376
  • 2001: 18 652
  • 2002: 17 554
  • 2003: 16 987
  • 2004: 16 484
  • 2005: 17 061
  • 2006: 16 996
  • 2007: 15 871
  • 2008: 15 670
  • 2009: 14 514
  • 2010: 13 642
  • 2011: 12 824
  • 2012: 12 185
  • 2013: 11 794
  • 2014: 12 673
  • 2015: 12 954
  • 2016: 12 972
  • 2017: 13 370
  • 2018: 14 447
  • 2019: 15 309
  • 2020: 16 157[3]
Utviklinga i netto opplag for Nationen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Koronapandemien akselererer det digitale skiftet - over 1 million heldigitale abonnement», www.mediebedriftene.no (på norsk), henta 26. september 2020 
  2. 26. 09.2020, klokken 00:00 Nationen mener Nationens lederartikler, «Takk til deg som leser Nationen!», Nationen, henta 26. september 2020 
  3. «Opplagstall», www.mediebedriftene.no (på norsk), henta 26. september 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]