Doonesbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Doonesbury er ein amerikansk avis-teikneserie som har halde fram mest utan avbrekk sidan 1970. Serien er ei vidareføring av student-teikneserien Bull`s tales som vart påbyrja i 1968. Han er laga og teikna av Gary Trudeau. Serien er kjend for sin politiske satire, og har følgd amerikansk politikk i ei årrekke. Soleis var Doonesbury den første teikneserien som vann Pulitzer-prisen. Reaksjonane på dette var heller blanda.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Doonesbury krinsa frå byrjinga kring eit studentkollektiv knytt til det fiktive Walden College i Massachusetts, der hovudpersonen Michael Doonesbury studerte. Han og venene hans er typisk amerikanske sekstiåttarar, og fram til om lag 1982 var serien tufta på "student"-konseptet. Då tok Trudeau seg ein pause på to år, frå nyåret 1983 til januar 1985. I denne tida skreiv han ein musikal over same emnet, der han let hovudfigurane ta eksamen frå Walden.

Då han tok opp serien att, let han dei tidlegare studentane flytja frå Walden, stifte familie og heim, og let dei følgje med i tida. Soleis er Mike og venene hans i dag godt vaksne, midt i livet med unge vaksne born. Teiknestilen vart fornya etter denne "ferien", med meir skuggelegging og perspektiveffektar. Det vart og fleire som var saman om å teikne serien.

Forutan Mike, venen Zonker Harris (ein avdanka Hippie) og den tidlegare fotballstjerna, trafikkonstabelen og reservisten B.D. (som aldri gjekk utan hjelm før han miste beinet i Irak-krigen i 2004), er serien fylt med meir eller mindre truverdige karakterar som alle kommenterer utviklinga i det amerikanske samfunnet. Med åra har serien fått fleire tilvokstrar, som dottera til Mike, Alex, fødd inn i serien og som no tek over rolla som samfunnskommentator etter faren.

Walden[endre | endre wikiteksten]

Gary Trudeau tok namnet Walden frå boka med same namn av forfattaren Henry David Thoreau, ein av dei store amerikanske romantikarane. Sjølve Walden Commune ligg landleg til, og livet figurane levde der har spela inn mot denne boka, med undertittelen "Livet i skogane" (ei romantisk stemning som tiltalte Hippie-ånda i tida). Inne på eigedomen finst dei ein pytt, der Zonker Harris hadde det med å leike dykkar i fleire år. Pytten kalla han "Walden Puddle", ein referanse til Walden Pond som er nemnd i Thoreaus bok. Då Zonker flytte attende til Walden i lag med B.D. og huslyden hans, kom han og attende til pytten sin.

Walden University har og stått sentralt i utviklinga i serien, støtt leia av President King. Trudeau har utnytta universitetet for å kunne ytre seg satirisk om amerikansk høgare utdanning og stigande karakterinflasjon. Universitetsstandarden på Walden sokk med tida slik at Jeff Redfern, son av Joanie Caucus, kom inn der før han var ferdig på High School, og utan skikkeleg vitnemål. Universitetet kasta plassar etter folk.

Satire[endre | endre wikiteksten]

Forutan dei reint fiktive karakterane i serien, har ei rekkje samfunnstoppar og fenomen fått sine kommentarar. Satiren elles strekkjer seg heilt attende til Watergate-tida, og mellom anna er og Enron-saka, alle krigane USA har ført frå Vietnam og frametter, terroråtaka på New York, Miltbrann-redsla og mykje anna kommentert i serien. Nokre gonger syner stripa berre ein dialog som kjem utor det kvite huset, knytt til ei av desse sakene. Stundom har stripa greidd å føregripe politiske hendingar, slik som våren 1974, då Doonesbury greidde å avblåse den internasjonale oljekrisa 1973-74 fleire veker før den amerikanske presidenten sa noko om det.

