Johannes Heftye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Heftye
JohannesThomassenHeftyeOB.Y5278.jpg
Johannes Heftye i eit måleri, fotografert av Anders Beer Wilse i 1919.
Fødd 17. oktober 1792
Schwanden i Glarus
Død

2. november 1856
Christiania

Yrke politikar, forretningsdrivande, bankier

Johannes Thomassen Heftye (24. oktober 17923. november 1856) var ein norsk bankier, forretningsmann og stortingsmann.

Heftye var fødd i Schwanden i Glarus i Sveits. Han var son til Cathrine Tschudi (1773–1807) og handelsmannen Thomas Johannessen Heftye (1767–1821/7), som innvandra til Noreg i 1794. Han var eldre bror til teolog, grosserar og filantrop Henrik Heftye (1804–1864).[1]

Saman med faren grunnla Heftye i 1818 verksemda Th. Joh. Heftye & Søn. Dette var eit bankierselskap, det vil seia at ein driv bankverksemd i eige namn.[2] Som faren (Ths. Joh.) sat han (Joh. Tho.) som medlem av Børs- og Handelskomitéen i 1824, 1830, 1835, 1836, 1841 og 1842. Han var òg komitéformann i 1831.[3]

Heftye var 4. representant for ChristianiaStortinget 1827 og omframstortinget 1828.[4] I 1827 var han permittert frå 26. juni då han skulle reise til Sveits. Han var i 1827 medlem av bankkomiteen, tollkomiteen og komiteen om kjøpstad på Oplandene, i 1828 medlem av komiteen om auke i setelmengda. Perioden 1837-48 var han medlem av bystyret i hovudstaden.

Heftye døydde i Christiania 1856. Han var far til bankmannen Thomas Johannessen Heftye og farfar til statsråd Thomas Heftye.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Henrik Heftye». Norsk biografisk leksikon. Henta 26. juni 2010. 
  2. Bankier i Store norske leksikon.
  3. Kristiania børs (1919). Kristiania børs 1819-1919: et tilbakeblik ved 100 aars jubilæet. Kristiania: Komiteen. 
  4. «Johannes Thomassen Heftye». Norwegian Social Science Data Services (NSD). Henta 27. desember 2014. 
  5. Bratberg, Terje (2007). «Heftye». I Henriksen, Petter. Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 27. desember 2014.