Joanie Caucus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Joanie Caucus er ein fast figur i teikneserien Doonesbury. Ho har vore med sidan om lag 1972.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Joanie vart introdusert i serien hausten 1972, medan Mike Doonesbury og venen Mark Slackmeyer var på motorsykkeltur tvers gjennom USA. Joanie var ei sliten husmor i 30-åra, som tydeleg hadde fått nok av mann og barn. Då Mike og Mark synte seg, braut ho med husmorlivet og slengde seg på sykkelen, og vart fastbuande i Walden Commune. Joanie skilde seg sidan frå mannen, og tok opp studering, noko som gav ho ein glimrande eksamen i juss. Før ho kom så langt, arbeidde ho i barnehage, der ho gjorde kva ho kunne for å overtyde småjentene om å bryte kjønnsrollemønstra. Dette førte til mange ...interessante politiske debattar i sandkassa, særleg mellom femåringane Ellie og Steve. Mike steppa inn som vikar når Joanie laut vera andre stader, og heile barneflokken var synleg frå seg då Joanie reiste til byen for å studere. Dei følgde nøye med på studiet hennar, og Ellie ringte jamleg for å oppmuntre eller trøyste, og heile barneflokken feira det då ho endeleg fekk eksamen.

Medan Joanie studerte, budde ho i lag med det svarte paret Kyle og Ginny, og vart trent i amerikansk demokrati ved å hjelpe Ginny i eit lokalval til det amerikanske senatet. Ginny tapte mot Lacey Davenport, som merkte seg Joanies evner, og gav ho fast jobb for seg. Joanie var i arbeid for Lacey til denne døydde om lag 1996.

På denne tida møtte Joanie fleire menn, mellom desse Andy Lippincott, som synte seg å vera homofil. Ho var og noko i lag med presten Scot Sloan, men enda opp med den noko yngre journalisten Rick Redfern. Dei har halde lag sidan. I 1982 fekk dei sonen Jeff, som vart offer for tidsklemma, sidan ingen av dei hadde tid til å oppdra han.

Joanie hadde dottera Joan Jr frå det første ekteskapet sitt. Ho vart til dagleg kalla J.J. Ho dukka uventa opp mot slutten av 70-talet for å "gjera opp" med mora, og har klandra ho for tapt barndom i alle år sidan. Sjølv om Joanie ikkje synte seg som idealet av ei mor, har ho tydeleg varme for Zonker Harris, som gav dette att ved å "passe på" Joanie og vurdere kjærastane hennar. Joanie har støtt vore juridisk rådgjevar for dei andre i serien om noko stod på, og tok seg slik sett av testamentet til Lacey då denne døydde.

Etter 1992 var Joanie i arbeid under Bill Clintons administrasjon. Frå 2001 har ho rekna seg som pensjonist, og er i dag ei aldrande kvinne i 70-åra. Ho har kanskje den mest omsorgsfulle rolla i teikneserien.