Den tidvis kvasse samtidskommentaren i stripa har ført til at serien har vore sensurert ei rekkje gonger. Ei av dei mest kontroversielle stripene synte at figuren Andy Lippincott døydde av AIDS i 1990. Dette har og ført til mykje diskusjon kring serien, utan at Trudeau har halde opp av den grunn. Serien er elles kjend for å gripe pulsen på den amerikanske politiske debatten temmeleg rett på. Då President George Bush lanserte ei ny flagglov i 1989, svara Trudeau med å trykke det amerikanske flagget i ei sundagsstripe, medan Mark Slackmeyer viste til lova, som no gjorde det beint umogleg å kaste avisa, brenne ho eller rive ho i filler, alt på grunn av flagget på siste side.

Dei fleste figurane(forutan B.D. og den noko spekulative Uncle Duke) held seg på venstresida i amerikansk politikk. Alex Doonesbury har i ung alder vore med på kampanje for ei rekkje demokratiske presidentkandidatar som ikkje vann, mellom dei John Edwards. Mike dreiv med tida frå venstre til det moderate høgre, og har stemt republikansk i dei seinare åra.

ikonar[endre | endre wikiteksten]

Dei amerikanske presidentane frå Richard Nixon og frametter er vortne parodierte, gjerne med eit ikon som syner kva slag menneske dei er.

  • Nixon dukka opp som seg sjølv, men sett i rolla som bruktbilseljar.
  • President George Bush framstilt som usynleg, og vart berre merkt av med ei lita stjerne når han tala. Bakgrunnen for dette var at han som visepresident for Reagan mest aldri hadde ei eiga meining om noko som helst. Han vart sovidt synleg i ei stripe då han var ved å ytre si eiga meining før han beit det i seg og forsvann att. Heile Bush-klanen har elles vore framstilt som usynlege.
  • President Bill Clinton vart teikna som ein vaffel, etter ei avstemming mellom lesarane om korleis han skulle sjå ut. Det stod mellom vaffelen og ein mynt som stadig snudde.
  • George W. Bush er usynleg på same vis, men vart særmerkt ved ein Texas-hatt som svevde over snakkebobla. Då Irak-krigen byrja vart denne skift ut med ein romersk hjelm med fjørbusk. Denne hjelmen har sidan fått fleire og fleire bulkar ettersom støtta til presidenten og krigen hans har dala. Sistpå var hjelmen knapt til å kjenne att, og utan fjører. Etter presidentvalet i 2008 hadde hjelmen ei øks og ei pil ståande gjennom seg - eit teikn på at han var heilt slegen.
  • Visepresident Dick Cheney vart med tida teikna som keisaren i Star Wars, med svart kutte (altså nære på som vondskapen sjølv).
  • Arnold Schwartzenegger er teikna som ei diger hand, og fekk oppnamnet "herr gröpenführer" etter nokre skuldingar om seksuell trakassering på den tida han vart vald til guvernør i Kalifornia.

Meta-kommentering[endre | endre wikiteksten]

Frå om lag midt på 80-talet og frametter vart det meir og meir vanleg at figurane blanda seg i kvarandres forteljartrådar, kommenterte meir og meir direkte til lesarane, og dreiv gjøn med både stripeformatet og forfattaren, for ikkje å snakke om produksjonsmåten. Ein sekvens vart til dømes forstyrra av ei mengd skjemmande blekkflekker overalt i stripa heile veka til endes (Juni 1989). Mike og Zonker, som hadde ordet, klaga jamnt til Trudeau, sidan dei ikkje fekk sagt sitt. Ei sundagsstripe noko seinare vart tilsvarande skjemt av ein smultring og eit krus kaffi. Det har og vore vanleg at Mike og Zonker har teke pause for å svara på fanbrev og møte eventuelle spørsmål frå lesarane (gjerne ved årsskiftet). Under miltbrann-krisa vinteren 2002 stilte dei båe i vernedrakter.

Ved eitt høve lest Trudeau som han var nøydd til å bytte teiknar, og la om stilen sin, slik at Mike og dei andre klaga både på utforming og utsjånad.

