Kérkyra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Korfu)
Kérkyra
Lokalt namn Κέρκυρα
Den vesle øya Pontikonísi i bakgrunnen med klosteret Vlakhernón føre.
Den vesle øya Pontikonísi i bakgrunnen med klosteret Vlakhernón føre.
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 39°37′N 19°49′EKoordinatar: 39°37′N 19°49′E
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 580 km²

Høgaste punkt Pandokrátor (906 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Kérkyra
Største busetnad Kérkyra by (24 838 innb.)

Demografi
Folketal 102 071 (2011[1])
Folketettleik 167,1 /km²

Kérkyra eller Korfu (gresk Κέρκυρα, i antikken Κέρκυρα eller Κόρκυρα, italiensk Corfu (òg nytta på mange andre språk)) er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utanfor kysten av Ípiros og Albania, og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breitt sund.

Kérkyra, saman med dei tre småøyane Erikoússa, Mathráki og Othoní i nordvest, er frå 2019 delt inn i tre kommunar: Nord-Kérkyra, Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane og Sør-Kérkyra.[2] Dei høyrer administrativt til under periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, som òg omfattar periferieininga kommunen Paxí.[3]

Hovudbyen på øya og i periferieininga er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie, samanvoven med den greske historia heilt frå mytologisk tid.

Det greske namnet Kérkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytane skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho, som var ein vanleg handling for gudar på denne tida. Poseidon førte ho til øya, som enno ikkje hadde namn. Han tilbaud seg å kalla øya opp etter ho, og namnet utvikla seg etter kvart til Kérkyra. Saman fekk dei barnet Faiax, som innbyggjarane på øya skal ha vore kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius). Dette namnet har ikkje vore brukt sidan Homers tid.

Historia om øya er full av slag og erobringar, noko som har sett djupe spor i alle borgene og festningane på strategiske stader rundt om på øya. To av desse festningane ligg rundt byen. Det er den einaste byen i Hellas som er omgjeve av to festningar på denne måten, og den vert derfor offisielt kalla ein Kastrópoli (Festningsby) av den greske regjeringa.[4] I 2007 vart gamlebyen i Kérkyra by ein del av UNESCO si verdsarvliste.[5]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei tre kommunane vart danna i 2019 ved at ein delte opp den tidlegare kommunen Kérkyra.[2] ██ Nord-Kérkyra ██ Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane ██ Sør-Kérkyra

Den noverande kommunestrukturen kom til i 2019 gjennom ein revisjon av den store kommunereforma i 2011,[2] då ein hadde slått saman alle dei tidlegare kommunane på Kérkyra og dei diapontiske øyane i nordvest til ein kommune, med dei 15 tidlegare kommunane som kommunaleiningar.[3] Dei tre nye kommunane er:

og småøyane

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein del av gamlebyen sett ovanfrå
Kart over Kérkyra. Øyane rundt er Erikoúsa i nordvest, Othoní i vest-nordvest og Mathráki i vest på eine sida, og Paxí og Andípaxi på søraustsida. I nordaust (til høgre) ligg eit smalt sund mellom øya og den albanske kysten. Den grå linja på kartet viser grensa mellom Hellas og Albania.

Namnet Corfu er ein italiensk variant av det austromerske Κορυφώ (Koryfō), som tyder «byen ved toppane», som igjen kjem av det greske Κορυφαί (Koryfai), som tyder «fjelltopp» og som viser til dei to toppane som festningane står på rundt byen.[4] Øya er om lag 60 km lang og på det breiaste 30 km. Arealet er om lag 580 km². To høge fjellkjeder deler øya i tre område, der det nordlege er fjellkledd, det sentrale område meir bølgjande og det sørlege området er lågtliggande. Den viktigaste av dei to kjedene er Pandokrátor (Παντοκράτωρ) som strekkjer seg frå aust til vest mellom kappa Ájos Ángelos og Ájos Stéfanos, og er kalla opp etter den høgaste toppen i fjellkjeda. I den andre fjellkjeda er Áji Déka høgast. Heile øya består av forskjellige kalksteinsformasjonar. Ein har strender i Ájos Górdios, Koríssilagunen, Ájos Jeórjos, Marathiá, Kassiópi, Sidári, Róda, Paleokastrítsa og fleire andre stader. Kérkyra ligg nær forkastinga Kefaloniá og vert derfor stundom råka av jordskjelv.

