Sardin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sardin
Sardin
Sardin
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Clupeomorpha
Orden: Sildefisk Clupeiformes
Familie: Sildefamilien Clupeidae
Slekt: Sardina
Art: Sardin S. pilchardus
Vitskapleg namn
Sardina pilchardus

Sardin er ein liten sildefisk som lever i store stimar ved europakysten nord til sørlege delar av Nordsjøen. Arten er særs viktig for fisket i Sør-Europa der det årleg vert fanga 300–400 000 tonn, hovudsakleg til hermetikk.

I norske farvatn finst sardinen sporadisk ved nordsjøkysten, men er ikkje vidare vanleg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sardinen liknar mykje på sild, men har 3–5 beinstriper nedst på gjellelokket. Skjela er dessutan større og sit lausare fest til huda. Ryggen er grønaktig i motsetnad til blå som hjå silda, og rett bak gjellelokka har dei oftast ein mørk flekk.

Sardinar er små fisk som sjeldan vert større enn 20 centimeter.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Sardinen er ein stimfisk som oftast er å finna høgt oppe i vassmassane. Dei trivst best på 25–55 meters djupn om dagen og noko grunnare om natta, men kan påtreffast heilt ned til 100 m. Som så mange andre sildefisk et ho hovudsakleg små planktonkreps, men òg fiskeegg og -larvar.

Sardinar ved kysten av Nord-Europa gyter to gonger i året, om våren og hausten. Hoene produserer 50 000–60 000 egg som dei slepp ut i dei frie vassmassane. Dei 4 millimeter lange larvane vert klekte etter om lag tre døger, og veks fort dei første par åra. Når fisken vert kjønnsmogen er han vanlegvis opp mot 20 centimeter.

Bestanden i Middelhavet kan gyta heile året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hamre, Johannes & Gjøsæter, Harald: «Sardin» i Norges dyr - fiskene 2 (Cappelen 1992)
  • Sardina pilchardus i FishBase.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]