Når det kjem eit omslag i politikken, gjerne i høve val, kan det og hende at ein figur (gjerne Zonker), vil kommentere på den som vann, men lyt medgje at han ikkje kan det, sidan stripa i røynda vart teikna føre valet. Ved eitt høve (sommaren 2010), byrja Boopsie og B.D. å halde avis, og dottera Samantha laut få instruksjon i korleis ein nyttar dette mediet. Ho treiv etter teikneseriesida, men Zonker råda ho frå det, sidan dei sjølve var med der, og det berre ville forvirre ho.

Ein gong handla stripa om konspirasjonsteoriar kring drapet på John F. Kennedy, der det synte seg at Unkle Duke meinte å ha noko med saka å gjera. Nett før han avslørte den store løyndomen, greip Zonker inn og hevda at teiknaren hadde fått taleforbod.

Stundom har serien hatt reprise-sekvensar, og ved eitt høve (1993) dukka Zonker opp i ei sundagsstripe for å drøfte Bill Clinton med Mike. Mike svara at han ikkje kjende til Clinton, og Zonker skjøna han hadde brote inn i ei reprise. Mike svara med å sjekke årstalet, og stadfesta at dei var i 1989. Eit meir ekstremt tilfelle synte ein repriseside frå 1929, med tidsriktig slang og klesdrakter.

Sundagsstripene har elles vore plass for vid eksperimentering og mange direkte kommentarar, forslag til utklippsleikar eller parodi på ulik reklame (produktplassering har vore parodiert). Då det vart knapt med varer og snakk om resirkulering, svara sundagsstripa med store kvite felt, og Mike som viste til at dette ville spara på blekket.

Ved eit høve (vinteren 1994) følgde stripa uteliggarane Alice og Elmont i Washington D.C., og etter fire dagar på ein nedsnødd benk, sette stripa inn eit fotografi frå Washington, for å stadfeste at det var nett så mykje snø som stripa viste. Alice kommenterte at dette vart gjort for at lesarane skulle skjøna det var sant. Ulike fotografi har dukka opp med ujamne mellomrom.

Det har vore fleire freistnader på å stogge serien på grunn av denne satiren, men kvar gong har lesarane tvinga han attende til avisene. Utdrag frå serien gjekk ei tid i bladet Larsons gale verden i Noreg, mest som ei smaksprøve.