Kyst og strender[endre | endre wikiteksten]

Kystlinja er om lag 217 km inkludert nes. Det høgaste punktet er Pantokrátor (906 m), og det nest høgaste er Stravoskiádi (849 m). Av nes og oddar finn ein Ajía Ekateríni og Drástis i nord, Levkímmi og Asprókavos i søraust og Megakhóro i sør. Midt i Gouviábukta ligg det ei øy, som strekkjer seg langs det meste av austkysten av øya. Øya vert kalla Vído eller Ptykhío.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Homer nemner sju planter på Kérkyra: villoliven, oljeoliven, pære, granateple, eple, fiken og druer. Av desse er i dag eple- og pæretre utbreidd på øya, i tillegg til kumquat, mispel og fikenkatus. Somme stader veks det òg bananer. Andre planter er myrt, jordbærtre, laubærtre og kristtorn.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Øya har igjen vorte ei viktig anløpshamn og har ein omfattande handel med olivenolje.

Rådhuset på Kérkyra

Gamlebyen[endre | endre wikiteksten]

Byen Kérkyra ligg på ein brei del av halvøya. Gamlebyen har vakse fram mellom festningsverka, der kvar einaste meter var verdifull, og består av ein labyrint av smale brusteinsgater. Desse gatene vert kalla «kantounia» (gresk: καντούνια) og mange av dei er for smale for køyretøy. Det ligg ein promenade ved sjøen mot Garítsabukta (Γαρίτσα), i tillegg til ein vakker esplanade mellom byen og festingen kalla «Listón» (gresk: Λιστόν) der ein finn restaurantar og kaféar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje dei lokale segnene var Korkyra (Κόρκυρα) den homerske øya Skheria (Σχερία), og dei første innbyggjarane var faiakarane (Φαίακες). På eit tidspunkt vart uansett øya kolonisert med folk frå Korint, men det ser ut til at folk frå Eretria busette seg her på eit tidlegare tidspunkt. Plasseringa til Kérkyra gjorde ho til eit glimrande utgangspunkt for handel mellom Hellas og resten av vesten, noko som førte til raskt vekst, kanskje påverka av andre innbyggjarar enn korintarar, som var ganske fiendtleg innstilt mot moderbyen. Tidleg på 600-talet oppstod dei første slaga mellom dei to flåtane, noko som var det første marine slaget i gresk historie (omkring 664 fvt.) Det heile enda med at den korintiske tyrannen Periandros (Περίανδρος) erobra øya. Øya fekk derimot snart tilbake sjølvstende sitt og gav seg fullstendig til handelsforhold. Under den persiske invasjonen i 480 fvt hadde Kérkyra den nest største greske flåten (60 skip), men tok ikkje aktivt delt i krigen. I 435 fvt. var øya igjen i konflikt med Korint og søkte assistanse hos Athen. Denne nye alliansen var ein av årsakene til den peloponnesiske krigen der Kérkyra vart nytta som marinebase av athenarane, men medverka lite med sin eigen flåte. Under felttoget mot Sicilia fungerte Kérkyra som forsyningsbase for athenarane. Athenarane prøvde fleire gongar å innføre oligarki på Kérkyra, slik at ho på den måten vart ein del av Athen, men mislukkast ved tre høve. Etter det tredje tilfellet trekte Kérkyra seg frå krigen mot sicilianarane. I 375 fvt. vart Kérkyra igjen med i ein athensk allianse, og to år seinare vart ho omleira av Sparta. Dei klarte derimot å holde ut fram til dei fekk hjelp utanfrå. I den hellenistiske perioden var Kérkyra utsett for åtak frå fleire sider.

I 303 fvt. etter ei omleiring av Kassander som ikkje førte fram, vart øya erobra ein kort periode av general Kleonymos frå Sparta, men fekk tilbake sjølvstende sitt før ho vart erobra på ny av Agathokles. Han gav Kérkyra som medgift til dotter si Lanassa då ho gifta seg med Pyrrhus, konge av Epiros. Øya vart så medlem av den epirotiske alliansen. Det var kanskje då at busetnaden Kassiope vart grunnlagd for å fungere som base for kongen av Epiros sine ekspedisjonar. Øya vart verande under epirotisk kontroll fram til 255 fvt.Alexander, den siste kongen av Epiros, døydde. Ho vart så teke av illyriske sjørøvarar og i 229 fvt. vart ho ein del av Den romerske republikken. Romarane gjorde Kérkyra til ein marinebase og gav ho status som fri stat. I 31 fvt. var ho base for keisar Augustus då han kjempa mot Marcus Antonius.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Nordsida av den gamle festninga om kvelden.

