Melodi Grand Prix 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2012
Marte Stokstad og Per Sundnes.jpg
Dato
Delfinale 1 21. januar 2012
Delfinale 2 28. januar 2012
Delfinale 3 4. februar 2012
Finale 11. februar 2012
Vertskap
Delfinale 1 Ørland
Delfinale 2 Larvik
Delfinale 3 Florø
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Marte Stokstad og Per Sundnes
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 24 (10 i finalen)
Vinnar
Song «Stay»
Artist Tooji
Resultat i Eurovision Song Contest 2012
Semifinalepoeng 45
Semifinaleplass 10.
Finalepoeng 7
Finaleplass 26.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2011 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2013

Melodi Grand Prix 2012 var den 50. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 24 songar deltok i tre delfinalar, og av desse kom ti til finalen 11. februar 2012 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «Stay», framført av Tooji. Han har skrive låten saman med Peter Boström og Figge Boström. Tooji representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2012 i Baku, der han kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda han på ein 26. og siste plass med 7 poeng. Dette var Noregs ellevte sisteplass i tevlinga.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

Tevlinga bestod av tre delfinalar: første delfinale i Ørland 21. januar, andre delfinale Larvik 28. januar og tredje delfinale i Florø 4. februar. Dette året var det ikkje nokon Siste sjanse.

Også dette året heldt NRK ein open konkurranse, og rundt 800 bidrag kom inn. Det var ein auke på rundt hundre frå året før, og eit av dei høgaste tala på innsendte bidrag i Melodi Grand Prix-historia.[1] 24 av bidraga blei plukka ut til tevlinga, også det ny rekord. Det var åtte songar i kvar delfinale, og dei tre låtane med flest røyster, kvalifiserte seg direkte til finalen i Oslo Spektrum laurdag 11. februar. I tillegg valde ein jury ut nok eitt finalebidrag blant dei utslåtte delfinalistane, slik at det blei ti songar i finalen. NRK produserte også fleire program i tillegg, blant anna eit 40 minutts forprogram frå kvar delfinaleby.[2]

Den første delfinalen blei halden i Hangar E på Ørland hovudflystasjon på Brekstad, medan den andre delfinalen gjekk av stabelen i Arena Larvik laurdag 28. januar. Florø idrettssenter var vert for den tredje delfinalen, medan Oslo Spektrum nok ein gong husa finalen. Per Sundnes og Anne Rimmen var programleiarar for alle sendingar.

Artistane blei presenterte mellom 27. oktober 2011 og 16. desember 2011, medan låtane blei slopne samla 16. januar 2012. Blant artistane var det fleire kjende namn, blant anna Lise Karlsnes frå bandet Briskeby, Lisa Stokke, Nora Foss Al-Jabri, bandet Plumbo og rockegruppa The Carburetors. I tillegg deltok den amerikanske countrymusikaren Bobby Bare saman med Petter Øien.[3] Bobby Bare var 76 år då han deltok i tevlinga og er til no den eldste som nokon gong har deltatt i Melodi Grand Prix.[4] Benedicte Adrian gjorde òg Melodi Grand Prix-comeback som ein del av gruppa United. Ho vann finalen i 1984 med Dollie De Luxe og «Lenge leve livet».

Resultatet i finalen[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 11. februar 2012

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Stay» Tooji Tooji Keshtkar, Peter Boström og Figge Boström Gullfinale
2 «High on Love» Reidun Sæther Thomas G:son, Tommy Berre og Ovidou Jacobsen Uplassert
3 «Sailors» Lise Karlsnes Lise Karlsnes og Thomas Eriksen Lise Karlsnes Uplassert
4 «Ola Nordmann» Plumbo Lars Erik Blokkhus Glenn Hauger Gullfinale
5 «Crush» Malin Beyond51 Uplassert
6 «Somewhere Beautiful» Nora Foss Al-Jabri Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles Gullfinale
7 «Don't Touch the Flame» The Carburetors Christopher Lindahl og Stian Krogh Lindal og Per Gunnar Lund-Vang Uplassert
8 «Things Change» Petter Øien og Bobby Bare Bobby Bare Gullfinale
9 «Sammen» Yaseen og Julie Maria Sigve Bull og El Axel Uplassert
10 «Make It Better» Tommy Fredvang Tommy Fredvang, Hanne Sørvaag og Tommy Berre Uplassert

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
1 «Stay» Tooji Tooji Keshtkar, Peter Boström og Figge Boström 155 480 1
4 «Ola Nordmann» Plumbo Lars Erik Blokkhus Glenn Hauger 61 868 4
6 «Somewhere Beautiful» Nora Foss Al-Jabri Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles 90 046 2
8 «Things Change» Petter Øien og Bobby Bare Bobby Bare 79 685 3

