Johan Ernst Føyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Ernst Føyn
Fødd 28. mars 1904
Død

2. november 1984

Yrke kjemikar

Johan Ernst Føyn (fødd 28. mars 1904 i Oslo, død 2. november 1984 i Oslo) var ein norsk kjemikar og havforskar. Ernst Føyn var alt før den andre verdskrigen kjend for arbeidet sitt innan radiokjemi. Seinare gjekk han over til kjemisk oseanografi, der han introduserte instrument for mellom anna kontinuerleg registrering av oksygen. Metoden hans for kjemisk reinsing av kloakkvatn er seinare vorte ålment respektert.

Han tok doktorgraden i 1938 og var professor i kjemisk oseanografi ved Universitetet i Oslo frå 1964 til 1974. Han arbeida med radioaktivitet i havet og havforureining, og utvikla ein metode for elektrolytisk reinsing av kloakkvatn.

Føyn hadde tillitsverv i Norsk kjemisk selskap, Polyteknisk Forening og i Norske havforskeres forening. I Det internasjonale råd for havforskning, ICES, var han formann i ei gruppe for kjemisk oseanografi. I Bestum idrettsforening, der han var formann i fleire periodar, var han ein av initiativtakarane til eit blømande revymiljø i 1930-åra. Idrettsarbeidet førte han òg over i ei interesse for skismøring, og han skreiv truleg den aller første vitskaplege artikkelen om dette emnet.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Radioaktivitet (saman med E. Gleditsch), i De tusen hjems bibliotek, bd. 14, 1938
  • Über einige Verhältnisse in Uranmineralien. Die Zahl der von Radium emittierten Alpha-Teilchen und das Verhältnis Actinouran – Uran, doktoravhandling, DNVA Skr. I 1938 nr. 4, 1938
  • The radioactivity of seawater (saman med B. Karlik, H. Pettersson og E. Rona), Göteborgs vetenskaps- och vitterhetssamhälles handlingar, rk. 5, Serie B 6 nr. 12, Göteborg 1939
  • The densigraph (An apparatus for continuous density recording of seawater), Fiskeridirektoratets skrifter. Serie Havundersøkelser, bd. 10 nr. 5, Bergen 1953
  • Elektrolyttisk kloakkrensing, i TU nr. 19/1956
  • Vurdering av næringssaltenes kjemi, Oslofjorden og dens forurensningsproblemer nr. 8, 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]