Halloween

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit halloweenkort frå 1904 viser ei jente med halloween-symbolet jack o'lantern og spegel til å spå om den framtidige ektemaken sin.

Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag eller helgemesse, som er den katolske minnefesten for helgenar og martyrar. Halloweenfeiringa bygger også på eldre, delvis heidenske skikkar, gjerne knytte til den keltiske høgtida samhain. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land. Ifølge engelsk tradisjon feirar ein halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, som helgemessa er lagt fast til. Helgemesse, og dermed kvelden før henne, er derimot ein bevegeleg heilagdag i den norske kyrkja.

Barn utkledd som skjelett, med veske til å samla godteri oppi, under halloween i Michigan i 1979.

Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween.

Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri. Helsinga i denne samanhengen er «Trick or treat», eit spørsmål som truger med at dei som blir bedne kan gjera ein gapstrek eller gi godteri. Også i britisk kultur har det vore tradisjon for å gå rundt og be om pengar eller mat ved ulike høgtider.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Utskorne grønsaklykter kjend som jack-o'-lantern er blitt eit kjend symbol på halloween. Som regel blir dei laga av oransje graskar. Skikken stammar truleg frå Irland, der ein kunne bruka nepe, kålrot eller fôrbete til å laga lykt.[1][2][3] Graskar var meir vanlege i USA, og dette blei etterkvart den dominerande skikken.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Oxford Companion to American Food and Drink. Oxford University Press. 2007. s. 269. Henta February 17, 2011. 
  2. Pumpkins Passions, October 31, 2005, http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/magazine/4385812.stm, henta October 19, 2006 
  3. Hutton, Ronald (1996). The Stations of the Sun: A History of the Ritual Year in Britain. Oxford University Press. s. 382–383. 
  4. Turnip battles with pumpkin for Hallowe'en, October 28, 2005, http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/northern_ireland/4383216.stm, henta September 23, 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Halloween