Joachim Andreas Stukenbrock
Utsjånad
| Joachim Andreas Stukenbrock | |||
| Direktør for Kongsberg Sølvverk | |||
| Periode | 1732-1756 | ||
|---|---|---|---|
| Fødd | 1699 | ||
| Fødestad | Blankenburg | ||
| Død | 26. september 1756 | ||
| Dødsstad | Kongsberg kommune | ||
| Etterfølgjar | Michael Heltzen | ||
Foto: A-S. Ofrim
Joachim Andreas Stukenbrock (fødd 1699 i Blankenburg i Harz i Tyskland, død 26. september 1756 i Kongsberg)[1] var ein tysk bergverksmeister (berghauptmann) og ein leiande person i norsk bergverkshistorie. Han var leiar for Kongsberg sølvverk 1732–1756 og utvikla verksemda til det største bergverket i Noreg.[1]
Stukenbrock var òg arkitekt for Kongsberg kyrkje.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Bjørn Ivar Berg. «Joachim Andreas Stukenbrock». Norsk biografisk leksikon. Henta 4. april 2015.