Johannes Hjelmstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Hjelmstad
Fødd 15. mars 1832
Død

6. desember 1910

Yrke politikar

Johannes Mikkelsen Hjelmstad (15. mars 18326. desember 1910) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ringsaker i Hedmark. Ole Evensen Hjelmstad var halvbror hans.

Hjelmstad var son til ein gardbrukar. I ungdomen gjekk han i privatskule hos Lars Jensen i heimbygda. 18 år gammal tok han over farsgarden, og dreiv denne i 50 år. Nesten heile tida mellom 1857 og 1900 var han medlem av heradsstyret, ordførar i fire år. Valmann frå 1868 til 1903, då ordninga vart oppheva. Forlikskommissær i ein del år, og sparebankdirektør. Medlem i representantskapen til Norges Bank.

Hjelmstad var 2. varamann til Stortinget frå Hedemarkens amt i periodane 1889-91 og 1892-94. Han møtte på tinget i 1890 frå 28. mai og 1891 frå 9. mars, samt eit par veker i mars 1894.

Han døydde på Hjelmstad i Ringsaker i 1910.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914