Johan Øian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Øian
Fødd 8. juli 1915
Os
Død

4. oktober 1978
Oslo

Yrke musikar, komponist, pianist

Johan Øian (fødd 8. juli 1915 i Os i Hedmark, død 4. oktober 1978) var ein norsk pianist, arrangør og komponist. Han avla organisteksamen ved Trondhjems Musikkskole med Oscar Skau som lærar. Forutan konsertoppdrag, mellom anna med Filharmonisk Selskaps Orkester, arbeidde han som musikar i NRK, der han starta i Kringkastingsorkesteret i 1946 og virka som orkesterpianist og akkompagnatør fram til han døydde. Han improviserte klaverovergangar i direktesending ved den vekentlege Meloditimen med Kringkastingsorkestret og Øivind Bergh som dirigent og programleiar. Vidare akkompagnerte og arrangerte han populærmusikk og komponerte fleire stykke for piano og orgel. Mest kjend er melodiane til Øien til fleire populære barneviser, mellom anna «Noen barn er brune» for Barnetimen, og «Nøtteliten», «Helene Harefrøken» og «Bolla Pinnsvin» til tekstar av Alf Prøysen, innspelt med hans eige ensemble i 1955. Hans «Festmarsj» og «Melodie Beguine» har oppnådd stor popularitet og er spelt inn med Kringkastingsorkestret og Øivind Bergh.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]