Johanna Klier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johanna Klier


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 13. september 1952 (71 år)
Artern
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, East German athletics championships 1978, East German Athletics Championships 1980, EM i friidrett 1978, EM i friidrett innendørs 1978

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Johanna Klier, fødd Johanna Schaller, (fødd 13. september 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Artern i Thüringen som tevla for Aust-Tyskland på 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1976 og europameister i 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Johanna Schaller vann gullmedaljen på 100 meter hekk under sommar-OL 1976 i Montreal. Med tida 12,77 slo ho sølvmedaljøren Tatjana Anisimova med eitt hundredels sekund og bronsekvinna Natalja Lebedeva med tre hundredels sekund.

Som Johanna Klier vann ho EM-gull på korthekken i Praha i 1978. Ho vart klokka inn på 12,62 sekundar, atter med Anisimova på sølvplass, då med 12,67. To år seinare kom Klier i mål til sølvmedalje på 12,63 sekundar under sommarleikane i Moskva, Vera Komisova frå Sovjetunionen vart olympiameister mde 12,56.

Ho vart austtysk meister på 100 meter hekk i 1976, 1977, 1978 og 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]