Riz gras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riz gras med storfekjøt, frå Elfenbeinskysten.

Riz gras er ein kjøt- og risrett frå Burkina Faso og naboland som Guinea og Senegal.[1][2][3] I tillegg til ris og kjøt inneheld grønsaker som aubergine (goyo), gulrot, kål, kvitlauk, lauk, paprika og tomat, tomatkonsentrat, olje, salt og buljong. Smaksingrediensane blir først steikte og så kokt møre. Deretter tek ein dei ut og koker risen i krafta. Dei blir så servert dandert på risen.[1]

Riz gras er rekna som ein rikmannsrett med gode ingrediensar. Ein serverer gjerne retten ved festar i urbane delar av Burkino Faso.[1] Retten kan seiast å vera ei form for jollof-ris, ei gruppe rettar som er utbreidde i heile Vest-Afrika. Han kan førast tilbake til senegalesisk tiebou djen eller thieboudienne, men skil seg frå denne ved at ein som regel bruker kjøt og ikkje fisk i retten. Riz gras er også ein enklare rett.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Albala, K. (2011), Food Cultures of the World Encyclopedia [4 volumes]: [Four Volumes], ABC-CLIO, s. 28, ISBN 978-0-313-37627-6 
  2. Auzias, D.; Labourdette, J.P. (2013), Burkina-Faso 2014-2015 Petit Futé (avec cartes, photos + avis des lecteurs), Country Guides (på fransk), Petit Futé, s. 95, ISBN 978-2-7469-6947-6 
  3. Trillo, R. (2008), The Rough Guide to West Africa, Rough Guides, s. pt817, ISBN 978-1-4053-8070-6