Kongsberg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°39′56.999″N 9°38′47.130″E

Kongsberg kyrkje
kyrkje
Kongsbergkirkefront2.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Kongsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Kongsberg
Sokn Kongsberg
Fellesråd Kongsberg
Lengd 40 5 m x 19 3 m m
Periode barokk
Arkitekt Joachim A. Stukenbrock
og Michael Heltzen
Teknikk mur
Material teglstein
Innvigd 17. september 1761[1]
Tårn Nær vestenden
Klokker 2 samt klokkespel med 24 klokker frå Olsen Nauen
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Døypefont Johan Kristoffer Hægemann (marmor frå Kommersøya)
Altartavle Integrert altarvegg med prekestolaltar av Brede Rantzau m.fl.
Orgel Gottfried Heinrich Gloger, 1765 (rest. av Jürgen Ahrend 1999–2001)
Sitjeplassar 1100 (før: 2400)
Diverse Kongestolvegg ved inngangen, takmåleri av Eric-Gustaf Tunmarck, lysekroner frå Nøstetangen mm.
Wikimedia Commons: Kongsberg kirke

Kongsberg kyrkje er ei krosskyrkje i Kongsberg kommune i Buskerud fylke som er bygd i åra frå 1740 til 1761, og vidgjeten for sitt rike interiør i rokokko. Kyrkja har grunnplan i form av ein gresk kross og fasadar av raud, upussa teglstein. Grunnflata er på om lag tusen rutemeter, og tårnet er om lag femti meter høgt. Dette den største kyrkjebygningen i landet rekna etter talet på sitjeplassar, som tidlegare var 2400, men som no er avgrensa til at ikkje fleire enn 1100 kan vere til stades i bygningen samstundes.[2]

Kongsberg kyrkje er «det ypperste eksempel på rokokkokunst her hjemme» og med sitt «praktfulle utstyr, sine til dels innebyggede gallerier og losjer, eier den lite av den andaktsstemning som hører til et kirkerom og har mer til felles med en konsertsal eller en utenlandsk operabygning» ifølgje Tybring.[3]

Den tidlegare kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kong Christian IV, som var konge over Danmark og Noreg då det vart funne sølv på Kongsberg i 1623, og sett i gang gruvedrift, fastsette at det her skulle byggjast ein kongebustad med rom for kyrkjelege handlingar. Dette rommet for kyrkjelege handlingar vart seinare avløyst av ei kyrkje. Kongebustaden gjekk tapt under ein bybrann natt til 2. oktober 1631 og vart ikkje gjenreist.[4] Snøgt vart det laga til planar for, og reist, ei krosskyrkje i tømmer med eit vesttårn med tre kyrkjeklokker. Kyrkja låg i den i nordlege delen av kyrkjegarden, og låg øst-vest om lag der Kongsberg rådhus ligg i dag.

Men det synte seg med tida at kostnadene til vedlikehald av denne nybygde kyrkja vart for store, og forfallet greip om seg. Difor gav kong Frederik IV ei løyving i 1721 frå sølvverkets kasse på 12 000 riksdalar til å byggje ny kyrkje for. Av di denne summen ikkje var stor nok til føremålet, vart likevel den skrale kyrkja ståande, og med tida enno meir forfallen. Då etterfølgjaren, kong Christian VI, vitja Kongsberg i 1733 og fekk sjå kva elendig stand kyrkja var i, vart det fart i planlegginga av den kyrkja som no står. Materiale og inventar frå gamlekyrkja vart selt. Somt vart nytta i Lyngdal kyrkje i Lyngdal i Flesberg kommune, ei lita kyrkje som var bygd i 1701. Denne kyrkja fekk mellom anna altartavla frå 1633, måla av Adam van Breen, og dekorerte takbord, som vart nytta i sakristiet.[5]

Byggjesoga[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje høyrde opphavleg til sølverket og verket stod som byggherre og kosta mykje av arbeidet.[6]

Berghauptmann (bergverksmeister) ved Kongsberg Sølvverk, Joachim Andreas von Stukenbrock, var den opphavlege arkitekten for kyrkja, og det er han som sytte for at kyrkja fekk sitt karakteristiske nøkterne, enkle ytre. Det vart etterfølgjaren hans, Michael Heltzen, som skulle komme til å stå for det rike barokkinteriøret. Saman med bilethoggar Henrik Bech og målarane Eric Gustav Tunmarck og Niels Thaaning skapte han dette hovudverket innanfor den norske rokokkoen. Sjølve snikkararbeidet, inklusive arbeidet med alterpartiet og hogginga av mellom anna to alterfigurar som no er plassert attmed orgelet, stod byggmeister Brede Rantzau for.

