John Boylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Boylan
Fødd21. mars 1941 (81 år)
FødestadNew York City i USA
FødenamnJohn Patrick Boylan II
OpphavUSA
SjangerRock
Tilknytte artistarKBC Band
Little River Band
Boston
The Charlie Daniels Band
Verka somPlateprodusent, låtskrivar
PrisarGrammy Award for Best Musical Album for Children

John Patrick Boylan II (fødd 21. mars 1941) er ein USA-amerikansk plateprodusent og låtskrivar.

I lag med broren Terence spelte han inn eit album som Appletree Theatre seint i 1960-åra.[1][2] Etter ein kort periode i gruppa Hamilton Streetcar, byrja Boylan å arbeide som produsent. og arbeidde med Ricky Nelson, The Association, The Dillards, Presenceog andre. Han var òg manager for Linda Ronstadt, og introduserte henne til ei då ukjend gruppe musikarar som akkompagnerte ho i 1971 og som seinare vart Eagles.[1]

Etter å ha arbeidd med Pure Prairie League og Commander Cody tidleg i 1970-åra, fekk han stor suksess som produsent for det første albumet til Boston. Selskapet til gruppa Epic Records løna han med å tilby han stillinga som visedirektør i selskapet, der han var i eit tiår.[1][3] I denne tida var han òg produsent for fleire andre artistar, som Charlie Daniels, Mickey Gilley og Little River Band. I 1986 slutta han for å skipe sitt eige selskap, Great Eastern Music. Eit av dei første prosjekta hans der var å produsere albumet The Simpsons Sing the Blues.[3]

Boylan nye lidenskap var å produsere barnemusikk, som resulterte i album av The Chipmunks og Muppets. I 1999 vann han Grammy-prisen for beste barnealbum med Elmopalooza

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Tom Kealey. «John Boylan : Biography». AllMusic. Henta 15. mai 2020. 
  2. «Terence Boylan Biography». Terenceboylan.com. Henta 15. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «John Boylan». Greateasternmusic.com. 24. februar 1999. Henta 15. mai 2020.