Johan Ludvig Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Ludvig Heiberg
J L Heiberg.jpg
Fødd 14. desember 1791
København
Død

25. august 1860
Ringsted kommune

Yrke matematikar, lyrikar, skribent, litteraturkritikar, universitetslærar, skodespelforfattar, filosof
Far Peter Andreas Heiberg
Mor Thomasine Gyllembourg
Ektefelle Johanne Luise Heiberg
Johan Ludvig Heiberg på Commons

Johan Ludvig Heiberg (14. desember 179125. august 1860) var ein dansk dramatikar og mektig kritikar frå København. Han var 1849-56 sjef for Det kongelige Teater i København.

Heiberg var frå 1822 til -25 lektor i dansk ved universitetet i Kiel. Han vart der kjend med filosofien til Georg Wilhelm Friedrich Hegel, noko som vart skiljesetjande for synet hans på kunst og kultur. Etter han kom tilbake til København, fekk Heiberg åra 1825-27 oppført fire vaudevillar, med stor suksess. Seinare kom fleire romantiske stykke, særleg kjend vart Elverhøj frå 1828.

Frå 1827 gav Heiberg ut det estetiske tidsskriftet 'Københavns flyvende Post', eit skrift som øvde stor makt over samtidig dansk litteratur og kultur. Han kritiserte og arbeidde iherdig mot liberale idear og uttrykk, noko som mellom anna førte til at han på 1850-talet forkasta nokre av Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson sine stykke. Heiberg sitt mest personlege verk er Nye Digte frå 1840, eit arbeid som innheld både filosofiske dikt, ein romansyklus og ei komedie.

I 1831 gifta Heiberg seg med skodespelaren Johanne Luise Pätges, og frå 1849 var han i sju år sjef for Det kongelige Teater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]