Brisling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brisling
Brisling
Brisling
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Clupeomorpha
Orden: Sildefisk Clupeiformes
Familie: Sildefamilien Clupeidae
Slekt: Sprattus
Art: Brisling S. sprattus
Vitskapleg namn
Sprattus sprattus

Brisling (Sprattus sprattus) er ein liten sildefisk som lever i Atlanterhavet ved Europakysten. Arten er viktig som matfisk, særleg i hermetikk, og vert fiska i store mengder ved kysten av Noreg og Skottland.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Brislingen liknar særs mykje på sin noko større slektning silda, men er meir samantrykt frå sidene og har ein karakteristisk kjøl av vinkla skjel under buken. Bukfinnen er festa under framkanten av ryggfinnen og har normalt sju strålar. Som mange andre planktonetarar har brislingen underbitt og tett gjellegitter.

Kroppslengda er oftast mellom 8 og 12 centimeter, men individ på opp til 18 cm er òg kjende.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Brislingen er ein stimfisk som lever pelagisk i kystnære farvatn og fjordar. Dei finst frå overflata og ned til ei djupn på om lag 150 m, der dei beitar på dyreplankton som hoppekreps. Ungfisk et òg ein del diatomear.

Gytetida til brislingen er om våren, men varierer mellom ulike stammar. Dei kan gyta både inne med kysten og til havs. Kvar ho gyt frå 2000 til 14 000 egg, som flyt fritt i vatnet til dei vert klekte etter om lag ei veke. Nyklekte larvar måler om lag 3 millimeter, og veks til full storleik på eit år. Dei vert do ikkje kjønnsmogne før dei er to år gamle. Maksimal levealder er 7-8 år.

Brislingfiske på Jelsa i 1912.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Det norske brislingfisket har gått føre seg i lang tid, og er fullt av tradisjonar. Frå særs gamalt av har folk fiska brisling med landnot i fjordane for å salta han i tønner. På 1700-talet tok ein til å setja til krydder i saltlaken og eksportera fisken som ansjos. Verkeleg fart i eksporten vart det likevel ikkje før dei tok til å preparera dei i olivenolje, slik som frå sardinfiskarane i Middelhavet. Lenge marknadsførte ein brislingen òg som sardinar, men dette er forbode no.

Norske fiskarar fiskar hovudsakleg på to brislingbestandar:brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat og kystbrisling[1]. Frå slutten av 1960-åra har det vorte fiska brisling industrielt med ringnot i Nordsjøen. Dette fisket går først og fremst til hermetikk, frå 1970-talet òg til fiskemjøl og -olje.

I 1975 vart det fiska 600 000 tonn brisling i det norske nordsjøfisket. Etter at dette vart halvert ut mot slutten av tiåret har fisket vorte kvoteregulert. I 2007 vart det teke 13 000 tonn til ein total verdi på 31 millionar kroner. Norsk raudliste 2006 reknar med at bestanden er nært truga, at det er mogleg han kan bli truga innan ti år.

I 2023 vert bestanden rekna som livskraftig. Anbefalt kvote for Brisling i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat for juli 2023-juni 2024 er 143 598 tonn. Kvoten vart auka med over 100 % frå året før. Dette hovudsakleg på grunn av auka rekruttering i 2022.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «Tema: Brisling». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 26. oktober 2022. Henta 4. mai 2023. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]