John Lundvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Lundvik

Fødd27. januar 1983 (41 år)
FødestadLondon
OpphavSverige
Aktiv2010–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

John Hassim Lundvik (fødd 27. januar 1983) er ein svensk songar, låtskrivar og tidlegare sprintløpar. Han var med på friidrettslaget til IFK Växjö. Lundvik har sidan etablert seg som musikar, og har skrive filmmusikk og songar for andre artistar. Han står òg bak «When You Tell the World You're Mine», som var den offisielle låten i bryllaupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling i 2010. I 2018 enda han på ein tredjeplass i Melodifestivalen med låten «My Turn», og i 2019 vann han Melodifestivalen med låten «Too Late for Love». Lundvik representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2019.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lundvik vart fødd i London, og éi veke gammal vart han adoptert av eit svensk par som budde i byen.[1] Han budde i England fram til han var seks år, då familien flytta til i Växjö i Sverige.[1] Han har aldri møtt dei biologiske foreldra sine.[1]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

Lundvik starta for alvor musikkarrieren som 27-åring, då han komponerte songen «When You Tell the World You're Mine» til bryllaupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling i 2010.[2] Lundvik skreiv sidan musikk for artistar som Anton Ewald, Isac Elliot og Sanna Nielsen, og han komponerte filmmusikk til filmen Snabba Cash.[3][4] Han har òg komponert musikk til tv-serien Empire.[5]

I 2016 opptredde Lundvik i Allsång på Skansen, der han framførte ein duett saman med Lill Lindfors.[6] Lundvik deltok i Melodifestivalen i 2018 med songen «My Turn». Der kvalifiserte han seg til finalen og enda til slutt på ein tredjeplass.[7][8]

I 2019 deltok han på ny i Melodifestivalen, då med songen «Too Late for Love». Han var ein av dei ti finalistane i finalen i Stockholm laurdag 9. mars, og han vann finalen.[9] Med sigeren vart Lundvik Sverige sin representant i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. Han deltok i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 med «Too Late for Love». I avrøystinga vart songen blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dermed til finalen laurdag 18. mai.[10] I finalen enda han som nummer 5 av 26.[11] Med seg som støttevokalistar hadde han gruppa The Mamas, som vann Melodifestivalen året etter.[12]

Lundvik var òg ein av komponistane bak det britiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019, «Bigger than Us», som vart framført av Michael Rice.[13] Lundvik har òg skrive to låtar til norske Melodi Grand Prix: «Little Bobbi» med United i 2012, og «On Hold» med gruppa Shackles i 2013.[14][15] Begge bidraga vart slått ut i delfinalane.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

Lundvik har ein karriere bak seg som friidrettsutøvar for IFK Växjö. I 2005 var han med på herrestafettlaget til IFK Växjö som fekk bronse under sverigemesterskapet same år.[16]

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Som hovudartist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste

listeplassering

Album
SVE[19]
«Friday Saturday Sunday» 2015 Ikkje frå album
«Love Your Body» 2016
«All About the Game sitt»
«With You» 2017
«My Turn» 2018 10
«Too Late for Love» 2019 1[20]

Som medvokalist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Album
«Open Your Eyes»

(MARC featuring John Lundvik)

2015 Ikkje frå album

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «John Lundvik blev bortadopterad: ”Som ett tomt ark”». 22. februar 2019. Henta 1. mars 2019. 
  2. Fransson, Marie (21. februar 2014). «"Galet om vi tar oss till final"» (på svensk). Smålandsposten. 
  3. Fransson, Marie (8. februar 2013). «Så låter John på söndag» (på svensk). Smålandsposten. 
  4. Gallagher, Robyn (28. november 2017). «Sweden: Meet the 28 acts competing in Melodifestivalen 2018». Wiwibloggs. 
  5. «Säsong 2 av “Empire” är tillbaka – svensk låtskrivare bidrar med musik till serien». Kingsizemag. Henta 1. mars 2019. 
  6. Albinsson, Mathilde (15. august 2016). «John Lundvik om allsångsmötet med Lill Lindfors: "För mig är Lill facit"» (på svensk). 
  7. «Melodifestivalen 2018: John Lundvik and Benjamin Ingrosso win Semi-Final 1 in Karlstad». 3. februar 2018. Henta 1. mars 2019. 
  8. «Sweden chooses Eurovision entry in Melodifestivalen finale». 10. mars 2018. Henta 1. mars 2019. 
  9. «Bishara and John Lundvik to the Swedish final!». Henta 1. mars 2019. 
  10. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  11. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  12. «Melodifestivalen 2020 – Finalen» (på svensk). 7. mars 2020. Henta 8. mars 2020. 
  13. TT (9. februar 2019). «John Lundvik till Eurovision som låtskrivare». Henta 21. februar 2019. 
  14. Hagen, Knut-Øyvind (20. desember 2011). «United» (på norsk bokmål). Henta 3. mars 2019. 
  15. «Ble ikke stemt videre i Melodi Grand Prix» (på norsk). 26. januar 2013. Henta 3. mars 2019. 
  16. «John Lundvik till final i Melodifestivalen – här är allt du behöver veta om honom». 3. februar 2018. Henta 24. okt 2023.  Arkivert kopiWayback Machine.
  17. 17,0 17,1 17,2 «Personsida på AllAthletics». all-athletics.com. Henta 12. desember 2016. 
  18. «Alla P19 under 7.00 på 60m inomhus» (på svensk). friidrott.se. 26. januar 2009. 
  19. Steffen Hung. «Discography John Lundvik». Henta 3. februar 2018. 
  20. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 9. mars 2019.