Johan Møller Warmedal
| Johan Møller Warmedal | |||
| Fødd | 28. april 1914 Trondenes kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. august 1988 (74 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, lærar, kontorsjef | ||
| Alle verv |
| ||
Johan Jakob Møller Warmedal (28. april 1914–19. august 1988) var ein norsk lærar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold og for partiet Høgre i tida 1954–69.
Warmedal, som var frå Trondenes, tok lærareksamen i Tromsø i 1936. Dei to neste åra var han lærar i Skånland, deretter underviste han i to år i Tromsø. Frå 1941 hadde han lærarjobb i Nøtterøy i Vestfold.
Warmedal var medlem av heradsstyret i Nøtterøy frå 1945, varaordførar 1947–48 og ordførar 1948–53. Han var elles formann 1947–50 i Unge Høgre, og medlem 1950-70 i landsstyret i Høgre. Hausten 1953 vart han vald til å representere Vestfold fylke og Høgre på Stortinget, sidan attvald tre gongar. På Stortinget var han nestformann i Kommunalkomiteen frå 1954 til -61, deretter medlem i Finans- og tollkomiteen 1961- 65 og formann i Protokollkomiteen 1965-69. I den siste fireårsbolken var han også nestleiar i gruppestyret til Høgre.
Perioden 1970–71 var Warmedal forlagsredaktør i Hjemmet Forlag, og 1971–72 var han engasjert av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Åra 1972-77 fungerte Warmedal fungerte som kontorsjef i 'Hovudkomiteen for reformer i lokalforvaltninga'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1914
- Døde i 1988
- Stortingsrepresentantar for Vestfold
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Ordførarar i Nøtterøy
- Høgreordførarar i Vestfold
- Leiarar i Unge Høgre
- Folk frå Harstad
- Folk frå Nøtterøy