Jollof-ris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jollof-ris
Jollof-ris (Ghana).

Jollof-ris er ein type risrett som er utbreidd over mesteparten av Vest-Afrika. Retten finst i ei rekkje ulike variantar og under fleire namn. Dei fleste typane inneheld ingrediensane ris, tomatar og tomatpuré, lauk, krydder som pepar, chilipepar, muskat, ingefær, spisskummen og og salt. Tomaten gjer at risen alltid har ein raudeg eller oransje farge.[1] Jollof-ris kan etast åleine som ein vegetarrett, som tilbehøyr til fisk eller kjøt, eller dette tilbehøyret kan vera del av sjølve retten.[2]

Namnet «jollof» viser til wolof-folk.[3][4] Retten er utbreidd i det som tidlegare var Jolof- eller Wolof-riket, og kan ha oppstått der. På wolof heiter han gjerne benachin, som tyder 'éi gryte'.

Ein lager jollof-ris ved å steika finhakka lauk, tomat, pepar og eventuelt andre smaksetjarar i palmeolje eller jordnøttolje. Deretter tilset ein buljong og kokar ris i blandinga. Andre ingrediensar ein kan bruka i retten er til dømes kvitlauk, erter, timian, tebuskblad, basilikum-typen partminger og karripulver. Nokre stader kan ein servera retten med steikt kokebanan og salat.

Matlaginstradisjonane i ulike land har ført til ei rekkje ulike variantar som folk utanfrå området rekner som ikkje-autentiske.

Nokre variantar er kjend under eigne namn og kan reknast som separate retter, som theibou dienn eller thieboudienne i Senegal og riz au gras eller riz gras i nokre franskspråklege område som Burkina Faso.

Jollof-ris har gjeve opphave til ulike matretter i Amerika, som jambalaya frå Louisiana eller Savannah red rice frå Georgia og Sør-Carolina.[5][6][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Davidson, Alan (11 August 2014). «Jollof rice». The Oxford Companion to Food. Oxford University Press. s. 434. ISBN 978-0-19-967733-7. 
  2. Ferruzza, Charles (October 1, 2013). «Esther's African Cuisine leaves the light on for you». The Pitch. http://www.pitch.com/kansascity/esthers-african-cuisine-lenexa/Content?oid=3974256. Henta 2013-10-08. «Meals are served with white rice or, for an upcharge, an extraordinary concoction of rice cooked with tomatoes, carrots, onions, peas and shredded chicken called Jealof rice. 'It's the Sunday dish in my country,' [Esther] Mulbah says. It's hearty and comforting, as a side or a full meal.» 
  3. Ayto, John (2012). «Jollof rice». The Diner's Dictionary: Word Origins of Food and Drink (2nd utg.). Oxford University Press. s. 188. ISBN 978-0199640249. 
  4. Osseo-Asare, Fran (1 January 2005). Food Culture in Sub-Saharan Africa. Greenwood Publishing Group. s. 33, 162. ISBN 978-0-313-32488-8. 
  5. Brasseaux, Ryan A.; Brasseaux, Carl A. (1 February 2014). «Jambalaya». I Edge, John T. The New Encyclopedia of Southern Culture: Volume 7: Foodways. University of North Carolina Press. s. 188. ISBN 978-1-4696-1652-0. 
  6. Anderson, E. N. (7 February 2014). Everyone Eats: Understanding Food and Culture, Second Edition. NYU Press. s. 106. ISBN 978-0-8147-8916-2.