Nikopolis vart grunnlagd søraust for Kérkyra vart øya i lang tid uviktig. Då normannarane danna kongedømet på Sicilia og den italienske marinen vart styrkt, vart øya igjen utsett for fleire åtak. I 1081-1085 vart ho halde av Robert Guiscard, i 1147-1154 av Roger II av Sicilia. Då Austromarriket braut saman vart ho okkupert av genuesiske kaparar (1197-1207) som igjen vart drive bort venetianarane. I 1214-1259 gjekk ho til dei greske despotane av Epiros, og i 1267 til det napolitanske huset Anjou. Det svake styret til Anjou førte til at mange gjorde plyndringstokt på Kérkyra, og i 1386 vart dei verna av Venezia, som formelt tok over øya i 1401.

Tyrkarane[endre | endre wikiteksten]

Kérkyra vart verande under Venezia fram til 1797, men med omleiringar i 1537, 1571, 1573 og 1716 prøvde osmanarane å ta øya, men kvar gong heldt venetianske festningsverka stand. Dei sterke festningsverka rundt om på øya gjorde at osmanarane aldri klarte å ta øya, og Kérkyra vart derfor den siste frie greske bastion fram til Konstantinopels fall.

Tidleg kontakt[endre | endre wikiteksten]

Tyrkarane gjorde tidleg forsøk på å ta øya, første gong i 1431 då tyrkiske troppar under Ali Bey gjekk i land på øya. Dei prøvde å ta borga og plyndra dei omliggande områda, men vart driven bort.[6]

Omleiringa i 1537[endre | endre wikiteksten]

Dette var den første store omleiringa av tyrkarane. Ho starta 29. august 1537 då 25 000 soldatar frå den tyrkiske flåten gjekk i land, plyndra øya og tok 20 000 gislar som slavar. Trass i øydeleggingane av landsbygda heldt festningsverka stand og tyrkarane forlet øya på grunn av dårleg logistikk og ein epidemi som tynna ut troppen deira.[6]

Omleiringa i 1571[endre | endre wikiteksten]
Angelókastro på Kérkyra. Dette var austromerske festningsverk som motstod dei tyrkiske åtaka i 1571.

Trettifire år seinare i august 1571 returnerte tyrkarane i eit nytt forsøk på å erobre øya. Etter å ha erobra Parga og Mourtos på det greske fastlandet gjekk dei til åtak på Paxí med drap, plyndring og brann. Etter dette gjekk dei i land på søraustsida av Kérkyra og oppretta eit stor bruhovud frå sørenden av øya ved Lefkimi til Ipsos midt på den austlege sida av Kérkyra. Desse områda vart grundig plyndra og brend, men igjen stod byfestninga fast. Ein annan festning kalla Angelókastro (gresk: Αγγελόκαστρο), bygd av austromarane, heldt òg stand.

Desse tyrkiske nederlaga på aust- og vestsida av øya vart avgjerande og tyrkarane forlet igjen øya.

Omleiringa i 1573[endre | endre wikiteksten]

To år seinare prøvde tyrkarane seg igjen. Dei kom frå eit vellukka felttog i Afrika og gjekk i land på Kérkyra der dei igjen raserte landsbygda. Troppane deira var derimot ikkje kjend for sin disiplin, og etter eit mottåtak vart dei tvunge bort nok ein gong.[6]

Omleiringa i 1716[endre | endre wikiteksten]

Dette var den andre store omleiringa av Kérkyra og fann stad i 1716 under den siste tyrkisk-venetianske krigen. Etter å ha erobra Peloponnes i 1715 kom den osmanske flåten til Butrinto ovanfor Kérkyra. 8. juli segla den tyrkiske flåten med 33 000 soldatar til Kérkyra og oppretta eit bruhovud ved Ipsos.[6] Same dag møtte den venetianske flåten den tyrkiske i sundet utanfor Kérkyra og slo dei i det påfølgjande sjøslaget. 19. juli, etter å ha tatt nokre mindre festningsverk, nådde den osmanske hæren Kérkyra by og omleira han. Trass i fleire åtak og kraftige kampar klarte ikkje tyrkarane å slå seg gjennom festningsmurane og trekte seg tilbake etter 22 dagar.[4][6][7] Desse sigrane kom i stor grad av dei omfattande festningsverka. Dette var svært populær i Europa og Kérkyra vart sett på som ein bastion for den vestlege verda mot Det osmanske riket. I dag er derimot denne rolla stort sett ukjend eller ignorert.

