Lars Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Jensen
Fødd 10. juli 1784
Død

8. juli 1852

Yrke bonde, politikar

Lars Jensen (10. juli 17848. juli 1852) var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar og stortingsmann frå Biri i Oppland.

Lars Jensen var son til husmannsfolk på garden Melum i Biri. Sjølv gjekk han det nyopretta Asker seminar, der han vart den fyrste dimitterte. I 1818, allereie før han var dimittert frå seminaret, fekk han stillinga som kyrkjesongar og lærar i Ringsaker, kyrkjesongar var han heilt til han døydde. Jensen gifta seg til garden Tande i Ringsaker og dreiv denne nokre år, til dess han kjøpte garden Lilleringsaker og flytta dit.

Jensen representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1833 til 1845. På alle dei ordinære tingsamlingane var han medlem av kyrkjekomiteen, i 1845 av kyrkjekomite nr 1. Han var elles medlem av valkomiteen frå 1836 til 1845, og av kriminallovkomiteen i 1836 og på omframtstortinget 1836-37. Vidare var han i 1842 med i komiteen om embetsgardar og i 1845 av Lagtinget og fullmaktskomiteen.

Jensen døydde på garden sin i Ringsaker sommaren 1852.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]