figurar[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Doonesbury er tittelfigur i serien. Dette tyder ikkje nett at han støtt har hovudrolla. Han kom til å dele rom med B.D. på Walden, og var opphavleg den rake motsetnaden til B.D., eit drag som snart gjekk i arv til Mark og Zonker. Mike hadde arbeid i eit reklamebyrå i World Trade Center på åttitalet, og har sidan arbeidd som utviklar av ulike slag software. Han vart tidleg framstilt som ein vonlaus nerd med dårleg utvikla dametekkje (fødd i Tulsa, Oklahoma). Mike vart omsider gift med J.J. Caucus ei tid, men dette samlivet rauk, like mykje på grunn av hennar ambisjonar og livsstil. Saman har dei dottera Alex. Mike har sidan gift seg oppatt med Kim Rosenthal.
  • J.J. Caucus (Joan jr.) var gift med Mike, er performance-kunstnar med ei lang rekke mislukka prosjekt bak seg. Ho møtte Mike då ho freista å koma overeins med mora Joanie, som hadde reist frå ho. J.J og Mike var gift gjennom det meste av åttitalet, men Mike gjekk lei då kunstnaraomisjonane hennar vart for sære. Ho var då på veg attende til Zeke Brenner, men oppdaga at ho var på veg med Alex på same tida. Paret heldt i hop til Alex vart fødd. Den mest vellukka "installasjonen" hennar var då Alex vart fødd på direkte-sendt fjernsyn. Etter at ho braut med Mike, har ho vore i lag med Zeke Brenner. Dei bur for tida i Seattle, der J.J endeleg lukkast som kunstnar. Sist sett då ho møtte opp i gravferda til gamle fru Doonesbury, der ho greidde å fornærme Mike enno ein gong. Joanie og Zeke hadde elles eit av-på-forhold i fleire år. Ho braut med Zeke etter at han greidde å setja fyr på ranchen til uncle Duke, og rann beint i armane på Mike. Ho var ved å gå attende til Zeke då det synte seg at ho venta barn med Mike (Alex).
  • Kim Rosenthal var eit av mange flyktningborn frå Vietnam, som vart adoptert inn i ein jødisk familie i New York i 1975. Det første ho lærte å seia på engelsk var Big Mac, forutan alle talene guvernør Jimmy Carter heldt i primærvala våren 1976. Seinare utmerka ho seg som førstegrads skuleelev, og vart sistpå gift med Mike Doonesbury.
  • B.D. bar alltid hjelm av ulike slag, og har støtt hatt eit yrke som inneber eit av fleire liknande hovudplagg: Rugbyspelar, motorsykkelkonstabel, reservist i dei ulike krigane USA har ført, heilt opp til den siste krigen i Irak. Her vart han skada og laut amputere beinet sitt. Sidan har han vore aktiv i rehabilitering av veteranar, og har lagt bort hjelmane sine. Han har mellom anna vore støttekontakt for Toggle, som vart kjærast med Alex Doonesbury. B.D. er gift med Boopsie (Barbara Boopstein), opphavleg leiar for heiagjengen på Waldens rygbylag. B.D. har og freista lukka som manager for Boopsie då ho prøvde seg i Hollywood utan stort hell for nokon av dei. Dei har dottera Samantha, fødd 1992.
  • Phred Ngyuen er ein tidlegare vietcong-soldat som vart ven med B.D. i Vietnam. Seinare har han vore vietnamesisk sendemann til SN, og har drive utstrekt fraternisering med andre U-land på bakarste benk. Sist sett som salsmann for Nike i Vietnam.
  • Mark Slackmeyer byrja som radikal rabulist på Walden (ofte kalla "Megaphone Mark" den første tida). Etter kvart vart han radiomann og mindre og mindre radikal. Han var tidleg nytta som påskot for politisk satire, og har mellom anna stole stresskofferten til Henry Kissinger. Det var Mark som peika ut dei skuldige i Watergate-saka lenge før høyringane var over, og han gjorde det same oppatt under Iran-Contras-affæren.
  • Boopsie (Barbara Ann Boopstein), var i si tid Cheerleader på Walden. Ho er ei blond og barmfager jente, ikkje støtt med vitet der det er meint å vera. Ho trur på reinkarnasjon, og rekna med å ha lukka med seg i dette eller neste liv. Boopsie har posert for Playboy, og gjort nokre forsøk på filmkarriére i Hollywood, noko som ikkje gjekk. Ein av grunnane var at B.D. var manageren hennar.
