John Henry Newman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Henry Newman

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 21. februar 1801
London
Død

11. august 1890 (89 år)
Edgbaston

Yrke teolog, lyrikar, anglikansk prest, katolsk prest, romanforfattar, universitetslærar, salmediktar, filosof, skribent
Medlem av Guild of Our Lady of Ransom
Religion Den romersk-katolske kyrkja, Den anglikanske kirke
Mor Jemima Fourdrinier
John Henry Newman på Commons

John Henry Newman (21. februar 180111. august 1890) var ein engelsk teolog, kardinal og salmediktar.

Newman var ein av leiarane i Oxfordrørsla, men konverterte til katolisismen i 1845. Som teolog la han stor vekt på den historiske utviklinga av kristentrua og det vekte mishag hos kyrkjeleiinga.

Dei samla skriftene til Newman omfattar 40 bind, og 21 000 brev etter han er bevart. Han er mest kjend for den sjølvbiografiske Apologia pro vita sua (1864).

22. januar 1991 utnemnde pave Johannes Paul II Newman til venerabilis («vørdnadsverd») som er det andre steget i kanoniseringsprosessen. Pave Benedikt XVI saligkåra han 19. september 2010.

Salmen «Leid, milde ljos»[1] er omsett frå «Lead, Kindly Light, amid the encircling gloom», som Newman skreiv i 1833.

Newman var bror til Francis William Newman.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Leid, milde ljos» ved aasentunet.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av John Henry Newman ved Wikisource.