Pave Johannes Paul II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Paul II
JPII 29-09-2004 portret.jpg
Paven i Vatikanet i september 2004.
Iohannes Paulus II
DåpsnamnKarol Józef Wojtyła
Fødd18. mai 1920
Wadowice i Polen
Død2. april 2005
Vatikanstaten
Vald16. oktober 1978
Innsett22. oktober 1978
Føregjengar:Johannes Paul I
Etterfylgjar:Benedikt XVI

Johannes Paul II (18. mai 19202. april 2005) vart den fyrste ikkje-italienske paven på 455 år. Pavetida hans vart den tredje lengste i historia, etter Pius IX og Sankt Peter, og han var pave i 26 og eit halvt år.

Johannes Paul II var ein svært aktiv pave som gjorde over hundre utanlandsreiser, og som til saman reist lenger enn alle dei andre pavane til saman. Han lærte seg mange språk, og helsa ofte dei store menneskemassane som samla seg for å sjå han på morsmålet deira. Han hadde òg mykje kontakt med representantar frå andre trussamfunn.

Pave Johannes Paul II lyste sæle og kanoniserte fleire personar enn nokon tidlegare pave. I oktober 2004 hadde han sællyst 1 340 menneske.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Fødenamnet hans er Karol Józef Wojtyła, og fødestaden er Wadowice i Polen. Etter ein vanskeleg oppvekst byrja han å interessera seg for teologi, og han vart prestevigd i 1946. Etter kvart blei han hjelpebiskop, og seinare erkebiskop, av Kraków.

Pavevalet[endre | endre wikiteksten]

Han blei vald til stillinga etter at Johannes Paul I berre hadde vore pave i 33 dagar. Wojtyla hadde sjølv tenkt å ta namnet Stanislas etter den polske nasjonalhelgenen Stanisław, men folket i Roma hadde allereie byrja å ønskja «Johannes Paul II», og den nye katolske leiaren bøygde seg for kravet. Etter at valet var annonsert, gjekk paven ut på balkongen på Peterskyrkja og helste folket. For første gong skjedde dette ikkje på latin, men på italiensk.

Som pave heldt han på valspråket han hadde teke ved bispeordinasjonen, Totus tuus, «Heilt din». Både valspråket og våpenet hans viser hengivinga hans til jomfru Maria: Våpenet har ein gul krossblå botn med ein M nede i det venstre hjørnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pave Johannes Paul II
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.