Johan Samuelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Samuelsen
Fødd29. april 1882
Førde
Død28. mai 1943
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar

Johan Samuelsen (29. april 188228. mai 1943) var ein norsk skomakar, fagforeinigsleiar og politikar for Det norske Arbeidarparti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Samuelsen var fødd og oppvoksen på garden Mula i dåverande Naustdal, i dag i Førde, som far hans åtte og dreiv. 15 år gammal reiste han til Bergen og var skomakarsvein i tre år. Han arbeidde som skomakar til 1918, sidan var han sekretær ved det lolale LO-kontoret. Frå 1920 til han døydde var han tilsett ved folkeregisteret i Bergen.

Etter å ha vorte fagforeingsmedlem i 1903 var han aktiv i fyrste rekke frå 1905. Perioden 1905-09 var han formann for foreininga til skotøyarbeidarane og deltok såleis på fleire landsmøte. Han var formann for Bergen Arbeidarparti 1911-13 og medlem av bystyret i Bergen 1910-19, 1922-25 og 1928-37.

Samuelsen representerte valkrinsen Kalfaret på stortinget 1913-15 og krinsen Nygaard i bolken 1916-18, i begge høva vald inn for Arbeidarpartiet. Ved splittinga av Arbeidarpartiet i 1921 braut han ut og vart med i det nye sosialdemokratiske arbeidarpartiet. Han var fyrstekandidat til Stortinget for sosialdemokratane i Bergen både i 1921 og 1924, men fekk begge gongane for få røyster til å verte vald. Derimot vart han stortingsrepresentant att då dei to partia gjekk saman i 1927. Gjennom stadige attval hadde han sete på Stortinget frå 1928 til han døydde i 1943.

Han var medlem av fleire statlege utval, så som luksusskattkommisjonen av 1917, arbeidarkommisjonen av 1918 og lønskommisjonen av 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]