Venetiansk politikk[endre | endre wikiteksten]

Dei venetianske føydalfamiliane dreiv ein mild, men noko enerverande politikk mot dei innfødde, som byrja å blande sin eigen nasjonalitet med den latinske og brukte det nye namnet Corfu. Innbyggjarane fekk lov å dyrke oliven, men fekk ikkje lov å drive handel i konkurranse med Venezia. Øya fungerte som tilhaldsstad for greske lærde og i 1732 vart det første akademiet i det moderne Hellas oppretta her.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Musikkpavillionen på Kérkyra med Palaia Anaktora i bakgrunnen.

Etter Campo Formio-traktaten vart Kérkyra avstått til Frankrike, som okkuperte øya i to år før dei vart drive bort av ein russisk-osmansk skvadron under Admiral Usjakov. Ei kort tid vart Kérkyra by hovudstad i den sjølvstyrte Republikken Dei joniske øyane under osmansk overhøgd. Etter Tilsittraktaten i 1807 vart regjeringa igjen erstatta med ein fransk administrasjon, og i 1809 vart ho omleira av ein britisk flåte, som hadde tatt alle dei andre joniske øyane. Etter Paristraktaten i 1815 vart Dei joniske øyane eit protektorat under Storbritannia som Dei sameinte joniske øyane og Kérkyra vart sete for ein britisk høgkommisær. Dei britiske høgkommisærane styrte strengt, noko som førte til materiell framgang, men misnøgde innbyggjarar. 29. mars 1864 signerte Storbritannia, Hellas, Frankrike og Russland Londontrakten, som gav Hellas suverenitet, og 28. mai same året vart Dei joniske øyane igjen greske.[6]

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Under den første verdskrigen vart øya ein tilfluktsstad for den serbiske hæren, som trekte seg tilbake her på allierte skip frå heimlandet som var okkupert av Austerrike og Bulgaria. Under opphaldet døydde ein stor del av dei serbiske soldatane av utmatting, matmangel og ymse sjukdommar. Dei fleste fekk ei sjøgrav nær øya Vído, ei lita øy utanfor hamna på Kérkyra. Eit minnesmerke er reist av det serbiske folket som takk for den greske hjelpa.[8]

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Italiensk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Maitlandmonumentet på Kérkyra

Under den andre verdskrigen bestod det tiande infanteriregimentet i den greske hæren stort sett av soldatar frå Kérkyra,[9] og fekk i oppgåve å forsvare Kérkyra. Regimentet tok del i Operasjon Latzides, som var eit heltemodig, men til slutt nyttelaust forsøk på å stoppe tyskarane.[9] Etter at Hellas overgav seg til Tyskland kom øya under italiensk kontroll og vart okkupert.[9] Den første søndagen i november 1941 gjorde studentar frå vidaregåande skular frå heile Kérkyra opprør, og var det første sporet til gresk motstandsrørsle i det okkuperte Hellas. Mange innbyggjarar flykta etter dette til Epiros og melde seg som partisanarar i ELAS og EDES for å hjelpe motstandsrørsla på fastlandet.[9]

Tysk okkupasjon og holocaust[endre | endre wikiteksten]

Etter den italienske fascismen sitt fall i 1943 tok nazistane kontroll over Hellas. 14. september 1943 vart Kérkyra bombardert av Luftwaffe, som nytta napalmliknande brannbomber. Desse øydela kyrkjer, heimar og heile bykvartal, særleg i den jødiske bydelen Evraiki, og mange viktige bygningar, som det joniske parlamentet, kommunetateret og andre.[9] Italienarane kapitulerte og øya kom under tysk okkupasjon. Kérkyra sin borgarmeister på denne tida, Kollas, var kjend for å samarbeide med tyskarane og innførte forskjellige antisemittiske lover.[10] Tidleg i juni 1944, medan allierte bomba Kérkyra som ei avleiing for Operasjon Overlord i Normandie, samla Gestapo saman jødane i byen og sperra dei inne i den gamle festninga (Palaio Frourio). 10. juni vart dei sende til Auschwitz der svært få overlevde.[10][11] Om lag 200 av totalt 1 900 klarte å rømme.[12] Mange av dei lokale innbyggjarane gøymde dei 200 jødane som kom seg unna nazistane.[13] Ein framtredane del av gamlebyen heiter framleis Evraiki (Εβραική, som tyder «det jødiske kvarteret»).

