Boston av Boston
Boston Studioalbum av Boston | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 1976 | |
Innspelt | Oktober 1975 – april 1976 | |
Studio |
| |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 37:41 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | ||
Boston-kronologi | ||
---|---|---|
Boston | Don't Look Back (1978)
| |
Singlar frå Boston | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
PopMatters | [4] |
Boston er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Boston. Det vart produsert av Tom Scholz og John Boylan,[5] og kom ut 25. august 1976 i USA på Epic Records.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Scholz hadde tatt timar i klassisk piano i barndomen og var involvert i musikkmiljøet i Boston i slutten av 1960-åra. Han byrja så å konsentrere seg om demoinnspelingar i kjellaren sin med songaren Brad Delp, og sjølv om den førre gruppa deira, Mother's Milk, hadde fått mange avvisingsbrev frå store plateselskap tidleg i 1970-åra, hamna demolydbandet deira i 1975 i hendene til det CBS-eigde Epic Records, som gav dei kontrakt.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Epic ønskte at bandet skulle spele inn plata i Los Angeles med ein plateprodusent, men Scholz var motvillig og ville helle rat plata skulle spelast inn i kjellarstudioet hans, så han leigde Boylan til å kommunisere med selskapet. Scholz lurte selskapet til å tru at bandet spelte inn plata på vestkysten medan mesteparten i røynda vart spelt inn av Scholz i heimen hans i Massachusetts. Albumet er ei komplett gjenskaping av demolydbandet og inneheld songar som var skrivne fleire år tidlegare. Stilen på albumet, som ofte vert omtalt som «Boston-stilen», vart utvikla gjennom kjærleiken Scholz hadde til klassisk musikk, melodiske riff og gitartunge rockegrupper som The Kinks og The Yardbirds, i tillegg til ei rekkje analoge, elektroniske effektar utvikla av Scholz i heimestudioet sitt. Scholz grunnla sidan Scholz Research & Development, Inc. for å marknadsføre mange av nyskapingane han utvikla under innspelinga av albumet.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet kom ut på Epic i august 1976 og selde ekstremt godt. Det braut alle salsrekordar og vart det bestseljande debutalbumet i USA til då.[6] Singlane på albumet, særleg «More Than a Feeling» og «Long Time», vart begge AM og FM-hittar, og nesten heile albumet vart mykje spelt på classic rock-radio. Albumet er blitt omtalt som ein milepåle i 70-talsrock. Albumet har selt 17 millionar eksemplar i USA og 25 millionar verda over.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar av Tom Scholz, utanom der ander, er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «More Than a Feeling» | 4:46 |
2. | «Peace of Mind» | 5:02 |
3. | «Foreplay/Long Time» | 7:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «Rock & Roll Band» | 3:00 |
5. | «Smokin'» (Brad Delp, Scholz) | 4:20 |
6. | «Hitch a Ride» | 4:12 |
7. | «Something About You» | 3:48 |
8. | «Let Me Take You Home Tonight» (Brad Delp) | 4:44 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Boston
- Brad Delp – solo- og harmonivokal; akustisk gitar på «Let Me Take You Home Tonight»
- Tom Scholz – elektrisk gitar, sologitar utanom «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight» , akustisk gitar, clavinet, bassgitar, orgel, design, ommastering, notat i plateomslaget, produsent, lydteknikar
- Barry Goudreau – rytme- og sologitar på «Foreplay,» «Long Time» og «Let Me Take You Home Tonight»
- Fran Sheehan – bassgitar
- Sib Hashian – trommer utanom «Rock & Roll Band»
- Jim Masdea – trommer på «Rock & Roll Band»
Andre medverkande
- John Boylan – produsent
- Warren Dewey – lydteknikar
- Deni King – assisterande lydteknikar
- Bruce Hensel – assisterande lydteknikar
- Doug Ryder – assisterande lydteknikar
- Steve Hodge – mikseassistent
- Bill Ryan – ommastering
- Toby Mountain – ommastering
- Tom «Curly» Ruff – digital overføring
- Kim Hart – design
- Jeff Albertson – fotografi
- Ron Pownall – fotografi
- Gary Pihl – fotoredigering
- Roger Huyssen – illustrasjonar
- Gerard Huerta – bokstavering
- Joel Zimmerman – design på nyutgjeving
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Singlar
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[15] | Diamant | 1 000 000^ |
Storbritannia (BPI)[16] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[17] | 17× Platina | 17 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Boston (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Iyengar, Vik. Boston av Boston på Allmusic. Henta 12. mai 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. november 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ http://www.popmatters.com/review/boston-boston-dont-look-back/
- ↑ Boston (CD liner). Boston. Epic Records/Legacy Recordings. 2006 [1976]. s. 11. 69699 86322 2. Arkivert frå originalen 26. april 2017. Henta 12. mai 2020.
- ↑ http://www.ra17.com/kbh/info/beatlesriaa-2-htlm[daud lenkje].
- ↑ «RPM Top Albums». RPM 26 (11). 11. desember 1976. Arkivert frå originalen 9. mai 2017. Henta 12. mai 2020.
- ↑ «charts.de». Henta 1. juni 2013.
- ↑ «Boston – Boston» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 11. november 2012. Henta 12. mai 2020.
- ↑ «Boston – Boston». charts.nz. Henta 12. mai 2020.
- ↑ «Boston – Boston». swedishcharts.com. Henta 12. mai 2020.
- ↑ «Boston | Artist». Official Charts Company. Henta 18. februar 2013.
- ↑ Boston av Boston på Allmusic. Henta 12. mai 2020.
- ↑ 14,0 14,1 Boston av Boston på Allmusic. Henta 12. mai 2020.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Boston – Boston». Music Canada.
- ↑ «British album salstrofé – Boston – Boston». British Phonographic Industry. Enter Boston in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Boston – Boston». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH