Johan Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Anker
Johan Anker.jpg
Fødd 26. juni 1871
Østfold fylke, Halden
Død

2. oktober 1940
Halden, Oslo

Yrke ingeniør, seglar, forretningsdrivande
Johan Anker på Commons
Grava til Johan Anker og Nini Roll Anker på Vestre gravlund i Oslo

Johan August Anker (fødd 26. juni 1871 i Halden, død 2. oktober 1940) var ein norsk ingeniør, seglbåtkonstruktør og seglar. Han var elev ved Christiania Tekniske skule, der Gustav Adolf Sindingvar ein av lærarane. Etterpå studerte han skipskonstruksjon ved den tekniske høgskulen i Berlin.

Johan Anker bygde den fyrste båten som 17-åring. Med han debuterte han i landsregattaen med ein 4. plass. I 1905 vart han båtkonstruktør ved Jensens Båtbyggeri i Vollen i Asker. Han kjøpte seg inn i verksemda som frå 1907 heitte Anker & Jensen A/S. Her vart mange av båtane Anker konstruerte bygde. I 1915 gjekk Jensen ut av verksemda, og Anker styrte henne etter det åleine.

Det internasjonale gjennombrotet som siglar fekk han då han vann Kiel-veka i 1909 med ein 12-meter (R) han sjølv hadde bygd. Han vann OL-gull i Stockholm i 1912. I 1928 var kronprins Olav kvalifisert til OL i Amsterdam med «Nornen», som Anker hadde bygd. Han overlét roret til Johan Anker, som han rekna for Noregs beste rormann. «Nornen» vann olympisk gull. Anker vann òg fleire prestisjetunge internasjonale regattaer.

Johan Anker var som siglar og konstruktør oppteken av dei internasjonale seglreglane. Han var aktivt med å utforme R-regelen som vart vedteken i London i 1906. Ved revidering av regelen i 1919 var det Anker sitt framlegg som låg til grunn. Desse reglane gjorde at konstruktøren hadde høve til å gjere båtane betre berre han fylgde visse målreglar. I tillegg til båtar i dei ulike seglklassene stod han òg bak konstruksjon og bygging av skonnertar som vart rekna som vellukka. I 1928 konstruerte han draken. Det var ein rimelegare båt som skulle gjere seglsporten meir tilgjengeleg for alle. Den båten vart svært populær, særleg etter han vart OL-båt frå 1948.

Johan Anker bygde òg redningsskøyta «Astrid Finne».

I 1930 var han styreformann i Vinmonopolet. Han var òg formann for styret i Store Norske Spitsbergen Kullkompani.

Johan Anker var gift med forfattaren Nini Roll Anker

I 1949 vart det reist eit monument over Johan Anker på Garnholmen ved Hankø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Elin Kragset Vold og Ole Engen: Johan Anker. Linjenes mester Larvik 2003
  • Jon Winge:Norske trebåter Schibsted Forlag 2007