Sturm und Drang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goethe i ungdomsåra. Goethe var ein av frontfigurane i Sturm und Drang-rørsla

Sturm und drang (ty. «Storm og lengsle») var ein periode i tysk litteratur i perioden om lag 1770-1785 kjenneteikna av ein reaksjon mot fornuftsdyrkinga og tradisjonalismen i opplysingstida og den franske klassisismen. Som ein motvekt til dette såg ein naturen og det naturlege, og kreativiteten til det skapande mennesket. Det store litterære førebiletet fann medlemane av rørsla i William Shakespeare, og den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau sine idear fekk varig innverknad på tankegodset deira. Rørsla varsla også ei fornya interesse for folkelege uttrykk, som vart rekna som meir ekte i samanlikning med den borgarlege danninga, som ein rekna for å vere falsk.

Sturm und Drang-rørsla nytta særleg dramaet for å påverke den borgarlege offentlegheita, men dyrka også natur- og kjærleikslyrikk, som ein til dømes kan sjå i den tidlege diktinga til Johann Wolfgang von Goethe. Goethe skreiv dessutan Den unge Werthers lidelser, som for ettertida har blitt ståande som det mest kjente verket frå perioden. Romanen representerer dei nye straumdraga i denne fasen av tysk litteratur, prega av eit opprør mot borgarlege normer og ei omfamning av lidenskaplege kjensler.

Namnet på rørsla kjem frå skodespelet Sturm und Drang av Friedrich Maximilian Klinger frå 1776. Mellom øvrige medlemar av gruppa kan ein nemne Friedrich Schiller, Jakob Michael Reinhold Lenz, Christian Friedrich Daniel Schubart, Maler Müller og Heinrich Leopold Wagner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Sturm_und_Drang» i Store norske leksikon, snl.no.

  • Sturm und Drang (1997). I Lothe, J., Refsum, C., & Solberg, U. Litteraturvitenskapelig leksikon (s. 242). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 825-73-06-37-1
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.