Johan Andreas Lippestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Andreas Lippestad
Johan Andreas Lippestad.jpg
Fødd 19. desember 1902
Oslo
Død

7. november 1961

Yrke politikar
Johan Andreas Lippestad på Commons

Johan Andreas Lippestad (19. desember 19027. november 1961) var ein norsk politikar for Nasjonal Samling, og sosialminister i Quisling si andre regjering frå 25. september 1941 til han vart permittert frå stillinga 8. oktober 1944. Som sosialminister var han saman med etterfølgjaren Christian Astrup pådrivaren for innføringa av loven om barnetrygd i Noreg.

Lippestad hadde også andre verv, som leiar for Norsk Arbeidsgiverforening frå 1941 og riksorganisasjonssjef i Nasjonal Samling (NS) frå 1941. Saman med Jonas Lie var han også ansvarleg for tvangsevakueringa av Finnmark i 1944.

Under landssvikoppgjeret i 1946 vart han dømt til livsvarig tvangsarbeid, men vart gjeven nåde i 1956.

Lippestad var son av skulemannen Johan Anton Lippestad og nevø av Emma Hjorth. Han var søskenbarn til Carl Thorvald Lippestad - oldefar til Geir Lippestad.[1]

Før andre verdskrigen hadde han ei leiande stilling ved Askim Gummivarefabrik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK TV – Hvem tror du at du er? (på norsk), henta 30. desember 2018