John Mayne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Mayne
Fødd 1759
Død

1836 (77 år)

Yrke journalist, lyrikar, skribent

John Mayne (17591836) var ein skotsk forleggjar, journalist og diktar fødd i Dumfries. Verka hans påverka diktaren Robert Burns og blei beundra av Walter Scott.[1]

Mayn flytta med familien til Glasgow i 1782, der han lærte seg trykking, og slo seg ned i London i 1787. Her var han mellom anna eigar og medredaktør i avisa The Star.[2] Han trykte fleire av dikta sine i denne avisa, men også andre stader, som i Gentleman's Magazine.[2]

I 1780 blei diktet hans «The Siller Gun» trykt i si opphavlege form i Ruddiman's Magazine, som blei gjeve ut av Walter Ruddiman i Edinburgh.[1] Det er eit humoristisk dikt om ein gammal skikk i Dumfries om eit wapenshaw der ein tevla om å vinna eit kanonløp av sølv. Mayne skreiv også eit dikt om halloween, «Hallowe'en», i 1780. Dette påverka Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785.[3][4]

«Logan braes» frå 1789 inspirerte Burns til å skriva eit dikt med same namn, og ta med to linjer frå Mayne sitt verk. Han skal ha trudd at det var ein eldre folkesong.[2]

Mayne skreiv også diktet «Glasgow» i 1783, det patriotiske stykket «English, Scots, and Irishmen» i 1803,[2] og ein versjon av balladen «Helen of Kirkconnel»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Scottish Poetry of the Eighteenth Century By George Eyre-Todd s. 151. Taylor & Francis
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Mayne, John (1759–1836), poet | Oxford Dictionary of National Biography», www.oxforddnb.com (på engelsk), doi:10.1093/ref:odnb/9780198614128.001.0001/odnb-9780198614128-e-18442, henta 19. oktober 2019 
  3. Thomas Crawford,Burns: a study of the poems and songs Stanford University Press, 1960
  4. Robert Chambers The Life and Works of Robert Burns, Volume 1 Lippincott, Grambo & co., 1854

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av John Mayne ved Wikisource.