Hopp til innhald

Vera Komisova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Komisova
Verkeleg namnВера Яковлевна Комисова
StatsborgarskapSovjetunionen
Fødd11. juni 1953 (73 år)
St. Petersburg
Idrettfriidrett
Tok del i athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's 4 × 100 metres relay
Utmerkingar Hedret mester i idrett av Sovjetunionen

Vera Jakovlevna Komisova (fødd V.J. Nikitina, 11. juni 1953) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen og vart olympisk meister på 100 meter hekk i 1980.

Komisova vart sovjet-meister på 100 m hekk i 1979. Året etter vann ho den olympiske gullmedaljen i øvinga då dei olympiske sommarleikane 1980 fann stad i Moskva, framfor europameisteren Johanna Klier. Fire dagar etter gulløpet på hekken sprang Komisova den fyrste etappen for Sovjetunionen i 4 x 100 m stafett, ei tevling som enda med sølvmedalje for Komisova og lagveninnene, eit halvt sekund bak Aust-Tyskland. Den 5. august, berre åtte dagar etter OL-sigeren, sette Komisova personleg rekord på korthekken med tida 12,39 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]