Ole Evensen Hjelmstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Evensen Hjelmstad
Fødd 31. desember 1825
Ringsaker
Død

1. oktober 1896
Tynset

Ole Evensen Hjelmstad (31. desember 18251. oktober 1896) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Ringsaker i Hedmark. Johannes Hjelmstad var halvbror hans.

Han overtok farsgarden Hjelmstad i 1847, med selde han tre år seinare til halvboren Johannes Hjelmstad. Sjølv overtok han då garden Mølstad i Nes i Hedmark av svigerfar sin, og budde der sidan. Han var i kring 40 år medlem av heradsstyret i Nes frå 1853, ordførar i over 25 år. Elles var han forlikskommissær og sparebankdirektør, samt medlem av tilsynskomiteen for Hamar-Tynsetbanen.

Hjelmstad representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1877 til 1885. I alle dei tre tingbolkane var han medlem av jarnbanekomiteen, frå 1880 til- 85 også medlem av Lagtinget. Under riksretten 1883-84 vart han utskoten av påklaga. Han melde seg inn i Stortingets Venstreforening då denne vart skipa.

Hjelmstad omkom i ei ulykke på jarnbanen på Tynset i 1896.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]