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding mellom fagjuryar og telefonrøyster. Først røysta fagjuryane frå dei tre delfinalebyane, der kvar jury gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poengrøyster til dei fire gullfinalistane. Etter fagjuryane blei sjåarane sine telefon- og SMS-røyster presenterte. Røystene var delte i fem geografiske regionar ut frå kvar i landet røystene kom frå. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[5]

Nr. Tittel Ørland Larvik Florø Nord-Noreg Vest-Noreg Sør-Noreg Midt-Noreg Austlandet Totalt
1 «Stay» 6 000 6 000 6 000 3 425 21 146 26 474 32 114 54 321 155 480
4 «Ola Nordmann» 2 000 4 000 4 000 1 089 7 037 12 712 11 633 19 397 61 868
6 «Somewhere Beautiful» 8 000 8 000 8 000 1 381 9 776 12 615 14 581 27 693 90 046
8 «Things Change» 4 000 2 000 2 000 2 452 11 552 14 907 19 963 22 811 79 685

Delfinalane[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Hangar E, Ørland hovudflystasjon, Brekstad, laurdag 21. januar 2012

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Elevator» Irresistable med Carl Pritt Anne Judith Wik, Nermin Harambasic, Ronny Svendsen, Robin Jenssen Carl Pritt Uplassert Ute
2 «Så vidunderleg» Kim André Rysstad Elin Nygård Uplassert Ute
3 «High on Love» Reidun Sæther Thomas G:son, Tommy Berre og Ovidou Jacobsen 3 Finale
4 «You Break It, You Own It» Rudi Myntevik Rune Berg og Asbjørn Ribe Uplassert Ute
5 «With Love» Lisa Stokke Lisa Stokke, Johanna Demker, Anita Lixel og Tommy Berre Uplassert Ute
6 «Little Bobbi» United John Lundvik, Philip Halloun og Thomas Felberg Uplassert Ute
7 «Somewhere Beautiful» Nora Foss Al-Jabri Christian Ingebrigtsen og Eivind Rølles 1 Finale
8 «Don't Touch the Flame» The Carburetors Christopher Lindahl og Stian Krogh Lindal og Per Gunnar Lund-Vang 2 Finale

MGP Ørland – Akkurat nå! var eit 40 minutt langt program som blei sendt på NRK1, torsdag 19. januar 2012. Programleiar Jan Åge Fjørtoft hadde med seg Per Sundnes, Elisabeth Andreassen og Marianne Jemtegård bak scena i Hangar E på Ørland hovudflystasjon, der dei prata om tevlinga og den komande delfinalen.

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Arena Larvik i Larvik, laurdag 28. januar 2012

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Keeps on Dancing» Cocktail Slippers Cocktail Slippers Uplassert Ute
2 «I've Got You» Isabel Ødegård Thom Hell Isabel Ødegård og Hell Uplassert Ute
3 «Make It Better» Tommy Fredvang Tommy Fredvang, Hanne Sørvaag og Tommy Berre 2 Finale
4 «Another Heartache» Rikke Lie Rikke Lie, Maria Marcus og Niclas Lundin Uplassert Ute
5 «Crush» Malin Beyond51 3 Finale
6 «Ola Nordmann» Plumbo Lars Erik Blokkhus Glenn Hauger 1 Finale
7 «You And I» Minnie-Oh Monica Johansen Uplassert Ute
8 «Shapeshifter» Rikke Normann Silya Nymoen og Rikke Normann Uplassert Ute

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Florø idrettssenter, Florø, laurdag 4. februar 2012

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Stay» Tooji Tooji Keshtkar, Peter Boström og Figge Boström 2 Finale
2 «Si» Marthe Valle Marthe Valle, Bjarte Ludvigsen, Jens Kristian Rimau og Anders Bjelland Marte Valle Uplassert Ute
3 «Things Change» Petter Øien og Bobby Bare Bobby Bare 1 Finale
4 «Sammen» Yaseen og Julie Maria Sigve Bull og El Axel 3 Finale
5 «The Greatest Day» Håvard Lothe Band Håvard Lothe Uplassert Ute
6 «Euphoria» SiLyA Silya Nymoen Uplassert Ute
7 «Seemed Like a Good Idea» The Canoes Arne Hovda, Erik Norvald Røe, Christopher Barron Gross og Hans Petter Aaserud Uplassert Ute
8 «Sailors» Lise Karlsnes Lise Karlsnes og Thomas Eriksen Lise Karlsnes Uplassert Finale

The Canoes hadde sunge halve songen, forsvann lyden på grunn av ein teknisk lydfeil, og dei fekk syngje på nytt.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Plumbo fekk mest merksemd i samband med Melodi Grand Prix 2012.