Frigjering[endre | endre wikiteksten]

Kérkyra vart frigjort av britiske troppar som gjekk i land på Kérkyra den 14. oktober 1944, medan tyskarane evakuerte frå øya. Kérkyra vart så ein stad for kvile og reparasjon for dei britiske styrkane mot slutten av krigen. Kérkyrasundet vart sveipa for miner i 1944 og 1945, men ingen vart funne. Eit stort minefelt vart derimot lagt der kort tid etter av det nye kommunistiske Albania.

Det moderne Kérkyra[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen vart øya bygd opp att og mange element frå den klassiske arkitekturen vart rekonstruert. Økonomien betra seg, men mange innbyggjarar forlet øya. Landsbyane fekk elektrisitet på 1950-talet. Det joniske universitet vart oppretta i 1984.

Kérkyra i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Det var på Kérkyra at Herkules, like før han la ut på sine ti oppgåver, låg med naiaden Melite og ho gav han sonen Hyllos, leiaren av Herakleidane.[14]

Kérkyra skal visstnok òg vere staden der argonautane fann tilflukt frå den hemnlystne Kolkhis-flåten etter at dei hadde tatt Det gylne skinnet.[6]

Ei anna kjend sjøsegn er Homer sin Odyssen. Kerkyra er øya til faiakarane der Odyssevsmøter Nausikaa, dottera til kongen Alkinoos.

Bukta Palaiokastritsa vert rekna som staden der Odyssevs gjekk i land og møtte Nausikaa for første gong.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Den kjende stranda ved Canal D'Amour i Sidari ein vindfull dag.

Korfiotane har ei lang historie som fiendtlege mot utanlandske innbyggjarar og vitjande. Noko italiensk kultur og matvanar er adoptert, noko ein særleg kan sjå i august då italienske ferierande kjem i store mengder. Nordaustkysten er hovudsakleg utvikla av eit par britiske ferieselskap. Nord- og austkysten har dei fleste feriestadande for pakketuristar, medan dei indre områda har relativt lite turisme.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klima Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Daglege soltimar (normal) 4 5 7 7 9 10 12 11 9 6 4 2
Maks. temperatur [°C] 14 15 16 19 23 28 31 32 28 23 19 16
Min. temperatur [°C] 13 13 14 15 18 22 23 24 23 21 17 14
Nedbør (mm) 13 11 9 7 5 2 1 1 5 9 12 15

Kjende personar frå Kérkyra[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Folketeljing 2011, revidert
  2. 2,0 2,1 2,2 Νόμος 4600/2019 - ΦΕΚ 43/Α/9-3-2019
    Lov 4600/2019: Endringar i Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 1. august 2023, henta 7. september 2023
     
  3. 3,0 3,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  4. 4,0 4,1 4,2 Offisiell nettside
  5. BBC-nyhende om UNESCO
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Kérkyra si historie, arkivert frå originalen 11. april 2009, henta 29. juli 2007 
  7. Kérkyra si historie frå corfuxenos.gr
  8. Serbarar på Kérkyra, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 29. juli 2007 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Historia om Kérkyra frå rådhuset på Kérkyra si nettside
  10. 10,0 10,1 United States Holocaust Memorial Museum Arkivert 2007-03-12 ved Wayback Machine. om jødeutryddinga på Kérkyra.
  11. Intervju av overlevande frå filmen Shoah
  12. Det jødiske formannskapet i Hellas si nettside, arkivert frå originalen 17. oktober 2007, henta 29. juli 2007 
  13. United States Holocaust Memorial Museum, arkivert frå originalen 12. mars 2007, henta 29. juli 2007 
  14. http://www.marvunapp.com/Appendix3/twelvelabors.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kérkyra
Reiseguide for Corfu frå Wikivoyage