Johan G.B. Mejlænder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan G.B. Mejlænder
Fødd 26. oktober 1836
Død

21. september 1920 (83 år)

Johan Georg Bernhard Mejlænder (26. oktober 183621. september 1920) var ein norsk sjømann og industrileiar frå Hidra i Vest-Agder, busett i Stavanger.

Mejlænder var frå Rasvåg i Vest-Agder, der far hans var tollbetjent. Sjølv reiste han til sjøs i over 20 år. Han var gift med ei kvinne frå Stavanger og slo seg ned i byen kringom 1860. I 1879 vart han medeigar i hermetikkfabrikken Stavanger Preserving Co. og disponent i firmaet. Same året la han grunnen for den norsk sardinindustrien med å leggje brisling i matolje. For det påfunnet fekk fabrikken i 1880 gullmedalje på utstillingar både i Berlin og i Melbourne. Mejlænder leia Stavanger Preserving til etter hundreårrskiftet.

I Stavanger er Johan Georg Bernhard Mejlænder heidra med Kaptein Mejlænders gate[1] som ligg i Kalhammaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kampenturen | Stavanger kommune», www.stavanger.kommune.no (på norsk bokmål), henta 29. juli 2021