  • Zonker Harris er det næraste ein kjem prototypen på ein hippie, attendelent kar frå California, ofte for legalisering av hasj. Zonker var støtt i konflikt med B.D. og ein god venn av Mike. Den første tida var han aktiv som spelar på B.D. sitt rugbylag og ein sann plage for kapteinen. Ei av desse stripene syner Zonker som røyker hasj under trening, noko som fekk fleire aviser til å bannlyse stripa ei tid. Seinare gjekk han inn som skribent i studentavisa på Walden der Mike var redaktør. Han har og vore profesjonell solar, og delteke i solingskonkurranse med premiering fem år på rad. I seinare år vart han barnevakt for Alex og Samantha, og "personleg trenar" for Boopsie. Zonker har og ein nevø, Zipper, som no studerer ved Walden. Zonker har vore på framsida av Newsweek som døme på Babyboom-generasjonen. Stundom bakar han hasjboller til krigsveteranar når ingen ser etter.
  • Unkle Duke er ein klassisk korrupt politikar og "diplomat", støtt ute i eit eller anna snuska erend. Duke syner stor evne til overleving, og har vore nytta når det var snakk om ulike mislykka CIA-oppdrag. Han har ein son som følgjer opp arbeidet hans. Duke er ven av Harris-familien, og blir kalla "onkel" av den grunn. Duke har vore guvernør på Amerikansk Samoa, ambassadør til Kina, og slepp oftast frå det såvidt med æra intakt. Han har og vore lobbyist for NRA, tobakksindustrien, og vart nærpå skoten av revolusjonsrådet i Iran hausten 1979. Han vart lenge rekna som daud, men kom att etter at Gisselkrisa i Iran vart løyst.
  • Honey Huan var opphavleg tolk for Mao Tse-Tung då ho møtte Duke i Kina. Etter at Mao døydde har ho hengt etter han, studerte ei tid i lag med J.J, og følgde Duke i tjukt og tynt til ho gav han opp ein gong etter 2005. Trudeau har sagt han laga Huan på grunnlag av den røynlege tolken til Mao, blanda med trekk frå figuren Marcie i teikneserien the Peanuts (Snefrid).
  • Joanie Caucus er svigermora til Mike Doonesbury, no pensjonert dommar, og høyrer til dei opphavlege innbuarane i kollektivet på Walden. Joanie stakk av frå mannen sin hausten 1972, og hoppa på Mike og Mark Slackmeyer som nett då reiste USA rundt på motorsykkel. Deretter slog ho lag med dei andre i Walden etter avrøysting. Ho er mor til J.J. Caucus, (Joan jr.) og soleis på godfot med Alex, sidan ingen av desse kan halde ut med mora/dottera lenge i venda. Joanie arbeidde ei tid i barnehage, der ho førte sterk kampanje for likestilling til stor åtgaum for småjentene. Sidan studerte ho juss ved Berkeley-universitetet, og tok eksamen i 1977. Før ho kom inn på Berkeley, var det stor lesarinteresse for studiestaden hennar, og Garru Trudeau fekk så mange lesarbrev med Joanie sitt namn på at postvesenet trudde ho budde i lag med han. Seinare vart Joanie gift med Rick Redfern, og saman har desse sonen Jeff. Ho og Rick freista lenge å løyse tidsklemma i og med at båe to hadde full jobb, og Joanie løyste saka ved å tilrå at Rick sa opp.
  • Lacey Davenport er(var) ein representant for det republikanske partiet i den amerikanske kongressen. Ho sat til ho var mange og åtti år, og framelska stor lojalitet mellom dei som jobba for ho, mellom dei Joanie, som var trufast mot ho som sjef, trass i at Joanie var demokrat av prinsipp. Lacey synte seg å ha mange liberale synspunkt, og var svært tolerant trass i alderen og det politiske grunnsynet. Ho levde og i sambuarskap med Dick Davenport, ein ihuga fuglefotograf, som døydde då han endeleg fann det sjeldsynte fuglen han hadde leita etter i årevis. Lacey fekk med tida Alzheimer, og testamenterte alt ho åtte til Alice, då hu trudde dette var søster hennar.
  • Rick Redfern er journalist av yrke, tilsett i Washington Post. Han har gjort ei lang rekkje undercover-oppdrag for avisa, og var tett på dei inste krinsane i Washington D.C under Clinton-administrasjonen, sidan kona Joanie var tilknytt der på same tid. Etter Clinton har han stort sett halde seg heime og sett etter sonen Jeff.
