Joe Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Hill

Joe Hill, fødd Joel E. Hägglund, også kjend som Joseph Hillström (7. oktober 187919. november 1915) var ein amerikansk arbeidar-aktivist og medlem i den radikale fagorganisasjonen IWW (Industrial Workers of the World). Han blei avretta for mord etter ei kontroversiell rettssak, og blei som martyr for arbeidarrørsla hovudperson i ein kjend folkesong etter sin død.

Hill blei fødd i Gävle i Sverige. Han utvandra til USA i 1902, der han blei ein omvandrande arbeidar. Hill slutta seg til IWW rundt 1910. Han blei IWW-aktivist, og reiste rundt for å organisere arbeidarane i fagrørsla. I dette arbeidet bruka han politiske songar han skreiv sjølv, gjerne til kjende melodiar, attåt talane han heldt. Det var han som fann på det no allment kjende uttrykket «pie in the sky», som han bruka i songen «The Preacher and the Slave».

I 1914 blei Hill tiltalt for mord. Under eit væpna ran i Salt Lake City i Utah blei to personar drepne. Hill nekta for at han hadde noko med ranet og drapa å gjere, men blei dømd. Mange både i USA og andre land meinte rettssaka og dommen var urettferdige, og hadde med Hill si verksemd som arbeidarleiar og politisk aktivist å gjere.

Hill blei avretta ved skyting den 19. november 1915. Han siste ord til vennene sine var: «Sørg ikkje, organiser!» («Don't mourn, organize!»).

Joe Hill er hugsa som ihuga fagforeiningsorganisator og for mange gode songtekster og dikt, blant dei hans eige testamente, som er på rim. Han er også hugsa på grunn av eit hyllingsdikt skrive i 1925 av Alfred Hayes med tittelen: «I dreamed I Saw Joe Hill Last Night» , som med melodi av Earl Robinson blei ein song i 1936. Denne songen er blitt framført mange gonger av kjende artistar som Paul Robeson, Pete Seeger og Joan Baez. Livet og lagnaden til Joe Hill er også filmatisert, i 1971, i filmen "Joe Hill", regissert av Bo Widerberg.

Joe Hill er blant dei mest kjende av martyrane i den amerikanske arbeidarrørsla, truleg offer for eit politisk justismord, til liks med dei italienske innvandrarane Sacco og Vanzetti1920-talet.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!