Kirketorget med kyrkja i nummer 1 til venstre, Amtshuset i nummer 2 rett fram og Bergseminaret i nummer 3 til høgre.
Foto: A-S. Ofrim (2014)

Joachim Andreas von Stukenbrock hadde teikningane til kyrkja klåre 29. april 1739. Allereie ein månad seinare hadde kongen godteke dei, og 3. juli 1739 vart det vedteke å gå i gang med byggjearbeida. Grunnsteinen vart lagd ned 21. april 1740 av von Stukenbrock sjølv, og hendinga heidra med 27 skotsalvar.[7] Murane stod ferdig i 1745, men skort på pengar stogga arbeidet ei tid, slik at taket ikkje var på plass før i 1749.

Etter at von Stukenbrock brått hadde døydd i 1756, tok Michael Heltzen over som både arkitekt for kyrkja, og som berghauptmann ved sølvverket. Han var fødd i Christiania (Oslo) i 1712, utdanna ved universitet i København og hadde deretter studert bergvitskap i mange år i Tyskland, der han vart kjend med rokokkoen som den tonegjevande stilarten i kunsten og arkitekturen på denne tida. Med denne bakgrunnen sytte han for at denne stilarten kom til å setje sitt sterke preg på inventaret i Kongsberg kyrkje.[8]

Kyrkjebygninga[endre | endre wikiteksten]

Kongsberg kyrkje er bygd som ei krosskyrkje etter teikningane til Stukenbrock med ei grunnflate på 1 000 kvm. Utvendig lengde er 40, 5 meter og krossarmane har ei breidd på 19, 3 meter. Nordre og søre arm er ca. 10,5 meter lange, austre og vestre 5, 8 meter.[9] Over taket ved vestre krossarm er tårnet med ei grunnflate på 9 x 9 meter. Øvst er ein åttekanta lanternin med kuppel. Kuppelen ber spir med kule og fløy med det krona monogrammet til Fredrik V og årstalet 1749.[1] Kyrkja er totalt 49,8 meter høg.[9]

Den vestre sida, tårnsida av kyrkja, ligg ut mot Kirketorget, tvers ovanfor Bergseminaret. Hovudinngangen ligg på den motsette sida mot kyrkjegarden som omkransar bygninga på tre sider.

Interiøret[endre | endre wikiteksten]

Altaret med preikestol, orgel og ei av lysekronene.
Foto: Mahlum
Det store takmåleriet av Eric Gustav Tunmarck viser «Forklarelsen på Berget». Måla av Tunmarck etter eit kopparstikk av Rafael. Nedst apostlane Peter, Jacob og Johannes og øvst Kristus i ei sky med Moses på den eine sida og profeten Elias på den andre.[10]
Foto: Concierge.2C

Interiøret i kyrkja er rekna som hovudverket innanfor den norske rokokkoen. Byggmeister Brede Rantzau stod for det meste av den meir praktiske innreiinga i kyrkjerommet. Interiøret og inventaret i kyrkja er av tre, men søyler og flater er marmorerte, ei målemetode som får dei til å skulle sjå ut som om dei er av marmor. Difor gjev interiøret i kyrkja eit blåleg, kjølig inntrykk.

Altarparti[endre | endre wikiteksten]

Altarpartiet består av altar, preikestol og orgel og er bygd mot veggjen i vestre krossarm. Utkastet til dette var ved den dansk-tyske bilethoggaren Johann Friedrich Hännel og det har ein del likheitstrekk med Christians kyrkje i København. På kvar side av altaret og preikestolen er det søyler som ber orgelgalleriet ovanfor. Ein del av arbeidet med dette vart gjort av Rantzau, og Henrik Bech stod for ornamentikken og skulpturane. Måleria er ved Johan Diderich von Dram og Niels Thaanning.[1] Det store måleriet i taket er av Eric Gustav Tunmarck.

