Johan Ileby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Ileby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1878
Død

13. mai 1948 (69 år)

Johan Kristian Hansen Ileby (21. oktober 187813. mai 1948) var ein norsk arbeidsformann frå Råde som var stortingsmann frå Østfold for partiet Høgre i åra 1922-27.

Ileby var son til ein gardbrukar og smed. Frå 1895 arbeidde han ei tid i steinindustrien. Sidan var han sysselsett med skipsbygging, frå 1903 som arbeidsformann ved Fredrikstad mek. Verksted.

Ileby busette seg i Bjørndalen i Glemmen herad, nærast ein bydel i Fredrikstad. Her i Glemmen var han med i heradsstyret 1919-41 og 1945, ordførar i 1922. Elles var formann 1917-19 i likningsnemnda, medlem 1922-45 i soknerådet og overformyndar i Glemmen frå 1928 til -33. Han hadde også ei rekke tillitsverv i fagrørsla, med formannsvervet i Norsk Arbeidslederforbunds avdeling 3 frå 1934 som det viktigaste.

Hausten 1921 vart han vald til å representere valkrinsen Østfold og Høgre på Stortinget, attvald tre år seinare. På Tinget var han medlem 1922-24 i Næringskomite nr 2 og 1925-27 i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]