På førehand var det populære bandet Plumbo storfavorittar til å vinne tevlinga med «Ola Nordmann», men bandet var på nippet til å bli diskvalifisert kort tid før trevlinga. Årsaka var at frontfigur Lars Erik Blokkhus kom med ein sleivete kommentar under Spellemannprisen 2011 eit par veker før. Plumbo blei tildelt prisen årets hit for songen «Møkkamann», og det var rapduoen Madcon som delte ut prisen. Under takketalen på scena kom Brekkhus med ein spøk som blei oppfatta som rasistisk, då Blokkhus spøkefullt omtala Madcon som «mokkamann».[6] Kommentaren vekte sterke reaksjonar i salen. Saka fekk mykje merksemd i media og på Twitter. Plumbo blei bua av scena, og seinare på kvelden helte Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra eit glass øl over hovudet på Plumbo-vokalisten. Mangaren til Madcon, Peter Peters sa at Madcon ikkje fekk med seg kva som blei sagt på scena, og at det var ein mediaskapt sak.[7][8]

På bakgrunn av kommentaren vurderte NRK å diskvalifisere Plumbo frå Melodi Grand Prix. Blokkhus og Plumbo la seg flate etter hendinga og avviste at kommentaren var meint rasistisk. Etter eit møte mellom gruppa, NRK og Dinamo som produserte delfinalane, fekk Plumbo likevel delta.[9] Gruppa vann delfinale 2 og enda til slutt på en 4. plass i finalen. «Ola Nordmann» låg også på VG-lista i sju veker med 4. plass som beste notering.[10] Vinnarlåten «Stay» nådde ein 2. plass på lista.[11]

Dette var 50. gong NRK arrangerte Melodi Grand Prix, men jubileet blei ikkje markert under sendingane. Dette kom delvis av at det var 51. gongen Noreg stilte med eit bidrag til Eurovision Song Contest. I 1991 avlyste nemleg NRK Melodi Grand Prix og valde «Mrs. Thompson» internt. NRK sjølv reknar Melodi Grand Prix 2012 for den 51. utgåva, sjølv om det ikkje var nokon Melodi Grand Prix i 1991.

Finalen og gullfinalen blei i snitt sett av 1 221 000 nordmenn, ned 74 000 frå året før.[12] Delfinalen i Ørland blei sett av 1 024 000 i snitt for begge delane. Delfinalen i Larvik hadde 958 000 sjåarar i snitt, medan Florø hadde 916 000 sjåarar.[13]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ighanian, Catherine Gonsholt (1. oktober 2011). «MGP-Sundnes: – Mange som vil redde Norges ære»VG Nett.
  2. Riise, Hege Bakken (25. oktober 2012). «MGP blir større enn noensinne»nrk.no.
  3. Hagen og Riise, Knut-Øyvind og Hege Bakken (20. desember 2011). «Disse konkurrerer i MGP 2012»nrk.no.
  4. Hagen, Knut-Øyvind (5. januar 2012). «Bobby Bare & Petter Øien»nrk.no.
  5. «Melodi Grand Prix 2012 – norsk finale (Gullfinale)». Norsk rikskringkasting. 11. februar 2012. Besøkt 14. august 2016.
  6. Plumbo legger seg langflate etter Spellemann-skandalenDrammens Tidende, 15. januar 2012
  7. Gjestad, Robert Hoftun (16. januar 2012). «La Plumbo bli hjemme»Aftenposten.no.
  8. Østbø, Stein (16. januar 2012). «Stein Østbø kommenterer: Vil vi ha Plumbo i «MGP»?»VG Nett.
  9. Trulsen, Riise og Lerøen, Ola Nymo, Hege Bakken og Mikal Olsen (16. januar 2012). «Plumbo får være med i MGP»nrk.no.
  10. «VG-lista for 'Ola Nordmann'». Verdens Gang. Besøkt 17. august 2016.
  11. «VG-lista for 'Stay'». Verdens Gang. Besøkt 17. august 2016.
  12. Jerijervi, Dag Robert (13. februar 2012). «Tooji på tv-toppen»Kampanje.
  13. Sæby, Inger-Marit Knap (6. februar 2012). «Rekordmange fulgte dem til topps»nrk.no.