Orgel[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er vidgjeten for det historiske orgelet frå 1765, laga av den tyske orgelbyggjaren Gottfried Heinrich Gloger etter at kontrakt om dette vart underskrive 19. juli 1760.[11] Bygginga av orgelet, som er plassert over alteret i kyrkja, tok mange år og førte til store økonomiske overskridingar. Men etter at orgelet fekk store vasskadar som fylgje av ein brann på kyrkjeloftet i 1880-åra, vart det demontert, slik at berre den barokke orgelfasaden var att av orgelet. Resten av det vart erstatta i 1928 med dåtidas nye tekniske løysingar. Men i 1994 måtte orgelet takast ut av bruk av di det var mykje feil med instrumentet, og det vart rekna som brannfarleg. Etter ei innsamlingsaksjon for å få pengar til eit gjennomgripande restaureringsarbeid som skulle sette det i stand slik det hadde vore opphavleg, fekk den tyske orgelbyggjaren Jürgen Ahrend oppgåva, og orgelet vart demontert i mai 1999. Det kunne takast i bruk att i januar 2001.

Kongestolvegg[endre | endre wikiteksten]

«Kongestolveggen»
Foto: Concierge.2C

Nærast inngangen, rett ovanfor preikestolen som befinner seg midt på motståande vegg, er «Kongestolveggen». Her er kongelosjen øvst med det danske-norske riksvåpen vakta av skulpturar av dei to tradisjonelle, danske «villmenn» med klubbar, som er skjoldhaldarane til våpenet. Under kongelosjen er losjen til Overberghauptmannen, symbolisert med arbeidarar, og nedst brurelosjen.

Døypefont[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det meste av innreiinga er av «imitert marmor», det vil seia måla treverk, er døypefonten av ekte marmor henta frå Kommersøya ved Holmestrand, kor han vart hogd av marmorbrytaren Johan Christoffer Hægemann, og skreve Hagemann. Døypefonten har låg kum med blad under botnen og rund fot. Den er 103 cm høg og har ein diameter på 71 cm. Den er plassert rett ut frå altarringen.[1]

Kyrkja har to døypefat; eit i messing frå 1500-tallet og eit i sølv. Sølvfatet blei kjøpt etter at kyrkja mottok eit gåvebrev i 1752. Gåvebrevet inneheldt ei anvising på kva som skulle stå gravert inn på fatet. Det blei ikkje følgt og døypefatet fekk ein annan inskripsjon og med årstalet 1769. Fatet er laga av Jacob Smith i Drammen og har ein diameter på 43,3 cm.[12]

Lysekroner[endre | endre wikiteksten]

Lysekronene i krystall som heng i kyrkja vart laga ved Nøstetangen glassverk ved Hokksund. Kunstnaren og gravøren Heinrich Gottlieb Köhler har stått for formgjevinga. Den største er tre meter høg, og lysarmane er rifla og vridde, med spir og pendelokkar i klart, manganraudt og koboltblått glas. Arbeidet med kronene tok til i 1759, men dei vart ikkje hengt opp i kyrkja før i 1771.

Kyrkjeklokkene[endre | endre wikiteksten]

Blå plakett på veggen på Kongsberg kyrkje.
Foto: A-S. Ofrim (2014)

Kyrkja har to kyrkjeklokker; den største med eit tverrmål på 157 cm og med ei vekt på om lag 2,5 tonn; den vesle med tverrmål på 77 cm og vekt på om lag 250 kilogram.

Dessutan er det i samband med at kyrkja var 250 år vorte montert eit klokkespel på 24 klokker støypt hjå Olsen Nauen Klokkestøperi. Klokkespelet er finansiert av det lokale næringslivet og av privatpersonar, som har fått namna sine prega inn i klokkene, og vart teke i bruk 18. september 2011 under ein folkefest på torget framfor kyrkja.

Valkyrkje[endre | endre wikiteksten]

Kongsberg kyrkje var valkyrkje i 1814 og bergmeister, leiar av Kongsberg jarnverk, Paul Steenstrup blei 4. mars vald til å representere Kongsberg på Riksforsamlinga på Eidsvoll.[13]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Sigrid Marie Christie og Håkon Christie. «Kongsberg kirke». Norges Kirker / NIKU. Henta 4. april 2015. 
  2. «Kongsberg kirke». Kongsberg kirkelige fellesråd. Henta 5. april 2015. 
  3. Tybring, Fred. (1953): Den norske kirke og kunsten gjennom seklene. En oversikt og en vurdering. Oslo: Gyldendal.
  4. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 18
  5. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 19-20
  6. Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  7. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 32
  8. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 37
  9. 9,0 9,1 Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 140
  10. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 62
  11. Kongsberg kirke - Bergstadens juvel side 86
  12. Sigrid Christie: Norges kirker, side 463
  13. Valget i Kongsberg kirke frå Arkivverket

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]