  • Jeff Redfern er ein typisk hacker og "slacker", som aldri dreiv det svært langt før han fekk dekkarbeid i CIA. Her oppretta han ein skjult identitet som "red rascal" (raude røvar), ein helt som kjempa mot urett i Afghanistan. Jeff skeit seg alvorleg ut då han kom til å gje femti millionar dollar til Ahmed Wali Karzai, då han trudde dette i røynda var Hamid Karzai, presidenten. Etter dette heldt han seg lågt ei tid. Jeff er kamerat med Zipper Harris på Walden.
  • Roland Hedley er journalist, i tur og orden for Time Magazine, CBS, CNN, ABC, og sistpå Fox News. Ihuga, skamlaus og sjølvgod som han er, har han dekt det meste av politiske storhendingar verda rundt i 30 år, og for det meste snakka om seg sjølv om dei han har vore på fest med. Hedley, Mark og Rick dukkar ofte opp saman på pressekonferanse i Washington. Han var ansvarleg for å få stripa bannlyst ei tid då han gjorde ei rundreise inne i hovudet til Ronald Reagan.
  • Scot Sloan er ein alternativistisk prest av sekstiåttarmodell, som driv fri forkynning med noko attåt. Han har vigd mange av ektepara i serien, Rick og Joanie, Mike og J.J., Alice og Elmont (på ein T-banestasjon).
  • Zeke Brenner er rekna som ein gåverik fyr, men gåvene er stort sett lånt frå andre. Han arbeidde ei tid for Unkle Duke, men oppnådde berre å få han erklært daud utan at det hjelpte stort. Medan Duka var borte i Iran, sytte Zeke for å setja fyr på huset hans, og tente grovt på ein biografi om Duke i same venda. Då Duke kom att, skaut han Brenner ned som takk. Brenner greidde seg, og stakk seinare av med J.J. Caucus. Alex kallar han stort sett for "onkel treskalle". Sist sett då han synte seg full i gravferda til Daisy Doonesbury.
  • Jimmy Thudpucker er ein amerikansk rockestjerne av den meir idealistiske sorten. Han kom til som ein blanding av Bob Dylan og John Denver, og har ofte synt seg uvanleg snill til stjerne å vera. Mellom anna opptrer han ofte frivillig for ei god sak. Han hoppa av showbiz seint på søttitalet, men vart teken innatt då Live Aid vart lansert i 1985. Han er nytta når det trengst kommentarar til den amerikanske musikkindustrien (Jimmy er den einaste som har kommentert grammatiske feil i teksten til We are the world).
  • Alice er ein gamal uteliggar, som nær har frose i hel ei rekkje gonger. Ho ligg på botnen av samfunnsstigen, bur ute heile året, men blir stundom teken inn av Rick og Joanie. Ho meiner mellom anna at det er Zonker og Duke som held ho ved sunt vit (sidan dei båe er lengre ute enn ho sjølv er).
  • Elmont er uteliggar som Alice, og vart med tida gift med ho. Båe held til i Lafayette Park, Washington D.C., rett utanfor Capitol Hill. Elmont nyttar mykje tid på å halde politiske taler, og er stort sett rekna som harmlaus og ganske galen.
  • Mr. Butts oppstod då Mike Doonesbury vart beden om å laga reklamekampanje for Tobakk i 1989. Dette streid mot samvitet hans, og Butts dukka opp som eit talerøyr for tobakksindustrien same natta. Sidan har han kome att med ujamne mellomrom, ikkje berre for å plaga Mike. Butts har ein makker, Mr Jay, som er ein Marihuana-rev.
  • Alex Doonesbury er dotter av Mike Doonesbury og J. J. Caucus, fødd på direktesendt fjernsyn hausten 1988, og har vakse opp med datateknologi. Ho har lang røynsle med mislukka domene-adressar, og driv gjerne valkamp for mindre vellukka demokratiske presidentkandidatar. Alex drøymer om å promotere den første svarte, lesbiske/kvinnelege presidentkandidaten i USA. Ho er for tida saman med Toggle, ein krigsskadd soldat frå Irak-kampanjen.

Figurgalleriet spenner over så godt som alle sider av det amerikanske samfunnet frå øvst til nedst, med lekkjer til film- og plateindustri, politikk, internasjonal spionasje og korrupsjon, og sosial velferd og fattigstell. Kvar einaste president frå Nixon og frametter har hatt ei rolle i stripa, som i dag er lesen av mange framståande politikarar i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]